Lydbok- og manusforfattar Rolf Magne G. Andersen er førstemann ut i spalta "Skaparkraft".

Lydbok- og manusforfattar Rolf Magne G. Andersen er førstemann ut i spalta "Skaparkraft". | David Zadig.

Det siste Rolf laga var ei hypnosemaskin

Med over 30 lydhistorier, sju bøker og fleire manus bak seg, er det ikkje tvil om at Rolf Magne G. Andersen er ein produktiv forfattar. Likevel vil han heller ta ut av oppvaskmaskina enn å skrive ned forteljingane sine.

Av Tora Hope
Redaktør i Tidsskriftet Jaja, utdanna journalist og samfunnsgeograf. Bur i Dale i Sunnfjord.


Publisert 31.08.2023
Sist oppdatert 08.05.2024

Skaparkraft

Det er fort gjort å bli sitjande fast i ein evig idefase. I spalta “Skaparkraft” spør vi forteljekunstnarar om deira metode for å skape det dei drøymer om, vere seg ei bok, eit teaterstykke eller ein grønsakhage. E-postintervju.

Om Rolf Magne Golten Andersen

  • Lydbokskapar og manusforfattar
  • Forfattar av barnebokserien Kokosbananas.
  • Bakgrunn frå film, radio og tv.
  • Har skrive manus for ei rekke produksjonar, som Førstegangstjenesten, Magnus og P3morgen.
  • Frå Sotra, bur i Dale i Sunnfjord.

Kva var det siste du skapte?

Rolf: - Det var ei hynosemaskin til eit sommarshow med barnebokserien min Kokosbananas. Det var utruleg moro å lage ei av oppfinningane til barnebokfiguren min Kokosbananas på ekte. Å lage noko fysisk med hendene er ein svært tilfredstillande variasjon i ein arbeidskvardag som til vanleg består av å finne på forteljingar og skrive dei ned.

Å finne på forteljingar betyr for meg å gå rundt og gruble på dei i ein lengre periode, ofte i månadsvis. Og så, når alt er tenkt ut, handlar det om å halde seg sitjande framfor pc-en til heile historia er komen ned på papiret.

Denne siste biten, sjølve skrivinga, er ofte den vanskelegaste. Å setje seg ned og bli sitjande til alt er ferdig. For plutseleg er det så mykje anna som freistar. Sjølv det å tømme oppvaskmaskina og slå graset framstår som det mest morosame i verda når eit blankt dokument lyser mot meg. Då blir jobben å halde fokus og bli sitjande.

Hedigvis har det gått bra så langt, men det blir mykje grubling åleine. Så det er kanskje ikkje så rart at eg bestemte meg for å gjere endå fleire og større show med Kokosbananas. Slik får eg reise rundt og møte lesarar, og eg får brukt andre sider av meg sjølv. Som å lage ei hypnosemaskin på ein heilt vanleg onsdag.

«Om historiene mine kan bidra til å gi leselyst til barn så er det fantastisk.»

– Rolf Magne G. Andersen

Kva er du mest stolt over å ha skapt?

Rolf: - Det må vere barnebokfiguren Kokosbananas. Eg hadde aldri sett føre meg at denne ganske så tullete karakteren skulle bli ein del av lesestundene og bilturane til barn frå heile Noreg. 

Når eg møter ungar på Kokosbananas-høgtlesingar som aldri har vore på biblioteket før, og så ser dei rusle ut etter lesestunda med hendene fulle av forskjellige bøker - då blir eg stolt og rørt.

Om desse historiene mine kan bidra til å gi leselyst til barn, anten det er gjennom bøkene, lydbøkene eller høgtlesing, så er det fantastisk.

«Eg har alltid vore glad i å fortelje historier og lage litt show for andre. Litt sånn klassens klovn-syndrom,»

– Rolf Magne G. Andersen

Korleis vart Kokosbananas til?

