Om oss

Tidsskriftet Jaja

Tidsskriftet Jaja er eit norsk allmennkulturelt tidsskrift om og med skriftleg og munnleg forteljekunst. 

Tidsskriftet skal vere eit rom for å utforske kva ei forteljing er og kan vere, og bidra til fleire og meir allsidige forteljingar om kven vi er, med mål om å få fram nye forteljingar og røyster.

I Jaja anerkjenner vi at historier kjem frå ein stad. Vi skal fortelje historiene om bygda i byen og byen i bygda, og det som ligg imellom.

Tidsskriftet er redaksjonelt uavhengig og følgjer Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten. 

Tidsskriftet Jaja er medlem i Norsk tidsskriftforening.

Utgjevar er Jakob Sande – senter for forteljekunst.

Jaja er eit nettidsskrift, med mål om fire utgåver årleg.

Finansering

Jakob Sande – senter for forteljekunst eig og finansierer Tidsskriftet Jaja. 

Tidsskriftet er laga med støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler.

Redaksjonsrådet

Redaksjonsrådet bidreg til utviklinga av Jaja, og er eit rådgivande organ for redaktør. 

Medlemmer i redaksjonsrådet:

  • Siri Helle
  • Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim
  • Gunnstein Akselberg
  • Dubie Toa-Kwapong
  • Anette Remme
  • Heidi Hattestein
  • Marit Eikemo
  • Miriam Prestøy Lie

Bidragsytarar til første utgåve

Skribentar.

Elise R. Eikevik - korrektur og tekstarbeid.

Siri Ingvaldsen - korrektur og tekstarbeid.