Det forteljande dyret

Det er ikkje berre dei skjermopplyste andleta våre som skil oss frå andre dyr. Å fortelja gjer oss til menneske.

Av Gunnstein Akselberg
Professor emeritus i nordisk språkvitskap. Er frå Voss, bur i Bergen.


Publisert 31.08.2023
Sist oppdatert 05.09.2023
Denne fagartikkelen handlar om kva rolle forteljekunsten spelar i samfunnet og om dei vanlegaste bruksområda for omgrepet “forteljekunst”.

Me menneske erfarer liva våre gjennom å fortelja. Me skapar livsmeining ved å organisera eigne opplevingar i metaforar, forteljingar og diskursar. Kunsten å fortelja er såleis heilt avgjerande for oss.

Men kva er forteljekunst? Yrke, den faglege og praktiske bakgrunnen til den einskilde – det er mykje som kan påverka korleis ein forstår omgrepet.

Me kan studera forteljekunsten gjennom ulike perspektiv, ulike linser, som kastar ljos over ulike sider ved omgrepet:

  • Sosialt: Kva rolle spelar forteljekunsten for mennesket?
  • Språkleg: Kva ligg i ordet forteljekunst?
  • Historisk: Kva tradisjonar formar forteljekunsten?

  • Strukturelt: Kva er byggesteinane i forteljekunsten?

Me byrjar med det store spørsmålet: Kva rolle spelar forteljekunsten for mennesket?

Forteljekunst som eit menneskeleg instinkt

Ja, kvifor driv mennesket i det heile med forteljekunst?

Frå eit sosialt perspektiv kan ein forstå forteljekunst som eit fundamentalt menneskeleg instinkt, sentralt for å overleva som individ og samfunn. Ein kan gå så langt som å kalla forteljekunst ein uunnverleg menneskeleg aktivitet – om lag like viktig som å pusta.

«Evna til å fortelja er såleis ein naudsynt kompetanse, og ei viktig eksistensiell side ved menneska.»

– Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap

I boka The Storytelling Animal. How Stories Make Us Human, set forfattaren, Jonathan Gottschall, forteljekunsten inn i ei brei og overordna historisk og kulturell ramme med referansar til klassisk og moderne litteratur, film, teater, musikk, politikk og musikk – bygd på nyare forsking mellom anna innom nevrovitskap, psykologi og evolusjonsbiologi.

Den overordna tesen til Gottschall er at forteljekunsten hjelper oss med å navigera gjennom dei komplekse sosiale utfordringane i livet. Forteljekunsten har utvikla seg slik at den sikrar at mennesket overlever i ei kompleks verd. Me fortel av di me har trong til å formidla til andre kjensler, opplevingar og kunnskap.

Forteljekunst er limet i mennesket sitt sosiale liv.

Det er gjennom forteljingane at menneska samhandlar og overfører kunnskap. Det er gjennom forteljingane at menneska kjem nær kvarandre, lærer kvarandre å kjenna, knyter individuelle og kollektive band, lærer å etablera relasjonar, lærer å overføra praktisk og mental kunnskap, lærer å byggja små og store samfunn, lærer å samarbeida og å utvikla omsorg og lojalitet.

Evna til å fortelja er såleis ein naudsynt kompetanse, og ei viktig eksistensiell side ved menneska. Mennesket er difor blitt kalla for det forteljande dyret.

Kva språket kan fortelje oss om forteljekunst

Ja, ein kan altså hevda at forteljekunsten er limet i samfunnet. Inga lita rolle å spela.

Lat oss byta perspektiv, og sjå på kva språket kan fortelja oss om omgrepet “forteljekunst”.

Lingvistisk sett er forteljekunst sett saman av hovudlekken kunst, eit substantiv, og utmerkingslekken fortelja, eit verb.

«For oss er forteljekunst fyrst og fremst knytt til det semantiske innhaldet ‘evne’, ‘dugleik’ og ‘skaparevne’.»

– Gunnstein Akselberg

Utmerkingslekken presiserer hovudlekken. Førstelekken fortelja fortel oss altså kva for kunst det er snakk om, medan kunst fortel oss om kva som er det viktigaste ordet i samansetjinga.

I vår samanheng kan korkje kunst eller fortelja lausrivast og studerast isolert. Begge einskildorda er byggjesteinane i det samansette ordet, og difor må me sjå dei to orda i samanheng.