Rolf: - Eg har alltid vore glad i å fortelje historier og lage litt show for andre. Litt sånn klassens klovn-syndrom, tippar eg. Difor endar eg ofte opp med å finne på historier, både til mine eigne og til vener sine born. Det var slik Kokosbanasas oppstod første gang. På middag hos eit venepar og barna deira.

Det var litt uroleg ved bordet, så eg tenkte eg skulle prøve å underhalde litt. Klassisk åtferd for klassens klovn. “Har de høyrt om Kokosbananas?”, sa eg. Det vart stille rundt bordet, så då måtte eg berre halde fram, og bygge karakteren ut frå namnet eigentleg. Han starta faktisk som ei blanding mellom ei kokosnøtt og ein ananas. Ein sprø og vilter type, utan særleg impulskontroll. Dei korte historiene slo an, så då fortalte eg vidare kvar gong eg var på besøk.

Då eg sjølv blei far, tok eg og familien min ei stor avgjersle: Vi flytta til Dale i Sunnfjord. Eg sa opp den faste jobben min i NRK, som eg hadde hatt i ti år, og reiste til Fjaler utan planar om kva eg skulle jobbe med.

Så fort første barn vart stort nok, fortsette eg på historiene om Kokosbananas. Då slo det meg at eg kanskje kunne bruke det eg hadde lært av åra i NRK Radio og lage mine eigne lydhistorier om denne kokosnøttananasen.

Om Kokosbananas

Forteljingane om Kokosbananas handlar om ein liten type som er halvt kokosnøtt, halvt banan og 100 prosent genial oppfinnar. Rolf Magne G. Andersen har laga 30 lydhistorier, sju bøker og eit teaterstykke om Kokosbananas.

«Frå då av bestemte eg meg for at han var kokosnøtt og banan.»

– Rolf Magne G. Andersen

Rolf: - Eg må innrømme at eg var nervøs då eg kontakta NRK Super og presenterte ideen, men samstundes var det som om eg hadde blitt modigare på eit vis av å seie opp jobben og flytte til Dale. Eg hugsar at eg tenkte: “Når eg kan klare å seie frå meg karrieren i NRK og flytte til ei bygd der eg berre kjenner kjærasten og familien hennar, utan ein jobb å gå til - då kan eg klare alt. Det verste som kan skje er at dei takkar nei”. Heldigvis sa NRK Super ja til dei tre første lydhistoriene om Kokosbananas.

Seinare fekk eg spørsmål frå nokre ungar som hadde høyrt på, om kvifor han heitte “Kokosbananas” når han var ei blanding av kokosnøtt og ananas. Då burde han jo heite “KokosANANAS”, meinte dei. Men det gjekk jo ikkje, for han heitte jo Kokosbanasas og var heilt kokosbananas. Frå då av bestemte eg meg for at han var kokosnøtt og banan.

Ein periode låg Kokosbananas på is, medan eg utvikla og spelte inn ein serie om to monster kalla “Billis og Bollos” for NRK. Heldigvis fekk eg moglegheita til å presentere ideen for Cappelen Damm lyd og Storytel. Då dei likte ideen min, fekk eg endeleg lage nye lydhistorier med kokosnøttbanana mi. I mellomtida hadde karakteren og universet rundt han vakse gjennom stadige forteljestunder med barna mine. Særleg på lange bilturar til besteforeldre i Bergen. Sidan den gong har Kokosbananas-universet berre vakse, og blitt til den gøyaste jobben i verda.

Fleire saker
Novelle

Sketsjen om herren Karina

"690 kroner?" ropte Karina inn i telefonen. "Ja, det var det eg betalte", svarte mannen i andre enden.

Essay

Det guddomlege forteljetalentet

I antikkens tid var talent ei mynteining - altså noko lite i lomma, som kan føre til store ting.

Intervju

Camara får ikkje jobba utan andre, og andre får ikkje jobba utan ho

Å skape er eit krinsløp for Camara Lundestad Joof. Ho jobbar strukturelt for at fleire forteljingar skal få sleppe til, og på den måten får også ho skape i fred.