Samtalefilmen er ikkje noko nytt fenomen. Filmar som My Dinner with Andre og 12 Angry Men finn stad i ekte eller tilnærma ekte tid og få rom, men Sex er ikkje heilt på det nivået.

Samtalefilmen er ikkje noko nytt fenomen. Filmar som My Dinner with Andre og 12 Angry Men finn stad i ekte eller tilnærma ekte tid og få rom, men Sex er ikkje heilt på det nivået. | Stillbilde frå filmen Sex av Dag Johan Haugerud. Foto: Athaus

Mennesket i sin kvardagslege glans

I «Sex» lar Dag Johan Haugerud skodespelarane bere manuset, utan å gjere så mykje anna enn å prate saman. Det vekkjer spørsmålet: I kor stor grad handlar god film om å utnytte mediet sine moglegheiter?

Av Jenny Lund
Jenny Lund. Filmmeldar, student og festivalarrangør ved Ravenheart International Film Festival. Frå Randaberg, bur i Oslo.


Publisert 16.08.2024
Sist oppdatert 10.09.2024

Dette er ei filmmelding. Teksten gir uttrykk for haldningane til skribenten.

Når ein høyrer om skilsmisser i engelsktalande land, er det ofte med utsegna «irreconcilable differences» – uforsonlege forskjellar, meiningar, moralar eller tenkjemåtar som er så langt frå kvarandre at ekteskapet ikkje taklar det.

At den eine parten i eit par har hatt sex med ein framand utan å sjå på det som utruskap kan verke som ein slik situasjon. Det er det ein av dei to hovudkarakterane, ein feiar og familiefar, i Dag Johan Haugerud sin nyaste film, Sex, har gjort. Kollegaen, på si side, klarer ikkje å sleppe ein underleg draum han har hatt om at David Bowie såg på han som ei kvinne. Kva enn det betyr. Filmen følgjer desse to og familiane deira medan dei navigerer forhold og identitet i kjølvatnet av desse hendingane.

«I eit to timar langt samlivsdrama venter ein seg kanskje nokre knuste glas og dramatiske avleveringar av skilsmissepapir.»

– Jenny Lund

Det som kjapt slår meg, er kor lite dramatisk sjølve handlinga i Sex er. I eit to timar langt samlivsdrama venter ein seg kanskje nokre knuste glas og dramatiske avleveringar av skilsmissepapir, men Haugerud interesserer seg ikkje for melodrama. Sex er i størst grad ein film om det som vert sagt. Hendingane som vert synt, er nesten banalt kvardagslege – flytting av møblar, legevisitt, bading i Akerselva. Ingenting tyder på at noko har hendt, utanom det faktum at ein får høyre om det. Samtalen er kjernen, og vil ein få noko ut av opplevinga, må ein lytte.

Samtalefilmen, som me kan kalle han, er ikkje noko nytt fenomen. Filmar som My Dinner with Andre og 12 Angry Men finn stad i ekte eller tilnærma ekte tid og få rom, men Sex er ikkje heilt på det nivået. Sjølv om mange scener er lange og kjennest som heile samtalar, beveger Haugerud seg ofte i tid og rom, og av og til heilt vekk frå karakterane også. Scener av byggeprosjekt og uteområde på Økern får ei nesten magisk stemning sett til Peder Kjellsby sitt musikalske lydspor, leikande og småmelankolsk om kvarandre. Eg er verkeleg svak for messingblåsarar, så det er eit stort personleg pluss.

Ei av dei unike evnene til filmmediet er å kunne formidle fleire verkelegheiter: Notid, fortid, draumar og fantasiar kan alle stillast fram med den same truverdet. Sex er i stor grad ein film både om det som har hendt og det som er drøymt, men Haugerud vel interessant nok å ikkje spele ut desse hendingane, anna enn i små klipp som ikkje visar til hovudinnholdet. 

«Det er denne kjensla av det menneskelege Haugerud fangar så fint, og som gjer Sex engasjerande sjølv om «ingenting skjer».»

– Jenny Lund

Den einaste forteljarsekvensen som syner dei faktiske hendingane i stadenfor å omtale dei, handlar om eit par som aldri dukkar opp i hovudhandlinga. Verken det seksuelle møtet mellom den eine feiaren og ein ukjend mann eller draumen til den andre vert skildra visuelt, og sjåaren havnar dermed ein liknande situasjon som karakterane i filmen. Me blir avhengige av samtalane for å danne bilete av kva dei to mennene går gjennom.

