Heidi Hattestein har marsjert åleine frå Naustdal til Vevring, i protest mot gruvedumping i Førdefjorden. I dette personlege essayet reflekterer ho over lengselen etter å bli høyrt.

Heidi Hattestein har marsjert åleine frå Naustdal til Vevring, i protest mot gruvedumping i Førdefjorden. I dette personlege essayet reflekterer ho over lengselen etter å bli høyrt. | Heidi Hattestein

Viss ingen har høyrt meg rope «NEI!», har eg då protestert?

Eit personleg essay om å gå to mil og nesten ein kilometer i protest mot at Nordic Mining ASA får dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Av Heidi Hattestein
Skribent, forfattar og fotograf. Vaks opp på Atløy og har hatt heile verda som arbeidsplass. Bur no i Førde.


Publisert 08.05.2024
Sist oppdatert 08.05.2024

Dette er eit personleg essay. Teksten gir uttrykk for haldningane til skribenten.

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. I ein serie tekstar som blir publiserte våren 2024, utforskar bidragsytarane det å lengte.

Lengt er ei drivkraft for å skape og endre, men kan også bryte ned og øydelegge. Kvifor lengtar menneska? Kva lengtar vi etter? Og kva gjer lengten for oss?

Det er ei fortvila handling. Eg har kome til eit punkt der eg ikkje anar kva eg skal seie for å bli høyrt, og behovet for å handle symbolsk har tatt over.

Eg kjem frå Atløy, omtrent så langt vest i landet som det er råd å komme. Dei hjortedyra som legg på svøm, kjem flytande i retur med hovane opp. Atløy og naboøyene ligg som ein siste vaktpost mot storhavet, krummar fjellryggane og tar imot dønningane, krusar dei opp og sender dei innover fjordane med forminska kraft.

Eg er inga øy, eller vi er alle ei øy. Det er uansett ingen spesiell grunn til at nokon skal høyre på meg. Innsatsen min er omvend proporsjonal med gjennomslagskrafta, og kanskje er det berre denne vesle undringa som no står tilbake: Kor liten kan ein protest vere og framleis vere ein protest?

«Det er lett å tenke at alt var betre før. I minna si fargeleggingsbok er nyansane friske og glade. Men er det ikkje noko som skurrar?»

– Heidi Hattestein

Alt var ikkje betre før

Det første eg legg merke til langs vegen er ein landsett friluftsbåt. Det er ei lita plastjolle med påhengsmotor, perfekt for kystfiske i småskala. Den ligg kvelva på eine sida, bak nokre busker. Kor lenge har den lege der?

Eg hugsar oppveksten på Atløy. Vi sleppte ut harpesnøret med gummimakkar og søkke til det nådde botnen, og så drog vi det rett opp att i båten med mort og pale (liten sei) på kvar einaste krok. Måkene sladra med grådige skrik, og så fór vi til besta og åt krøllefersk fangst ved respatexbordet.

Dette er ikkje ei fiskehistorie. Det er eit faktum at det var meir pale i sjøen då eg var lita. No er det visst blitt meir lysing og breiflabb; god matfisk, det også.

Det er lett å tenke at alt var betre før. I minna si fargeleggingsbok er nyansane friske og glade. Men er det ikkje noko som skurrar?

På same tid på barndommens øy var det heilt vanleg å «deponere» utrangerte kjøleskåp og frysarar i sjøen. Vi lempa kvitevarene utfor Djupevikhammaren, der det er spesielt djupt og sjøen tilsynelatande har dårleg hukommelse.

«Vi lærer, men er like dumme.»

– Heidi Hattestein

Dette var før Montrealprotokollen i 1989, då klorfluorkarbon vart forbode i kjølesystem fordi kjemikalia bidrar til å bryte ned ozonlaget. Ikkje at erstatninga hydrofluorkarbon er så mykje betre med tanke på samla klimagassutslepp, men i dag leverer vi i det minste kjøleskåp på gjenvinningsstasjonen.

Vi lærer, men er like dumme.

Framtidsfjorden

I regntungt vêr, slik som i dag, ligg Førdefjorden som ein blygrå strek gjennom landskapet, kanta av brune krusedullar, teikna av bladlause greiner. Skogbotnen er okergul med spettar av irrgrøne skot. Våren er i siget.

Mest av alt er Førdefjorden det du ikkje ser. Førdefjorden er den økologisk rikaste på Vestlandet, og under vassoverflata syd det av liv.

Når Nordic Mining begynner å dumpe overskotsmasse i dumpingområdet, kan det bli som ein ørken under vatn.

Slik ser det ut i Jøssingfjorden tretti år etter at bergverksbedrifta Titania dumpa dei siste gruvemassane (gruvevatn blir framleis sleppt ut i fjorden):

Pulverisering av ansvaret

Eg legg merke til eit tomt Kvikklunsj-papir og noko djupraudt: Ei diger blondetruse, viser det seg, ei slik ein gjerne kjøper for å sprite opp juleferien. Litt lenger borti vegen ligg den tomme Jägermeister-flaska.

