Skribentar og illustratørar

Bidragsytarar

Hanne Husa Dale
Mangesyslar som teiknar, syr og fotograferer, gjerne oppå kvarandre. Frå Dale i Sunnfjord, bur i Bergen.

Mangesyslar som teiknar, syr og fotograferer, gjerne oppå kvarandre. Frå Dale i Sunnfjord, bur i Bergen.

Priya Bains
Poet og skribent. Frå Trondheim, bur i Oslo.

Priya Bains (f. 1995) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Forfatterskolen i København. Ho debuterte på Forlaget Oktober med diktsamlinga Med restene av mine hender i 2021, som ho blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for.

Dubie Toa-Kwapong
Stipendiat i sosialantropologi ved Duke University. Vaks opp i Flekke i Sunnfjord og Accra i Ghana. Bur i Durham i Nord-Karolina.
Ingrid Nedrebø
Musikar og kulturjournalist. Frå Straumsneset i Fjaler, bur i Trondheim.

Ingrid Nedrebø har studert musikkvitskap i Trondheim. Ho har vore musikkjournalist i studentradioen ved Studentersamfundet i Trondheim,  gått på NRK Nynorsk mediesenter og jobba i Firda og NRK.

Gunnstein Akselberg
Professor emeritus i nordisk språkvitskap. Er frå Voss, bur i Bergen.

Gunnstein Akselberg er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, og har ein doktorgrad i sosiolingvistikk. 

Han har jobba både med språklege og litterære tema, vore redaktør av fleire tidsskrift og bøker, og skrive bøker og artiklar om språklege og litterære emne. 

Akselberg var norsk leiar for det store dansk-norske prosjektet Ludvig Holbergs skrifter. Han er styremedlem i Jakob Sande-selskapet, og saman med Greta Hekneby og Arne Osland var han i mange år ansvarleg for Jakob Sande-seminaret og Jakob Sande-årbøkene. Administrativt har han mellom anna vore prodekan og dekan ved Det humanistiske fakultetet ved Universitet i Bergen. 

Runar Gudnason
Filmskapar, gjendiktar og rappar i gruppa Side Brok. Bur i Hovdebygda.

Runar Gudnason (f. 1972) frå Hovdebygda er filmskapar, gjendiktar og rappar i gruppa Side Brok.

Den fyrste kinofilmen hans, dokumentaren Eg har ord hadde premiere i mars 2023, og den seinaste gjendiktinga hans, musikalen Frost får premiere på Det Norske Teatret den 14. oktober 2023.

Arne Henning Årskaug
Forfattar og bibliotekar. Kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo.

Arne Henning Årskaug kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo. 

Siste utgjeving: Skap & sørg. Eksessar om gørra vi ber på (2022). Fekk tildelt Bokhandelens forfatterstipend i 2023.

Foto: Tove K. Breistein

Elisabeth Eide
Forfattar av sakprosa og fiksjon, journalist og professor emerita ved OsloMet – storbyuniversitetet.

Elisabeth Eide er forfattar av sakprosa og fiksjon, journalist og professor emerita ved OsloMet – storbyuniversitetet. 

Ho har aleine eller saman med andre gitt ut meir enn 30 bøker (av dei fire om klima og media, og dessutan ei rekke fagartiklar. Ho leiar det globale nettverket MediaClimate saman med ein finsk kollega, og er knytt til Journalism and Media International Center (JMIC) ved OsloMet.

Brynjulf Jung Tjønn
Forfattar og dramatikar. Frå Feios i Sogn og Fjordane, og busett i Oslo.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er frå Feios i Sogn og Fjordane, men busett i Oslo. Han er forfattar, dramatikar og leiar i Den norske Forfatterforening. Tjønn har tidlegare vunne Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er og P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige

For diktsamlinga Kvit, norsk mann blei tildelt både Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.

Foto: Maria Kleppe Vihovde/Cappelen Damm

Tora Hope
Redaktør i Tidsskriftet Jaja, utdanna journalist og samfunnsgeograf. Bur i Dale i Sunnfjord.
Katrine Sele
Forfattar. Bur i Jølster.

Katrine Sele (f. 1972) er forfattar og jobbar også med kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste to bøkene hennar var Jølster hotell, ein gruppebiografi om ni flyktningar som budde på hotellet då det var asylmottak, og Einars bok, biografien om ein gut frå Dale som blei fire og eit halvt år og ein dag gammal, og dei mange små og store opplevingane i livet hans. Begge er utgitt på Samlaget. Ho bur i Jølster.

Siri Helle
Skribent, forfattar, utdanna agronom og snikkarassistent. Bur i Holmedal i Sunnfjord.

Skribent, forfattar, utdanna agronom og jobbar som snikkarassistent. Bur i Holmedal i Sunnfjord.

Poet og forfattar Khaleda Froagh.
Khaleda Froagh
Poet og forfattar frå Kabul, Afghanistan. Bur på Nesodden.

Froagh har publisert 16 bøker og har arbeidd for Kabul University, Radio Afghanistan og er medlem av Afghansk PEN. Dikta hennar er omsette til mange ulike språk, og publiserte både i og utanfor Afghanistan.

Tormod Haugland
Forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet. Bur i Bøvågen.

Tormod Haugland er forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet. Han bur i Bøvågen.

Signe Wohlfeil
Illustratør
Rakeb Erana
Student, skribent og deltakar på kritikarseminar i Fjaler. Frå Sogn og bur i Bergen.

Rakeb Erana studerer fysikk ved Universitetet i Bergen. Ho deltok på Kritikarseminaret i Fjaler for nye stemmer om kunst og kultur i regi av Tidskriftet Jaja og Jakob Sande-senter for forteljekunst våren 2024. Rakeb er frå Sogn og bur i Bergen.

Fredrik Høstaker
Skodespelar og skrivande. Frå Førde og bur i Kristiansand og Oslo.
Heidi Hattestein
Skribent, forfattar og fotograf. Vaks opp på Atløy og har hatt heile verda som arbeidsplass. Bur no i Førde.