Lengt var både ei drivkraft og ein hemsko for diktaren Jakob Sande.

Lengt var både ei drivkraft og ein hemsko for diktaren Jakob Sande. | Jakob Sande 1929. Foto: Gyldendal. Eigar Jakob Sande-selskapet.

Lang – lengt – livsløgn?

Eit språkleg blikk på kva dei ulike orda for lengt kan fortelje oss om å lengte.

Av Gunnstein Akselberg
Professor emeritus i nordisk språkvitskap. Er frå Voss, bur i Bergen.


Publisert 26.06.2024
Sist oppdatert 10.09.2024

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. I ein serie tekstar våren og sommaren 2024, utforskar bidragsytarane det å lengte. Lengt er ei drivkraft for å skape og endre, men kan også bryte ned og øydelegge.

Kvifor lengtar menneska? Kva lengtar vi etter? Og kva gjer lengten for oss?

Les alle tekstane i utgåva her.

Lengt er eit tema som går att i den munnlege og skriftlege forteljekunsttradisjonen. Såleis er det ikkje rart at vi har mange ord knytte til lengt i språket vårt.

Vi har dei orda som er språkhistorisk og etymologisk knytte direkte til lengt. Og vi har dei orda som er semantisk, altså i tyding, knytte til lengt. 

Kva kan desse fortelje oss om det å lengte?

Lengsle og lengsel kjem frå lang

Ordet lengsle har i nynorsk dei to valfrie formene lengsel og lengsle. I bokmål finst berre forma lengsel. 

Lengsel i bokmålet har opphav i verbet å lenge, "å bli lengre", norrønt lengja, og har samanheng med adjektivet lang. Lengsel i bokmålet har òg samanheng med verbet å lenges, "bli lang", som kjem av norrønt lengjast, som òg har samanheng med adjektivet lang.

Lengsel og lengsle i nynorsk har opphav i verbet lengja, "å gjera lang eller bli lengre", som kjem av det norrøne verbet lengja som òg har samanheng med adjektivet lang. I nynorsk finst òg verbet lengjast, med tydinga "bli lang eller lengre", laga til norrønt lengjast, som òg har samanheng med adjektivet lang.

Både lengsel og lengsle har såleis samanheng med adjektivet lang.

«Heinesen lærer oss at lengten har ein positiv verdi i seg sjølv.»

– Gunnstein Akselberg

Dessutan finst eit anna substantiv med det same meinigsinnhaldet som lengsel og lengsle, nemleg substantivet lengt, med tydinga ‘"lengsel, sakn". Dette substantivet er laga til verbet å lengta, "føla sterkt sakn", og også verbet lengta har samanheng med adjektivet lang.

Substantiva lengsel, lengsle og lengt tyder altså det same, og dei har alle samanheng med adjektivet lang.

Det du lengtar etter er langt vekke

Lengsel, lengt og lengsle har fleire tydingar som nettopp knyter desse orda til adjektivet lang, nytta i konkret eller overført tyding. Det kan finnast ein lang fysisk avstand eller lang mental avstand mellom den handlande personen, subjektet, og eit fysisk eller mentalt objekt.

Dette er bakgrunnen for tydingar som i uttrykket "lengta etter noko" (som ikkje er der), "lengta heim" (etter ein stad som ikkje er der du er), "lengta ut", «lengta mot sol og sommar», og så bortetter.

Innhaldet uttrykkjer ein fysisk eller mental mangel, ein avstand og såleis ein ubalanse.

Nokre lengtar kan koma til å bli realiserte, medan andre aldri vil bli røyndom.

Lengtar som vert realiserte, kan stetta dei forventingane som er knytte til lengt. Lengtar som aldri kan verta realiserte kan verte "livsløgner". Men det treng ikkje vera slik.

Lukke, lukke, lukke!

I novella “Laterna Magica. Forsøk på et signalement av lykken" (1985) skildrar den færøyske forfattaren William Heinesen lengt knytt til ei komande oppleving som det ikkje vert noko av. Det er sjølve lengten Heinesen er oppteken av, ikkje opplevinga av hendinga som lengten rettar seg mot.

Den stutte novella, som òg har gjeve namn til novellesamlinga den er del av, handlar om ein ung færøysk gut som gler seg storleg til å besøkja motehandlerska madam Abrahamsen i den vesle overfylte krambua hennar.

Blant eksotiske varer av alle slag, vil han finne Laterna magica. Guten veit ikkje heilt kva det er for noko, bortsett frå at det har med lysande fargebilete i mørkret å gjera. Men berre ordet Laterna magica skapar euforisk forvetning hjå han. "Lykke, lykke, lykke!", uttrykkjer Heinesen tankane til den unge guten.

Difor betyr det lite at det aldri vert noka Laterna magica-framsyning: Madam Abrahamsen får ikkje lyset til å fungera, og kleinsmeden som skal hjelpa henne, er ikkje heime.

Heinesen lærer oss at lengten har ein positiv verdi i seg sjølv: "Men den forventningens stormfulle lykke som gikk forut og var opplevd, sitter som en sødme dypt nede i erindringens blå slukter og varer saktens livet ut".

Mest framand der ein skulle vore heime

Novella til Heinesen er eit døme på lengt etter noko som ikkje blir noko av. Men det finst òg lengtar som vert realiserte, men som ikkje stettar forventingane som er knytte til dei.

Eit eksempel på dette finn vi i teksten "Eit brev heim" (2018) av forfattaren og psykologen Peter Franziskus Strassegger, som handlar om Arne Garborg sin lengt til den opphavlege heimstaden, og det brutale møtet med denne i ettertid:

"Det meste var som før, men herregud så lite. Han såg seg rundt i heimen sin, denne heimlause heimen, og no er han den framande her i huset. "Mest framand kjenner eg meg her, der eg skulde vera heime". Og han spør seg sjølv: "Dette "heime", er det til slutt anna enn ein draum?"".

Når Garborg endeleg kjem att til det han har lengta etter, stettar ikkje opplevinga forventingane hans.

Nostalgi, melankoli og depresjon

Både den lengten som lar seg realisera, men der realiseringa ikkje stettar forventingane til den lengtande, og den lengten som ikkje lar seg realisera i det heile, kan føra til ubalanse for den som lengtar.

Dette fører oss over i nemningar som uttrykkjer ulike former for sakn eller tap, som nostalgi, melankoli, solastalgia og saudade.

Substantivet nostalgi kjem av det latinske nostalgia, der den første lekken er laga frå gresk nostos 'heimkomst', og den andre er ei avleiing frå gresk algos, "smerte". Tydinga vert såleis "sterk heimlengt" eller "sentimental lengt attende til ein tidlegare periode eller tidlegare tider".

«Solastalgia eit slags pre-traumatisk stress, ein heimlengt som finst sjølv om du er heime.»

– Gunnstein Akselberg

Substantivet melankoli kjem av gresk melankholia, som er sett saman av melas "svart" og ei avleiinga av kholos, Chloe "galle", fordi ein tidlegare trudde at tilstanden skuldast eit overskot av "svart galle". Tydinga er "tungsinn", eller det meir medisinske depresjon. Altså lengt etter noko fråverande og noko tapt.

Solastalgia er eit nyord, ein såkalla neologisme. Ordet vart laga i 2005 som ei samansetjing av det latinske ordet solacium, "støtte", "hjelp", og den greske rota algia, "sorg", "liding", "pine".

Populært kunne me seia at neminga tyder "sorghjelp" eller "hjelp i lidinga". Definisjonen av ordet er at solastalgia namngjev kjenslemessig eller eksistensielt stress som skuldast negative opplevingar av endringar i (nær)-miljøet og frykt for kva endringane kan føra til.

Såleis er solastalgia eit slags pre-traumatisk stress, ein heimlengt som finst sjølv om du er heime. Sorg over endringar eller øydeleggingar av historiske minnesmerke kan også vera uttrykk for solastalgia.

Seinare er solastalgia knytt til dømes til klimakrise og andre endringar som set miljø og helse, både fysisk og mentalt, i fare. Solastalgia uttrykkjer altså lengt mot eit samfunn og eit miljø som var eller som er i fare for å forsvinna.

Saudade

Ordet saudade har opphav i portugisisk, der det er ei avleiing til latinsk solitās, solitātem, engelsk solitude, ‘einsemd’. Denne nemninga er nytta frå 1200-talet.

Nemninga saudade vert nytta om kjensler knytte til melankoli og nostalgi, og lengt etter noko eller nokon som ein elskar og som no er fråværande. Ordet representerer ein separasjon frå gode opplevingar og situasjonar som no er borte for alltid, minnet om noko som ein ynskjer å kunna oppnå (på ny).