Førdefjorden er ikkje eit fråflytta museum. Det er ein stad der folk bur og lever, kjøper blondetruser og har håp.

Er det verkeleg slik at politiske val, altså val der folk stemmer på parti som lovar å redde bygdeskulen eller bygge fleirbrukshall, kan ende som eit samtykke til å legge delar av ein fjord daud? Er ikkje det eit spørsmål som er så stort at vi i det minste burde hatt ei direkte folkerøysting?

Systemet er rigga for den perfekte ansvarsfråskrivinga. Det begynner med at lokale myndigheiter gjer vedtak om utgreiing. Vedtaket er basert på ein viss tillit til at nasjonale organ vil gripe inn dersom prosjekteter uforsvarleg, og det er gjerne det argumentet som dyttar dei usikre ned frå gjerdet.

«Førdefjorden er ein stad der folk bur og lever, kjøper blondetruser og har håp.»

– Heidi Hattestein

Når saka så kjem høgare opp i systemet, blir det same utgreiingsvedtaket til ein motor. «Dei vil jo ha det lokalt», skrik riksmåkene.

Summen av denne heime-åleine-festen kom veldig godt fram i NRK-programmet “Oppsynsmannen” med Bård Tufte Johansen, der redaksjonen hadde gjort eit omfattande KI-arbeid med å avdekke kor mykje natur som blir bygd ned kvar dag. To fotballbaner, viser det seg: «På en gjennomsnittlig dag ødelegger vi spesielt verdifull natur tilsvarende to ganger gressmatta på Ullevaal stadion»

I denne flørten mellom by og land finn vi Ap og Høgre i inderleg klinedans: Med Håkon Myrvang (Ap) i ordførarstolen frå 2007-2019 gjorde Naustdal kommune ei rekke vedtak for å legge til rette for gruvedrift med fjorddeponi. Og i 2016 kom klarsignalet frå den blå-blå regjeringa med Erna Solberg som statsminister.

«Folk har travle liv og set sin lit til at andre skal passe på; andre som kanskje til og med får betalt for å gjere det.»

– Heidi Hattestein

Vi har for korte tankar

Vegen til Engebø er smal og svingete. Kvar gong det kjem eit stort køyretøy, stegar eg ut i grøfta. Først etter ei stund går det opp for meg at det er betongbilar som går i skytteltrafikk. Eg begynner for alvor å uroe meg for kva syn som vil møte meg på Engebø, der Nordic Mining er godt i gang med å lage industriområdet. Korleis kunne det skje?

Folk er folk. Folk har travle liv og set sin lit til at andre skal passe på; andre som kanskje til og med får betalt for å gjere det. Eigentleg er det ikkje enkeltindividet si oppgåve å kjempe ein vindmøllekamp mot dumskap. Men vi bør kanskje ikkje vere så tillitsfulle. Dumping i Førdefjorden er banka gjennom mot klare åtvaringar frå Havforskingsinstituttet og trass særskilt vern som nasjonal laksefjord.

Politikarar og byråkratar er også folk. Dei er under press for å skape arbeidsplassar og halde livsgrunnlaget oppe. Kanskje oppstår det litt for tette band og usunne koplingar. Plutseleg sit ein gruveaksjonær som leiar i Sunnfjord Utvikling og uttaler seg om Nordic Mining (John Helge Lunde).

Plutseleg sit ein statsministermake og investerer i Nordic Mining-aksjar med oppsiktsvekkande god timing (Sindre Finnes), og plutseleg kjem ei statsministervenninne inn i regjeringa, direkte frå styret i Nordic Mining (Thorhild Widvey). Plutseleg er Norge eit av svært få land i verda som framleis dumpar gruveavfall i sjøen, i dårleg selskap med Papua Ny-Guinea og Tyrkia (Indonesia og Chile er byrja å seie «nei»).

«Det er sjølvsagt ikkje titandioksid som har bleika skoa mine, men på min einsame protestmarsj følast dei upassande kvite.»

– Heidi Hattestein

Kor lett det er å trå feil

Til og med geologar som jobbar for Nordic Mining er folk. Ganske snille folk, faktisk.

Det er tungt å gå fleire mil på asfalt over eit fjell. Blikket, som lenge skoda så vidt, søkk lenger og lenger ned mot tuppane på dei kvite skoa med demping. Dei hakkar inn og ut av synsfeltet, og det følest som om dei hånar meg.

På Engebø skal Nordic Mining ta ut rutil, brukt til å framstille titandioksid, eit kvitt fargepigment. Titandioksid er brukt i måling og legemiddel, men vart forbode i mat i Norge og EU i 2022, fordi det kan vere kreftframkallande.

