Fribyforfattar Khaleda Froagh måtte flykte då Taliban toga inn i Kabul i 2021.  – Noko av håpet mitt ligg i språket og litteraturen som eg er ein del av, fortel ho.

Fribyforfattar Khaleda Froagh måtte flykte då Taliban toga inn i Kabul i 2021. – Noko av håpet mitt ligg i språket og litteraturen som eg er ein del av, fortel ho. | Elisabeth Eide

Jobbar med orda for å finne håp i håpløysa

Også i draumeverda vert Khaleda Froagh minna om dei bitre røynslene frå ein krigsherja nasjon.

Av Elisabeth Eide
Forfattar av sakprosa og fiksjon, journalist og professor emerita ved OsloMet – storbyuniversitetet.


Publisert 29.05.2024
Sist oppdatert 05.06.2024

Som ein av dei fremste poetane i Afghanistan, måtte Khaleda Froagh flykte i all hast då Taliban tok makta i 2021. I denne teksten har Afghanistan-kjennar Elisabeth Eide intervjua Froagh  – om lyrikk, lengt og om å måtte skrive, sjølv om livet står på spel.

Eide og Froagh har kjend kvarandre sidan dei møttest i Kabul for tjue år sidan. Eide har jobba med Afghanistan i ei årrekke, skrive romanar og fagbok om det krigsherja landet og er medlem av norsk PENs Afghanistanutval.

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. I ein serie tekstar som blir publiserte våren 2024, utforskar bidragsytarane det å lengte.

Khaleda er først og fremst poet. I heimlandet Afghanistan dominerer lyrikken. Persisk (og den munnlege versjonen dari) er rekna som eit poetisk verdsspråk, og er hovudspråk i Afghanistan, Iran og Tadsjikistan.

Då vi møttest første gongen i Kabul for vel tjue år sidan, var Taliban borte og optimismen sterk. Journalistar og forfattarar kom heim frå eksil, unge talent vaks fram. Khaleda talte varmt om poeten Hafiz frå Shiraz (1330 – 1390, i noverande Iran). Det gjer ho enno, men denne gongen som fribyforfattar busett på halvøya Nesodden utanfor Oslo.

Froagh = ljos

I fjerde klasse byrja ho å lese Hafiz, den verdskjende sufidiktaren som treivst både i moskeen og på vinhuset. I den litterære heimen fanst mange bøker. To onklar skreiv dikt, og saman med foreldra oppmuntra dei Khaleda og hennar sju sysken til å ta utdanning og lese litteratur. Khaleda var eldst. 

– Foreldra mine sette pris på at eg var skuleflink og poet. Heime var det samstundes tradisjonelt. Vi studerte koranen, i moskeen las dei også Hafiz.

Med støtte frå poet-onkelen Khalilullah Raufi, valde Khaleda Froagh som kunstnarnamn då ho var tretten år og gjekk i niande klasse. Froagh tyder ljos.

Draumar blir litteratur

For Khaleda vart Hafiz «ei stemme frå ei anna verd». Som i draumane hennar. 

– I dikta mine har eg ofte uttrykt meg om denne verda, men gjennom draumane kjem ein annan refleksjon. Eg drøymer noko, og så blir det ein del av litteraturen min.

Kva er skilnaden på denne verda og den andre?

–  Den andre verda er æva. Det eg ser, skriv eg. Det eg drøymer, skriv eg. Eg tenkjer på orda. Eg trur orda høyrer til ein annan stad, dei er venane og veninnene mine. Eg set meg ned og snakkar med dei, andlet til andlet. Eg trur på dei, men veit ikkje alltid kva som skal skje med dei.

Har du eit døme på ein slik dialog med orda?

–  Eg sit heime eller andre stader, og så kjem orda i hovudet mitt. Dei snakkar til meg. Dei seier: «Vi må leve!» Eg skal gje dei liv. Dei seier: «Vi må bu i deg!». Eg må bu i dei. Slik hjelper vi kvarandre.

I 2022 vart Khaleda fribyforfattar på Nesodden, i lag med mannen Waheed Warasta. Fribyforfattar er ein forfulgt forfattar, som vert invitert – oftast av Norsk PEN – til ein friby.

– Eg liker tåka der, det er som himmelen legg seg under meg, som om eg er med i himmelen, seier Khaleda, som lenge har vore i første rekke blant Afghanistans poetar. 

På Nesodden bur familien litt trongt, men ho klagar ikkje. Khaleda skriv fordi ho må, men lengtar etter ein annan roleg og fin stad. 

–  Eg skriv heime om natta, eg skriv på bussen på veg heim frå norskkurs, og på Nesodden-ferja.

«Eg såg korleis dei slo laus på kvinner som ikkje bar burka.»

– Khaleda Froagh

Ho liker ferja som plogar seg fram inst i Oslofjorden. Afghanistan har mange elver, men ligg langt frå havet. For vel tjue år sidan såg Khaleda Atlanteren for første gong, under ein litteraturfestival i Bretagne, Frankrike. Ho likte det ho såg, men då vi møttest for to tiår sidan, sa ho at ho tykte havet var vakrare i draumane. 