Då vert forteljekunst noko anna enn kunst isolert og noko anna enn fortelja isolert. Det samansette ordet forteljekunst har altså eit anna semantisk innhald, ei anna meining, enn dei to ordlekkane kvar for seg.

Omgrepet kunst er vidtfemnande og finst i ei mengd samansetjingar som talekunst, folkekunst, målarkunst, og ingeniørkunst. Opphavet til ordet kunst er knytt til verbet å kunna. Kunst har det semantiske innhaldet ‘evne’, ‘dugleik’ og ‘skaparevne’, noko som ein kan skaffa seg til dømes ved erfaring eller utdanning.

I denne samanhengen er forteljekunst evna til å fortelja og få tilhøyrarane til å lytta eller publikum til å sjå. Difor er forteljekunst i utgangspunktet ei kunstform.

Lausrive frå ordsamansetjingar vert kunst derimot ofte knytt til noko estetisk og som har ein viss kvalitet. I ein slik samanheng kan kunst verta nytta om eit konkret objekt eller noko som kan sansast og som vert vurdert etter visse estetiske normer.

I vår samanheng kan sjølvsagt omgrepet forteljekunst også omfatta dette semantiske aspektet, men for oss er forteljekunst fyrst og fremst knytt til det semantiske innhaldet ‘evne’, ‘dugleik’ og ‘skaparevne’.

Korleis ordbøkene definerer forteljekunst

Me går vidare til ordbøkene på jakt etter ein høveleg definisjon på forteljekunst.

Ifølgje Nynorskordboka er forteljekunst «kunsten å fortelje noko» og «måte noko er fortalt på». I Bokmålsordboka er fortellekunst definert sameleis: «kunsten å fortelle noe» og «måte noe er fortalt på». Fortellerkunst blir i Bokmålsordboka definert på same måten som fortellekunst.

I Det Norske Akademis ordbok (NAOB) finst ikkje oppslagsordet fortellekunst, men oppslagsordet fortellerkunst finst, og fortellerkunst er der definert som «kunsten å fortelle (en historie)» og «narrative teknikker».

«I mange av oss sit ei førestilling om ein «urforteljesituasjon», der meisterforteljaren sit ved båletfortel historier til dei som har benka seg rundt.»

– Gunnstein Akselberg

Desse skilnadane er interessante av di nynorskforma forteljekunst og bokmålsforma fortellekunst set handlinga i fokus, altså ‘det å fortelja’, medan bokmålsforma fortellerkunst set forteljaren i fokus. I Nynorskordboka finst det ikkje noko forteljarkunst som set forteljaren i fokus.

Kva historia fortel oss om forteljekunst

Språket fortel oss altså at forteljekunst er ei kunstform, som er knytt til evner, dugleik og skapartrang. Frå dei ulike språklege formene ser me at ein kan både setja “det å fortelja” og forteljaren sjølv i fokus.

Tek me på oss dei historiske brillene, kan me dukka djupare i omgrepet og kva det tyder.

Fyrst var forteljekunsten munnleg

I mange av oss sit ei førestilling om ein «urforteljesituasjon», der meisterforteljaren sit ved bålet eller grua og fortel historier til dei andre som har benka seg rundt.

Forteljekunsten og overføringa av forteljingar frå menneske til menneske, er opphavleg munnleg. Lenge før menneska hadde eit tenleg og velutvikla skriftspråk som kommunikasjonsmiddel, var all forteljing munnlege tekstar.

Også i dag er det den munnlege forteljinga som dominerer når me møter kvarandre. Munnlege forteljingar kan vera institusjonaliserte som «rorbuskrønene» som vart fortalde i Trømsø og sende via NRK, eller forteljingane som vert presenterte i program som «Lindmo». Og kvar einaste dag høyrer me no munnlege forteljingar frå krigen i Ukraina, sett frå ukrainsk eller russisk side, frå Jonas Gahr Støre, frå Erna Solberg eller frå NRK og BBC.

Så utvikla den skriftlege forteljekunsten seg

Etter kvart som skriftspråket utvikla seg og me fekk fleire og fleire skriveføre, utvikla me skriftlege forteljingar. Me skal nokså langt fram i mennesket si historie før det finst noko omfattande skriftleg forteljemateriale.

Mykje av den tidlege skriftlege forteljekunsten finn me mellom anna i gamle tekstar frå Egypt og Mesopotamia, skrivne med hieroglyfar og med kileskrift.

