Dikt i famling

Publisert 28.11.2024
Egodød ergo er eg
bank bank
kven der
eg
kven eg
ego
egokven?
egodød
egoblør
slik som ego bør
når eg innrømmer
at ego dør
ego klør
har fått meg egoslør
ta meg heimatt
egosjåfør
Sjølvhjelp på radioen
Du må vere glad i deg sjølv, seier dei på radioen. Du må elske deg sjølv, før du kan elske nokon andre. Sjølv synest eg det er så ekkelt, med all denne kjærleiken. Vil ikkje bade i mitt eige kliss og klass. Vil ikkje høyre på slik ein viss vass. Det blir så kleint. Kan du ikkje berre seie det til meg, då, at du elskar meg? Er det så nøye, då? Om det er du eller eg? Eg kjenner ein kar, han elskar seg sjølv. Han bur oppi hovudet mitt, men det er ikkje alltid han er heime. Eg må banke på av og til, eg synest det blir litt stille. Han er min ven, men samtidig ikkje. Ein arrogant jævel, ein kjekk ung mann. Om eg berre kunne elske meg sjølv som han.
Ukjent nummer
eg tek fram telefonen og slår inn nummeret mitt
hallo?
hei
du har nok ringt feil seier eg
men eg høyrer deg jo
seier eg stemma di er jo som mi
eg høyrer det jo
som eg høyrer tankane dine
dei sit der, mellom auga
ufokuserte
og snåle
eg kjenner
at tankane lever
eg føler
såklart føler eg
eg
eller er det du?
som sit der og stadig slår på tråden
hallo?
du har nok ringt feil

Camara får ikkje jobba utan andre, og andre får ikkje jobba utan ho
Å skape er eit krinsløp for Camara Lundestad Joof. Ho jobbar strukturelt for at fleire forteljingar skal få sleppe til, og på den måten får også ho skape i fred.
Kven trur du at du er?
Vi flyt i eit hav av forteljingar, og vår båt er lasta med uklare meldingar. Når vi les og lyttar, ser vi klarare.
Djevelen har landa i Bergen
Ein tilsynelatande vanleg vårdag får Moskva, og samstundes Bergen, besøk av djevelen og hans trufaste følgesveinar.


