Professor emeritus i nordisk språkvitskap. Er frå Voss, bur i Bergen.

Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, og har ein doktorgrad i sosiolingvistikk. 

Han har jobba både med språklege og litterære tema, vore redaktør av fleire tidsskrift og bøker, og skrive bøker og artiklar om språklege og litterære emne. 

Akselberg var norsk leiar for det store dansk-norske prosjektet Ludvig Holbergs skrifter. Han er styremedlem i Jakob Sande-selskapet, og saman med Greta Hekneby og Arne Osland var han i mange år ansvarleg for Jakob Sande-seminaret og Jakob Sande-årbøkene. Administrativt har han mellom anna vore prodekan og dekan ved Det humanistiske fakultetet ved Universitet i Bergen. 

UiB

Saker av Gunnstein Akselberg
Essay

Det forteljande dyret

Det er ikkje berre dei skjermopplyste andleta våre som skil oss frå andre dyr. Å fortelja gjer oss til menneske.

Trump-administrasjonen vil styrke medium, forskarar og andre som fremjar ein konservativ agenda i Europa med mange millionar kroner. Forteljingar har spela ei viktig politisk rolle langt attende i menneska si historie. seier professor emeritus i språkvitskap Gunnstein Akselberg.
Lydforteljing

Lygesoger frå den ovale forteljescena

Donald J. Trump konstruerer lygesoger om Grønland etter kvart som han treng dei, seier Gunnstein Akselberg i dette lydessayet, smidd etter dialogen mellom far og son i «Kongsspegelen».

Lengt var både ei drivkraft og ein hemsko for diktaren Jakob Sande.
Essay

Lang – lengt – livsløgn?

Eit språkleg blikk på kva dei ulike orda for lengt kan fortelje oss om å lengte.