Utgåve 2: Lengt

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. I ein serie tekstar som blir publiserte våren og seinsommaren 2024, utforskar bidragsytarane det å lengte. Lengt er ei drivkraft for å skape og endre, men kan også bryte ned og øydelegge. Kvifor lengtar menneska? Kva lengtar vi etter? Og kva gjer lengten for oss? Du finn også tekstar om forteljekunst.

AVTRYKK: På busstasjonen i vestlandsbygda Dale i Sunnfjord står skiltet «Piazza Dale» og minner oss på dei ofte usynlege rørslene i bygdene.
Essay

Livet på bygda er som abstrakt samtidsdans

Om gatene på Manhattan er scene for spontan fortausballett, er bygdelivet på Vestlandet ein samtidsdans der den utrente publikummar undrar for seg sjølv: «Har det begynt no?»

Samtalefilmen er ikkje noko nytt fenomen. Filmar som My Dinner with Andre og 12 Angry Men finn stad i ekte eller tilnærma ekte tid og få rom, men Sex er ikkje heilt på det nivået.
Melding

Mennesket i sin kvardagslege glans

I «Sex» lar Dag Johan Haugerud skodespelarane bere manuset, utan å gjere så mykje anna enn å prate saman. Det vekkjer spørsmålet: I kor stor grad handlar god film om å utnytte mediet sine moglegheiter?

Lengt var både ei drivkraft og ein hemsko for diktaren Jakob Sande.
Essay

Lang – lengt – livsløgn?

Eit språkleg blikk på kva dei ulike orda for lengt kan fortelje oss om å lengte.

Leiar

Lenge leve lengten

Lengten er ein streng frå menneska til tida. Du finn den i tidsskrifta.

Det er omtrent her eg begynner å flire.
Melding

Naud lærer naken mann å måle

Eg får ei kløande kjensle av at nokon blir latterleggjort, men eg veit ikkje om det er målarane eller meg.

I «Mesteren og Margarita» speler musikar Fredrik Saroea djevelen Woland med sjarm, eleganse og komikk.
Melding

Djevelen har landa i Bergen

Ein tilsynelatande vanleg vårdag får Moskva, og samstundes Bergen, besøk av djevelen og hans trufaste følgesveinar.

Intervju

Camara får ikkje jobba utan andre, og andre får ikkje jobba utan ho

Å skape er eit krinsløp for Camara Lundestad Joof. Ho jobbar strukturelt for at fleire forteljingar skal få sleppe til, og på den måten får også ho skape i fred.

Fribyforfattar Khaleda Froagh måtte flykte då Taliban toga inn i Kabul i 2021.  – Noko av håpet mitt ligg i språket og litteraturen som eg er ein del av, fortel ho.
Intervju

Jobbar med orda for å finne håp i håpløysa

Også i draumeverda vert Khaleda Froagh minna om dei bitre røynslene frå ein krigsherja nasjon.

Novelle

Sketsjen om herren Karina

"690 kroner?" ropte Karina inn i telefonen. "Ja, det var det eg betalte", svarte mannen i andre enden.

Heidi Hattestein har marsjert åleine frå Naustdal til Vevring, i protest mot gruvedumping i Førdefjorden. I dette personlege essayet reflekterer ho over lengselen etter å bli høyrt.
Essay

Viss ingen har høyrt meg rope «NEI!», har eg då protestert?

Eit personleg essay om å gå to mil og nesten ein kilometer i protest mot at Nordic Mining ASA får dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Scanografi av tekstilt restehjarte.
Poesi

Jeg drømmer vannet

Jeg drømmer vannets buldring over landmassene.

Statua av Lemanjá - havgudinna i candomblé-religionen - speidar i retning det afrikanske kontinentet ho kjem frå, med beina godt planta i Brasil.
Essay

Kva var vel språk utan lengt?

Den tyngste historia kan ha gjeve plass til eit av verdas mest løfterike ord.