Det er sjølvsagt ikkje titandioksid som har bleika skoa mine, men på min einsame protestmarsj følest dei upassande kvite. Ei mager trøyst er at dei lyser opp i det svake skinet frå mobillykta, der eg hakkar meg gjennom fleire 80 til 400 meter lange tunnelar på vegen til Engebø. Hovudlykta har eg gløymt heime.

«Først ute på hi sida ser eg kva som står på refleksen: Nordic Mining.»

– Heidi Hattestein

Ein bil bråbremsar og kjem ryggande tilbake med ein hissig lyd. «Kva er det du driv med?! Dette er farleg, du må ta vare på deg sjølv». Eg får vaksenkjeft og så eit refleksband. Først ute på hi sida ser eg kva som står på refleksen: Nordic Mining. Og der har du vel den eigentlege tittelen på denne teksten: «Ein einsleg protestmarsj mot Nordic Mining - sponsa av Nordic Mining».

Eg er folk, eg òg.

Ilt å sjå

Først kjem kranane til syne, så kjem sjokket. På kort tid har anleggsområdet breia seg ut. Det skjer framfor auga: Steinknusarane og dei andre maskinene et av fjordlandskapet vårt og spyttar ut enorme mengder masse som allereie har vakse dei over hovudet. Eg kjem inn i ei grå verd, eit absurd syn framfor den vårblå Førdefjorden og det kvitblenkjande Heilefjellet.

Eg har denne forferdelege følelsen av å komme for seint. I årevis har eg snakka om Førdefjorden. Eg har stilt opp på foredrag og folkemøte. Eg har stått bak sikringsgjerda og ropt i lag med demonstrantane. Eg har sunge til Halvard Husefest Lunde si protestvise «Dei udødelege» og Real Ones sin kamplåt «Love your mother», og eg har vugga i takt med Thea Hjelmeland. Eg har skrive under på opprop, bidratt til kronerulling og meldt meg inn i Naturvernforbundet. Det einaste eg ikkje har gjort er å lenke meg.

Politisk er saka tapt, og kampen er flytta til rettssalen. Det siste er at Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar søksmålet mot staten til lagmannsretten, støtta av folkedjupet på Spleis.

I mellomtida investerer Nordic Mining milliardbeløp på Engebø. På same tida som eg går i protest, går Nordic Mining på ein valutasmell. Den svake norske krona betyr kostnadsauke for selskapet, i tillegg til høg inflasjon og lønsauke. Kan det vere at finans skal redde Førdefjorden til slutt; at prosjektet rett og slett ikkje vil løne seg?

«Så blir eg invitert heim på nytrekt torsk med lever og rogn. Føtene gløymer å verke.»

– Heidi Hattestein

Håp i hengande snøre?

Tre kilometer lenger ut langs Førdefjorden ligg Vevring. Motsatsen. Eg har inga tilknyting, men eg har bestandig hatt ei enorm dragning hit. Eg har besøkt den årlege Vevringutstillinga og dratt med meg folk på syttande mai. Berre dukka opp, utan invitasjon, og blitt tatt godt imot.

Vevring møter meg med opne armar i dag også. Sola trenger gjennom skylaget, og folk går yre og glade rundt i den etterlengta første vårdagen. Garn og krepseteiner ligg på bryggjene og i båtane. I havna står folk og prekeverer dagens fiskefangst: To breiflabbar, ein lysing, to hyser, to lyrar, titorskar, fem sild og tjue krabbar.

«Vi gjerst på å fiske berre i det regulerte dumpingområdet», seier fjordfolket. Raudlista tradisjonsberarar av ein overlevingskunnskap landet snart ikkje har, dei som har i blodet å leve av og halde fjorden i hevd.

Så blir eg invitert heim på nytrekt torsk med lever og rogn. Føtene gløymer å verke.

Folk begynner å få auga opp, og opinionen er i ferd med å snu. Til og med analysebyrået Opinion seier at dei er overraska over ei nyleg spørjeundersøking som viser at berre éin av ti ønsker meir hytter og oppdrett, og at flesteparten meiner myndigheitene gjer for lite for å stogge øydeleggingane av naturen vår.

Kanskje går eg ikkje så åleine likevel?

«We rebel not as a last act of desperation, but as a first act of creation». Sam Smith
Fleire saker
Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023.
Intervju

Mor til Ragnar var ein fantastisk forteljar

Forteljinga som rørte Ragnar Hovland finst ikkje. Men forteljingane gjer.

Nikka Vonens Pigeinstitutt ca. år 1900, med svalgangen slik den opphaveleg såg ut.
Reportasje

Alt som bur i eit gamalt hus

Kan eit gamalt hus forløyse nye livsverk, draumar og – ikkje minst – meistringskjensle?

Essay

Det forteljande dyret

Det er ikkje berre dei skjermopplyste andleta våre som skil oss frå andre dyr. Å fortelja gjer oss til menneske.