Då ho flykta frå Taliban, budde ho lenge ved havet i Albania, medan ho venta på å kome til Noreg. 

–  Der var det vakkert! Eg kunne stire på bølgjene og syntest eg såg ei anna verd under dei.

Slik kom fleire dikt til. Khaleda har til no publisert tolv diktsamlingar, to romanar og ei akademisk bok. I Noreg vart ho raskt medlem i Den norske Forfatterforening og til hausten kjem ei diktsamling på norsk. Ho seier ho liker fridomen her og musikken i norsk språk.

Taliban tur – retur

Taliban kom attende i august 2021, etter tjue år med militært opprør mot dei valde regjeringane. Dei såg ut til å få støtte frå delar av folket, og Khaleda trur mange er tvungne til å stø dei. Årsakene er komplekse. 

– Afghanistan si historie er som eit gåtefullt puslespel, seier ho.

Poet Khaleda Froagh las ofte dikt på Forfattarane sitt hus i Kabul. Her er ho under feiringa av ein annan forfattar, Zubeir Hejran.

Poet Khaleda Froagh las ofte dikt på Forfattarane sitt hus i Kabul. Her er ho under feiringa av ein annan forfattar, Zubeir Hejran. | Elisabeth Eide

Då Taliban tok makta første gongen, i 1996, budde Khaleda i Kabul. 

–  Eg såg korleis dei slo laus på kvinner som ikkje bar burka, plagget som dekker heile kvinna. Eg sat heime, gjekk nokre gonger ut med burka. Så drog vi i eksil til Pakistan.

Der arbeidde ho for kvinnebladet Sadaf (perlemor) og møtte Waheed. Han var journalist og aktivist, men skreiv òg dikt. Då Taliban fall i 2001, tok paret med seg håpa sine tilbake til Kabul. 

I 2003 møtte eg dei to. Dei var trulova og sat i ein liten sofa, med tretti centimeter avstand og varsame forelska blikk. Dei gifte seg, fekk dottera Nirvana, var aktive i media og i nystarta Afghansk PEN, ei grein av ytringsfridoms- og skribentorganisasjonen International PEN. 

Dei skreiv, lytta til musikk og vart saman med kollegaer ei kjerne i kulturlivet. Men sjølv om Taliban var borte frå Kabul og dei andre storbyane, fanst mentaliteten deira kvar hos somme.

Kvinne vart lynsja

I mars 2015 vart ei ung kvinne, Farkhunda Malikzada, lynsja av ein mobb utanfor Shah-do-Shamshira-moskeen i Kabul. Ho var djupt religiøs og kritiserte mullaene for å selje amulettar for eiga vinning. Mullaene gjekk til åtak og skulda Farkhunda for å ha brunne koranen. 

Skuldingane var grunnlause, men blei snappa opp av folk utanfor moskeen. Dei gjekk laus på Farkhunda, kasta steinar, trampa på ho og sette til sist fyr på ho ved Kabul-elva. Unge menn i vestlege klede deltok i eller filma lynsjinga med mobiltelefonar. Sjokkerande videoar vart spreidde over heile verda. 

– Eg var i Panjshir då, men fekk sjå videoar. Då eg forstod at dei var ekte, vart eg sjokkert. Farkhunda vart slått, torturert og sett fyr på. Dei køyrde over henne med bil. Ingen greip inn. Eg følte sterk smerte, men kunne ikkje gjere anna enn å skrive nokre strofer på Facebook om mordet.

«Når Taliban nektar kvinner utdanning, øydelegg dei liva til kvinnene.»

– Khaleda Froagh

For første gongen bar kvinner, fleire av dei velkjende, ei kiste i Kabul-gatene. Mange menn slo ring rundt dei. 

– Dei som drap Farkhunda, er ein del av røynda i det afghanske samfunnet. Men vi kan ikkje sjå dette som typisk for afghanske menn.

Flukta

Men det vart verre, ikkje minst trugsmåla mot dei synlege ytrarane.

Afghansk PEN vart danna i 2003 og fekk i åra som følgde meir enn tusen medlemmar. I Kabul inviterte dei kvar veke til poesilesing, musikk og boklanseringar i Forfattarhuset. Khaleda sat ofte som einaste kvinne på scena , og i den mest populære TV-kanalen i landet, Tolo, hadde ho sitt eige litteraturprogram. Ho tok doktorgrad i persisk litteratur i nabolandet Tadsjikistan og vart tilsett ved Universitetet i Kabul.

Framtida såg både lovande og trugande ut. Åtaka på frie forfattarar, kunstnarar og journalistar auka. Mannen vart tvunge i eksil, først til Usbekistan, så til Noreg. Sjølv vart ho også truga, som kjent medieperson og forfattar. Då Taliban toga inn i Kabul, måtte ho ut, raskt.