«Det meste av sakprosaen, altså tekstar som ikkje er fiksjon eller fri dikting, er også sett saman av forteljingar.»

– Gunnstein Akselberg

Og held me oss til den vestlege verda, kjem nokre av dei fyrste skriftlege greske forteljetekstane og dei gamaltestamentlege forteljetekstane – etter kvart i noko større omfang – i hundreåra før Kristi fødsel. Etter kvart kom òg dei romersk-latinske tekstane.

Mange av dei store skjønnlitterære forfattarane har vore og er store forteljarar. I skjønnlitterære klassikarar som Odysseen og Iliaden finst det mengder av forteljingar som er kopla saman, og sameleis i dei islandske ættesogene, i Heimskringla av Snorre og i bøkene til Karl Ove Knausgård. Det finst forteljingar i alle skjønnlitterære sjangrar, som romanar, noveller, dikt og skodespel.

Det meste av sakprosaen, altså tekstar som ikkje er fiksjon eller fri dikting, er også sett saman av forteljingar. Av og til kan det jamvel vera vanskeleg å skilja mellom skjønnlitteratur og sakprosa, slik sjangeren essay kan vera eit døme på.

Og tenk berre på forteljingane som ligg i sakprosasjangrar som me vert bombarderte med dagleg, som reklame og nyhendeoppdateringar.

Skilnaden på den skrivande og den snakkande forteljekunstaren

Forteljekunst finn me altså både i munnlege og skriftlege versjonar. Kvar av desse har sine særtrekk, som påverkar i kva grad me opplever det me har føre oss som forteljekunst.

I munnleg forteljekunst vil talespråket til forteljaren farga forteljinga. Ei munnleg forteljing får ein heilt annan karakter når den vert fortald på dialekt eller sosiolekt, enn om den vert fortald med eit talemål som ligg nær opp til skriftleg nynorsk og bokmål. 

Svært ofte bryt også munnlege tekstar språkleg med den skriftlege grammatikken, til dømes ved at substantiv og verb vert bøygde ‘feil’ og ved at setningane er ufullstendige, ved at dei kan mangla subjekt eller verbal, eller begge delar.

«Som litterær sjanger har forteljinga visse kjenneteikn.»

– Gunnstein Akselberg

Dette gjer at det kan verta meir liv og flyt i munnlege tekstar i høve til dei skriftspråklege, som stundom kan verta stive og formelle.

I skriftspråklege forteljingar er det ikkje råd å få fram dei same munnlegspråklege nyansane som i talespråket. Men den som skriv gode og levande skriftspråklege tekstar, står ofte godt planta på ei talespråkleg plattform. Den gode skriftspråklege forteljaren får ofte godt fram den levande dynamikken i talespråket.

Strukturen i forteljekunst

På vår jakt etter å definera forteljekunst må me ikkje berre sjå på det semantiske innhaldet i omgrepet eller kva rolle forteljekunsten spelar i samfunnet.

Me må også sjå heilt konkret på kva ei forteljing er: Kva byggesteinar består forteljinga av?

Som litterær sjanger har forteljinga visse kjenneteikn. Mange av desse er arketypar som kan finnast att i dei aller eldste forteljingane.

Døme på slike kjenneteikn er at det finst ein protagonist, ein hovudperson, som arbeider for, kjempar for eller representerer ei sak, og ein antagonist, ein motpart eller motstandar.

«Det narrative kan ein også sjå på som ein metafor.»

– Gunnstein Akselberg

Drivkrafta i forteljinga er eit ynskje om å oppnå noko med utgangspunkt i ei særleg hending eller eit fråvær av noko, som ofte fører til ei reise med ei påfølgjande krise og som etter kvart når eit klimaks, og som til slutt endar i ei løysing av ei eller anna art:

Altså kan dei klassiske arketypiske byggjesteinane vera: ein protagonist, ein antagonist, ei særleg hending, fråvær av noko, ei reise, ei krise, eit klimaks og ei løysing.

Forteljingar lagar meining og struktur

Eit særtrekk ved forteljande tekstar er at dei er narrative. Ordet narrativ er avleia av det latinske ordet narrare som tyder å ‘gjera noko kjent’ eller rett fram ‘å fortelja’.

Eit narrativ er ein logisk struktur for å formidla ei historie, der kvar hending i eit narrativ står i eit direkte påverknadstilhøve til den førre hendinga gjennom handlingssekvensar.

