Kropp og forteljing (2/2026, trykt)

14. august 2026 kjem Tidsskriftet Jaja på papir igjen, med utgåva Kropp og forteljing (2/2026). Utgåva får du kjøpt på nett og i butikk hos Tekstallmenningen i Bergen og i Gamle skulehuset hos Jakob Sande - senter for forteljekunst i Fjaler. Lansering under Fest i Fjaler 14. august 2026 kl. 19:00. ISSN: 3084-1739 (trykt utg.)

Papirutgåve: Kropp og forteljing

«Fuck an app, I need me some IRL», syng Robyn. Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever.