Leeann Cline/Unsplash

Lenge leve lengten

Lengten er ein streng frå menneska til tida. Du finn den i tidsskrifta.

Av Tora Hope
Redaktør i Tidsskriftet Jaja, utdanna journalist og samfunnsgeograf. Bur i Dale i Sunnfjord.


Publisert 18.06.2024
Sist oppdatert 18.06.2024

Når eg set meg ned med Norsk tidsskriftforenings jubileumsantologi Det skal vera tid. Det skal vera skrift. Tradisjon og trøbbel i norske tidsskrift, er det som å kome heim.

Begeistra les eg første artikkel, der Bjørn Hatterud fortel om si reise inn i tidsskrifta som ung anarkist og ut i bøkene som forfattar. “Den beste skulen” heiter teksten.

"Ein kan finne seg sjølv som skribent og forfattar i tidsskrifta, utvikle ei røyst eller etablere ein posisjon” skriv leiar i Norsk tidsskriftforening Bente Riise i forordet. Ho har redigert boka saman med Audun Lindholm. Riise peikar på at fridomen er stor i tidsskrifta: Her er det høgt under taket.

Riise skriv vidare: “Dei (tidsskrifta) legg fundament for det opplyste ordskiftet og er såleis premissar for demokratiet, sjølv om dei ikkje er massemedium som alle les eller kjenner til”.

“Det var det eg visste”, tenker eg opprømt medan eg les, "å starte tidsskrift var ein strålande ide!".

I eit intervju med Sissel Furuseth av Audun Lindholm, med det talande namnet “Ut og skape offentleghet” seier tidsskriftforskar og professor i nordisk litteratur Furuseth: “Det er ingen tvil om at litterære tidsskrifter skaper både forfattere og kritikere, og muliggjør tekster som ellers ikke ville blitt skrevet. De skaper dessuten lesere”.

«Vi starta Jaja fordi vi ville skape ei offentlegheit som manglar i bygdene.»

– Tora Hope

Det er i dette intervjuet, som er så langt som (nesten) berre tidsskrift og antologiar av tidsskrift tillet, at begeistringa får selskap av uroa: “Å lage tidsskrift i Norge har stort sett vært ganske utmattende” fortel Furuseth, og eg nikkar: Vi starta ikkje tidsskrift for å vinne det medieøkonomiske katteracet. Som nyslått redaktør for eit nysådd tidsskrift kjenner eg meg dessutan som ein ulærd innsnublar i utkanten av det gode selskap.

Men eg anar at her kan det vere ein slags plass, også for oss.

Tidsskrifta er for alle som lengtar etter å gå djupare og tenke friare. Dei er vanskelege å samanlikne, men lette å kjenne att (når du først får auge på dei).

Det er ideala som driv tidsskrifta. Saman med posisjoneringa, kanoniseringa og maktkampane, som er rikt og humoristisk skildra i antologien. Men lat oss halde oss til ideala i denne teksten, for vi skal nærme oss målet: Å setje ramma for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja, der temaet er “lengt”.

Folk startar tidsskrift for å skape offentlegheit, er Lindholm og Furuseth samde i. Kvinnesakstidsskriftet Nylænde - Tidsskrift for kvindernes sak frå 1887 vert løfta fram som døme. “Hvis det ikke finnes rom i de eksisterende organene, skaper man publikasjoner for å ha et sted hvor man så i neste omgang kan skape seg selv”, forklarer Furuseth. Kvinnene starta tidsskriftet og laga eit rom for seg sjølve, der dei også kunne definere kven dei sjølve var.

«Kva for bygd, kva for distrikt? Vi valde tidsskriftet fordi vi ikkje treng å ha alle svara.»

– Tora Hope

“Ja, det stemmer” nikkar eg medan eg les. Vi starta Jaja fordi vi ville skape ei offentlegheit som manglar i bygdene. Kva for bygd, kva for distrikt? Vi valde tidsskriftet fordi vi ikkje treng å ha alle svara. I tidsskrifta er det fritt og ope. Her kan vi nyansere bilete av bygdelivet, føre samtalen forbi stereotypiane, få fram kvalitetane utan å hoppe i den andre grøfta som ukritisk heiagjeng.