Det narrative kan ein også sjå på som ein metafor. Den skildrar at me menneske opplever og erfarer liva våre gjennom dei historiene som me og andre fortel om oss og andre, og som me oppfattar som røyndom.

«Når me set saman bestemte hendingar og handlingar frå livet i ein kjede av årsaker og verknader, då skapar me meining og identitet.»

– Gunnstein Akselberg

Mennesket skapar livsmeining ved å organisera eigne opplevingar i metaforar, forteljingar og diskursar. Liva våre er sette saman av ei mengd hendingar og situasjonar, og nokre av desse hendingane og situasjonane gjev me stor merksemd av di dei har vore viktige i livslaupa våre.

Når me set saman bestemte hendingar og handlingar frå livet i ein kjede av årsaker og verknader, då skapar me meining og identitet.

Ei stutt oppsummering om forteljekunsten

Heilt frå me sat ved leirbålet har me altså lytta til forteljarane.

Forteljekunst er eit fagovergripande fagområde som tradisjonelt har vore knytt til litteraturfaget og til språkbruksanalysen, ofte med fokus på forteljinga som sjanger. Men forteljekunst er ein sentral del i alle fag og alle yrke. Me finn forteljekunst i alle samfunnssektorar og samfunnslag, og som ein vital del av dei fleste menneskelege aktivitetar og relasjonar.

Å definera og avgrensa eit så vidt omgrep er ei stor oppgåve, og ulike perspektiv gir oss ulike svar, slik det sosiale, språklege, historiske og strukturelle har gjort i denne artikkelen.

I ljos av den rolla forteljekunsten spelar for mennesket, som limet i samfunnet, er det liten tvil om dette:

Større kunnskap om forteljetradisjonen, vil gje oss større forståing av kven me er og korleis me fungerer saman.

Meir om forteljekunst

For den som vil gjera seg kjend med forteljekunsten, finst ei stor mengd litteratur. I lista under kan du finna nokre gode kjelder å starta med. Noko av denne litteraturen er teoretisk og metodisk orientert, men noko av den er populær og meir allment tilgjengeleg.

Ein god stad å byrja er The Storytelling Animal. How Stories Make Us Human og Into The Woods: How Stories Work and Why We Tell Them. Desse bøkene er både informative og inspirerande, og dei set forteljinga inn i eit større forteljande, litterært, sosialt, psykologisk og kommunikativt perspektiv.

Litteraturliste

  • Boyd, Brian 2010: On the Origin of Stories: Evolution, Cognition, and Fiction. Cambridge. Massachussets/London, England: Harvard University Press.
  • Cron, Lisa 2012: Wired for Story: The Writer's Guide to Using Brain Science to Hook Readers from the Very First Sentence. New York: Random House.
  • Genette, Gérard 2010: Die Erzälung. 3. und korrigierte Auflage. Paderborn: Wilhelm Finck.
  • Gottschall, Jonathan 2013: The Storytelling Animal. How Stories Make Us Human. Boston/New York: Mariner Books.
  • Lahn, Silke 2016: Einführung in die Erzähltextanalyse. Dritte aktualisierte und erweiterte Auflage. Stuttgart: J.B. Metzler Verlag.
  • Marínes, Matias og Michael Scheffel 2020: Einführung in die Erzähltheorie. 11. überarbeitete und aktualisierte Edition. München: C.H. Beck.
  • Schmid, Wolf 2010: Narratology: An Introduction. Berlin/New York: Walter de Gruyter.
  • Stanzel, Franz K. 1995: Theorie des Erzählens. 6. unveränderte Auflage. Göttingen: Vandenhoeck & Ruprecht.
  • Yorke, John 2014: Into The Woods: How Stories Work and Why We Tell Them. London: Penguin Books.
Fleire saker
Poet og forfattar Khaleda Froagh.
Poesi

Jeg drømte underlige drømmer

Poet og forfattar Khaleda Froagh er frå Kabul, og bur no på Nesodden. Her kan du høyre og lese diktet "Jeg drømte underlige drømmer", som ho skreiv i Noreg i 2023.

Forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug har vore i residens i Jakob Sande-tunet.
Prosa

Ram-sa-sa

Teksten om tekstane eg tenkjer på når eg skal stri med tekst, men som eigentleg handlar om tida sitt grapsande og klanglause ram-sa-sa.

Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023.
Intervju

Mor til Ragnar var ein fantastisk forteljar

Forteljinga som rørte Ragnar Hovland finst ikkje. Men forteljingane gjer.