I kunsten, til dømes i måleri og musikk, har saudade vore eit gjennomgangstema i langsamlege tider. Albumet “The Good Son” (1990) med Nick Cave and the Bad Seeds, er sterkt prega av den mentale tilstanden til Nick Cave, som han sjølv skildrar som saudade.

«Diktaren Jakob Sande opplevde gong på gong at det han lengta etter ikkje vart innfridd. »

– Gunnstein Akselberg

Den franske komponisten Darius Milhaud komponerte suiten «Saudade de Brasil», og jazz-pianisten Bill Evans gjorde fleire innspelingar av «Saudade de Brasil». Julio Iglesias, som har galicisk far, nemner saudade i teksten «Un Canto a Galicia», og gitaristen Masayoshi Takanaka har spelt inn eit album kalla «Saudade». Chris Rea har spelt inn songen «Saudade Part 1 & 2», og den islandske produceren Ólafur Arnalds sleppte singelen «Saudade (When We Are Born)» i 2021.

I målarkunst kan dette uttrykkjast gjennom sentimentale, tungsindige og nedtemte motiv som til dømes i bileta «Hugsar du?» og «Heimlengsel til Napoli» av den franskfødde brasilianske kunstmålaren Bertha Worms (1868–1937) som har arbeid kunstnarleg med saudade-motiv i mange bilete.

Sande lengta heile livet

Lengten fører ofte til stor litteratur, også hjå diktaren Jakob Sande.

Sande lengta heile livet og denne livslange lengten gav han kraft til å utføra ei kontinuerleg og omfattande dikting i mange sjangrar og med eit vidt spekter av litterære tema. På eit vis fungerte diktinga til Sande som eit verktøy for å skriva seg gjennom dei mange spørsmåla og utfordringane han hadde.

Slike gjennomskrivingar resulterte ofte i storslått dikting hjå han. Også dei mest trivielle og kvardagslege emna og spørsmåla kunne få ei universell formgjeving i ein allmennspråkleg stil, eller dei fekk det i ein språkleg episk og lyrisk høgare himmel.

På det sosiale og materielle planet kunne lengten hjå Sande derimot ofte vera ein hemsko. Han opplevde gong på gong at det han lengta etter ikkje vart innfridd.

«Sande lengta etter heimbygda, men også etter byen.»

– Gunnstein Akselberg

Sande lengta etter diktinga, sjøen, verda, kjærleiken, venskapen, status og aksept. Han lengta etter heimbygda, men også etter byen. Han lengta etter kunsten, det mytiske, det mystiske, etter det materielle og sosial rettferd og etter å forstå det uforståelege.

Det mektige eposet «Då Gud heldt fest i Fjaler», som fyller 70 år i år, kan ein tolka som diktverk om lengt.

Lengt som drivkraft og hemsko

Språklege blikk gjev oss ulike tilnærmingar til og utdjupingar av fenomenet lengt. 

Lengt er ei sterk kraft i menneskesinnet som kan driva oss i både positive og negative retningar, både mentalt og fysisk. Det kan vera stor skilnad på løyst og uforløyst, bearbeidd og ubearbeidd lengt.

Så lenge lengt driv ein i jakta på å erstatta manglar og (gjen)oppretta balanse, styrer uroa ein til aldri å sleppa taket og gje opp. Ei slik uro kan føra noko godt med seg ved at ein på eit gjeve tidspunkt oppnår ein balanse, men uroa kan òg resultera i ei "overtenking" som aldri slepp taket og som fører til ei kjensle av konstant ubalanse. 

Som den var for Jakob Sande, kan lengt også for oss vera både ei drivkraft og ein hemsko.

Vil du få varsel om nye saker i Tidsskriftet Jaja?

Skriv deg på e-postlista og få godt lesestoff i innboks.

Fleire saker
Leiar

Tidsskrift, bygdeblikk og to forløysande små ord

Forløysing er tema for denne aller første utgåva av Jakob Sande – senter for forteljekunst sitt nye tidsskrift om og med forteljekunst.

- Eg knuga draumen så hardt at knokane mine blei heilt kvite, skriv Katrine Sele.
Essay

Korleis halde ein draum

Draumane våre skremmer oss. Difor har vi ein tendens til å halde dei for hardt.

Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023.
Intervju

Mor til Ragnar var ein fantastisk forteljar

Forteljinga som rørte Ragnar Hovland finst ikkje. Men forteljingane gjer.