Når andre utgåve av Jaja har lengt som tema, er det fordi vi lengtar: Vi starta tidsskrift fordi vi lengtar etter dei lange tankane, dei opne, vi lengtar etter dei andre romma, dei som korkje er nyheitsaviser eller Facebook-grupper eller regionaviser styrte ifrå byane. Vi starta tidsskrift fordi vi kjende - for å seie det med Sissel Furuseth - at: “Her må vi synliggjøre det som finnes!”.

«Sluttar vi å lengte og reflektere, veit eg ikkje kva som er att.»

– Tora Hope

Og det vi vil synleggjere er dei meir allsidige forteljingane om bygd og by. Kva slags forteljingar er det? Lengten er både personleg og allmenn, og med den som utgangspunkt nærmar vi oss forteljingane:

I Heidi Hattestein sitt personlege essay om lengten etter å bli høyrt i sin protest. I diktet frå Priya Bains der ho skriv fram lengten slik at du kjenner den som den nerven mellom menneska og tida den er.

I den mørke historia om korleis slavehandel i Brasil vart grobotn for det mest lengtande ordet av alle, saudade. Lengt går hand i hand med håp, og det er håpet den afghanske fribyforfattaren Khaleda Froagh balar med og fortel om i intervjuet om lyrikk, håp og håpløyse.

I artikkelen Lengsel i en helsekontekst | Eksistensielle begreper i helse- og sosialfaglig praksis (idunn.no) finn eg eit sitat som fangar skilnaden på realisert og urealisert lengt, frå ei kvinne som har vore ramma av kreft. Kvinna skildrar ein ubearbeidd lengt som ei uro som vil forstyrre livet. Ein lengt som er bearbeidd derimot, kan gje retning og mål.

“Savn er vondt. Det må bearbeides. Lengsel er sunt fordi det driver meg til refleksjon. Når lengselen er usunn, så driver den meg til resignasjon.»

Sluttar vi å lengte og reflektere, veit eg ikkje kva som er att. Til refleksjonen treng vi tidsskrifta. Leve lengten og leve tidsskrifta.

P.S: I tillegg til tekstar om lengt, har vi også byrja å publisere kritikk. Les dei første meldingane her.

Lengt

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. I ein serie tekstar våren og sommaren 2024, utforskar bidragsytarane det å lengte. Lengt er ei drivkraft for å skape og endre, men kan også bryte ned og øydelegge.

Kvifor lengtar menneska? Kva lengtar vi etter? Og kva gjer lengten for oss?

Les alle tekstane i utgåva her.

Fleire saker
Samtalefilmen er ikkje noko nytt fenomen. Filmar som My Dinner with Andre og 12 Angry Men finn stad i ekte eller tilnærma ekte tid og få rom, men Sex er ikkje heilt på det nivået.
Melding

Mennesket i sin kvardagslege glans

I «Sex» lar Dag Johan Haugerud skodespelarane bere manuset, utan å gjere så mykje anna enn å prate saman. Det vekkjer spørsmålet: I kor stor grad handlar god film om å utnytte mediet sine moglegheiter?

Poet og forfattar Khaleda Froagh.
Poesi

Jeg drømte underlige drømmer

Poet og forfattar Khaleda Froagh er frå Kabul, og bur no på Nesodden. Her kan du høyre og lese diktet "Jeg drømte underlige drømmer", som ho skreiv i Noreg i 2023.

Gardbrukar Gunnar Andreas Søgnen og barnebarnet Dina Søgnen, på garden "Sygnehåjen". Der har dei begge vakse opp, men i to relativt ulike tider. No går Dina på vidaregåande skule og har intervjua Gunnar om klimaendringar.
Essay

«Vi har jo sett heile reisa»

HISTORIER OM KLIMA OG ÅRSTIDER: Kva røynsler har besteforeldregenerasjonen med lokale endringar i årstider og vêr? Heng dei i hop med dei store klimaendringane på planeten? Ungdomar frå Dale vidaregåande skule spør besteforeldre og kjende for å få svar.