Khaleda, dottera og mora pluss to sysken kom seg etter mykje dramatikk ut av Afghanistan i augustdagane i 2021. Dei måtte vente lenge i Albania. Berre Khaleda og dottera fekk kome til Noreg, der mannen Waheed venta. Han hadde vore fleire år i eksil allereie. I dag er flokken spreidd: Khaleda i Noreg, mora og ei syster i USA, tre systrer i Afghanistan, og ein bror som enno ventar i Albania.

«Taliban vil forsvinne.»

– Khaleda Froagh

Kvinnene? No?

Når Khaleda oppdagar nye stader og folk, kjenner ho att bileta frå draumar ho hadde før ho kom, fortel ho. I dag handlar Afghanistan-draumane mest om fattigdom, frykt for ny borgarkrig og gatekampar. Og ikkje minst om ei uviss framtid for afghanske kvinner.

Khaleda voks opp i ein likestilt heim, men såg den stille uretten. - Kvifor fekk ikkje mor mi gå på skule? Ho kunne lese, ho var sjølvlærd og oppmuntra alle borna. 

Khaleda har digital kontakt med systrene i Kabul, og med veninner og kollegaer. Ho seier det er vanskeleg å få eit klårt bilete av situasjonen. 

– Mange kvinner er fengsla, utdanna kvinner kan ikkje arbeide, dei sit heime med uviss framtid. Når Taliban nektar kvinner utdanning, øydelegg dei liva til kvinnene. Eg kan kjenne dei psykiske traumane dei ber på, og eg lid med dei.

«Når bomber fell, skriv eg om dei bileta som dukkar opp.»

– Khaleda Froagh

Hjerneflukta vart kolossal blant dei privilegerte. Det er få kvinner som demonstrerer no. 

Fleire har flykta. Årsaka kan òg vere at mange er fengsla eller arresterte. Dei fryktar Taliban.

Under den førre Taliban-perioden dreiv mange kvinnelege lærarar og andre utdanna kvinner heimeskular. Det skjer no også, seier Khaleda. 

– Og ein del unge kvinner er aktive på YouTube. Dei fleste er ikkje forfattarar, men aktivistar.

Alle som ytrar seg på dette viset tek ein stor risiko. Taliban skjerper lovar og reglar. Dei har gått laus på biblioteka og forbydd ei mengd bøker. Kvinner som skal arbeide i TV, må dekke andletet. Kvinner må ha mannleg følgje utanfor heimen. Trass lovnader er skulane stengde for jenter etter sjette klasse. Det er langt mellom ljospunkta.

Håp i håpløysa

Denne skribenten har vitja Afghanistan mange gongar, og mot slutten av ein samtale med Kahelda og Waheed har eg spurt om håpet. Kor finst det? Ein kveld i hagen på Forfattarhuset i Kabul, medan sirissane leverte høgsong i mørket, svarte Waheed slik: «Det er ikkje lett å håpe, men nokre gonger må vi tvinge håpet.» 

Året var 2013. Då hadde sjølvmordsbombarar i fleire år gjort Kabul til ein veldig utrygg by. Eg tek spørsmålet opp att til Khaleda ein frosen vårdag i Oslo. 

– Det finst håp. Eg kan sjå håp i måten folk kjempar for å overleve. Det finst håp i håpløysa.

Slik samtaler ho med orda sine. Lys – froagh – i mørket, håp i håpløysa. 

– Nokre gonger trur eg også på usynlege magiske hender som kan spele ei rolle i skjebnen til folk, trass desperasjonen. Taliban vil forsvinne, seier ho, trygg i røysta.

Ho har ein særskilt årsak til å ønskje dei bort. Taliban er dominert av pasjtunarar, medan Khaleda skriv på dari (persisk). Dei to språka har vore likestilte i Afghanistan.

– Taliban – ein gjeng uvitande mørkemenn – fører krig mot det persiske språket. Men dette språket står støtt uansett kva dei gjer. Det er rikt og har ein sterk litterær tradisjon. Noko av håpet mitt ligg i dette språket, i litteraturen som eg er ein del av. Då eg studerte i Tadsjikistan, møtte eg fleire forfattarar. Ein av dei sa til meg: Afghanistan er fylt av krig, bombeåtak og rakettar, korleis klarer du tenkje på dikt i ein slik situasjon? Eg lo og svara at eg kunne skrive mellom krigshendingane. Når bomber fell, skriv eg om dei bileta som dukkar opp. Det vert ei vane.

Fleire saker
Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023.
Intervju

Mor til Ragnar var ein fantastisk forteljar

Forteljinga som rørte Ragnar Hovland finst ikkje. Men forteljingane gjer.

I «Mesteren og Margarita» speler musikar Fredrik Saroea djevelen Woland med sjarm, eleganse og komikk.
Melding

Djevelen har landa i Bergen

Ein tilsynelatande vanleg vårdag får Moskva, og samstundes Bergen, besøk av djevelen og hans trufaste følgesveinar.

- Eg knuga draumen så hardt at knokane mine blei heilt kvite, skriv Katrine Sele.
Essay

Korleis halde ein draum

Draumane våre skremmer oss. Difor har vi ein tendens til å halde dei for hardt.