Fordi situasjonane er såpass ulike, ein av mennene risikerer å bryte opp familien sin medan den andre slit med si personlege identitetsforståing, skapar Haugerud ei fordeling der det aldri vært for tungt, men heller ikkje for tullete, når han skifter mellom dei to narrative trådane. Eit par replikkar her høyrest bisarre ute av kontekst, og sjølv om dei også er humoristiske i konteksten, er dei overraskande fine også. Det er denne kjensla av det menneskelege Haugerud fangar så fint, og som gjer Sex engasjerande sjølv om «ingenting skjer».

«Det er kanskje litt optimistisk tenkt, men eg hadde ikkje vore overraska om eg faktisk forlét kinosalen som eit litt meir sosialt reflektert menneske enn då eg gjekk inn.»

– Jenny Lund

Manuset får også god hjelp av det gjennomførte skodespelet, både frå hovudrolleinnehavarar Jan Gunnar Røise og Torbjørn Harr og frå dei ulike birollene. Dei lange takingane av samtalane der karakterane ikkje bevegar seg så mykje, lar sjåaren fange opp nyansane i kroppsspråket, som ofte seier like mykje som sjølve orda. Det er kanskje litt optimistisk tenkt, men eg hadde ikkje vore overraska om eg faktisk forlét kinosalen som eit litt meir sosialt reflektert menneske enn då eg gjekk inn. At eg i det heile tatt tenkjer på det som ei moglegheit, talar godt om filmen.

Å seie at Sex i hovudsak berre er scenar med folk som snakkar saman, er så klart å underselje arbeidet som har gått inn i desse scenane. Om ein allereie har sett filmen, kan eg anbefale å lese Dag Sødtholdt Montages sin analyse av filmen i Montages, der han tek eit djupdykk i korleis dei ulike elementa jobbar saman, blant anna gjennom nøye planlagde bilete.

Haugerud forlèt sjåaren utan å ha gitt klare svar, toppa av ein sluttsekvens som eg ikkje vil røpa, og han ikkje vil forklara. Det eg satt igjen med var likevel ei kjensle av at dette? Det kan gå bra, det også.

Med Sex visar Dag Johan Haugerud at det ikkje er nødvendig for ein film å bruke kvart reiskap i verktøykassa for å være ei engasjerande oppleving, så lenge arbeidet vert skikkeleg gjennomført. Det finst mange måtar å fortelje på, og når ein vel å halde seg på bakkeplan, har det si eiga gevinst. Då vert mennesket, i all sin kvardagslege glans, satt i sentrum. Så er det berre å høyre kva det har å seie.

Sex er den første i ein trilogi frittståande filmar av Haugerud. Er dei neste to like underfundige som denne, vil det vere mykje å både glede seg og gruble over.

«Sex»

Regissør: Dag Johan Haugerud

Manus: Dag Johan Haugerud

Produsent: Yngve Sæther og Hege Hauff Hvattum

Foto: Cecilie Semec

Sjanger: Drama

Lengde: 2 timar og 5 minutt

År: 2024

Vil du få varsel om nye saker i Tidsskriftet Jaja?

Skriv deg på e-postlista og få godt lesestoff i innboks.

Fleire saker
- Eg knuga draumen så hardt at knokane mine blei heilt kvite, skriv Katrine Sele.
Essay

Korleis halde ein draum

Draumane våre skremmer oss. Difor har vi ein tendens til å halde dei for hardt.

AVTRYKK: På busstasjonen i vestlandsbygda Dale i Sunnfjord står skiltet «Piazza Dale» og minner oss på dei ofte usynlege rørslene i bygdene.
Essay

Livet på bygda er som abstrakt samtidsdans

Om gatene på Manhattan er scene for spontan fortausballett, er bygdelivet på Vestlandet ein samtidsdans der den utrente publikummar undrar for seg sjølv: «Har det begynt no?»

Forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug har vore i residens i Jakob Sande-tunet.
Prosa

Ram-sa-sa

Teksten om tekstane eg tenkjer på når eg skal stri med tekst, men som eigentleg handlar om tida sitt grapsande og klanglause ram-sa-sa.