Framsideillustrasjon av Fredrik Rysjedal.

Papirutgåve: Kropp og forteljing

«Fuck an app, I need me some IRL», syng Robyn. Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever.


Publisert 16.06.2026
Sist oppdatert 16.06.2026

OPE FOR FØREHANDSTINGING! LANSERING 14.08.26!

«Fuck an app, I need me some IRL», syng Robyn. Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever. Med kunstig intelligens kan ein rive tekstar laus frå kroppar, men uansett byrjar forteljinga om livet med kropp og slik sluttar ho òg, IRL.

I denne papirutgåva av Jaja handlar det om kropp og forteljingar.

Vi har forløyst eit kull av forteljingar knytte til det kroppslege: å føde, ete, drikke, puste, sove, arbeide, elske og døy, om å vere kropp, skiljast frå kropp og kjempe med kropp, og om kroppar i litteratur og forteljekunst.

For er det ikkje eit teikn i tida å vere både besett av kropp og framand for det kroppslege?

Vel møtt til lansering 14. august kl. 19.15 på Fest i Fjaler!

Teikn abonnement her og få utgåva i postkassen.

Bidragsytarar:

Kjartan Hatløy, Johanne Magnus, Aina Basso, Hilde Østby, Kristine Brusdal, Ingrid Thunem, Rakeb Erana, Marius Moldvær, Dubie Toa-Kwapong, Robin Van de Walle, Siri Helle, Agnetha Thormodsdatter, Janne Karin Støylen, Anders M. Gullestad, Ramona Sarăc, Rolf Losnegård, Marita Algrøy, Fredrik Vågenes, Katrine Sele, Åshild Kanstad Johnsen (ill.), Eva Meier (ill.), Fredrik Rysjedal (framside og ill.), Maria Astrup (design), Åsne Hagen og Siri Ingvaldsen (korrektur), Tora Hope (red.).

Om Jaja:

Jaja er kulturtidsskriftet frå bygda, om forteljekunst, forteljingar og språk. Utgivar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Du kan òg lese våre digitale utgåver gratis på tidsskriftetjaja.no.

Fleire saker