Markus Spiske/Unsplash

Tidsskrift, bygdeblikk og to forløysande små ord

Forløysing er tema for denne aller første utgåva av Jakob Sande – senter for forteljekunst sitt nye tidsskrift om og med forteljekunst.

Av Tora Hope
Redaktør i Tidsskriftet Jaja, utdanna journalist og samfunnsgeograf. Bur i Dale i Sunnfjord.


Publisert 31.08.2023
Sist oppdatert 10.09.2024

– Ja ja, her sit du.

– Ja.

– Ja, det er litt av eit ver vi har.

– Ja, det kan du seie.

– Ja.

– Ja ja, nei, eg får vel kome meg heim.

Om lag slik hugsar eg småpraten på det gamle Samvirkelaget i bygda, det som no har blitt eit kulturhus, når besteforeldra mine skulle handle om tysdagane og laurdagane.

Bestemor gjekk laus på handlelista. Bestefar var sjåfør, han sette seg ned med dei andre karane på benken under oppslagstavla.

Kva resten av samtalane handla om, hugsar eg ikkje. Men slik byrja dei, og slik slutta dei: “ja ja”.

Å setje i gang...

Uttrykket «ja ja» er velbrukt i Sunnfjord, der Tidsskriftet Jaja og diktaren Jakob Sande kjem frå. Det er eit uttrykk ein kan bruke til så mykje, som: «Det kjem ikkje an på/er ikkje så farleg/går nok bra/no set eg i gang/slik vart det no».

«Ja ja» kan starte ein samtale: «Ja ja! Står du her?», eller avslutte ein samtale: «Ja ja, no må (vil) eg gå».

Ein kan samanlikne «ja ja» med å trekke på skuldrene, i tydinga «å ikkje bry seg» eller «ikkje ta så alvorleg».

Men det kan også tyde “Ja ja, dette vert nok ikkje lett, men vi prøver!”

Såleis er “ja ja” to forløysande små ord. Dei kan setje i gang, og dei kan avslutte.

Å forløyse nye forteljingar med bygdeblikk

Forløysing er tema for denne aller første utgåva av Jakob Sande - senter for forteljekunst sitt nye tidsskrift om og med forteljekunst.

Ifølgje Nynorskordboka kan forløyse tyde "å fri frå synd og straff", "å frelse". Ordet blir også brukt om fødslar, som i “å bli forløyst med keisarsnitt”.

Det er ikkje frelsa vi i Tidsskriftet Jaja går etter.

Våre mål ligg nærmare dei neste definisjonane i ordboka: “å frigjere, å løyse frå, å forløyse uante krefter, forløyse unge menneske si lyst til å lære” og det siste dømet: “Det forløysande ordet”, altså “rett og dekkjande utsegn i rett tid”.

Vi har jobba med å forløyse det som skal vere eit rom for å utforske skriftleg og munnleg forteljekunst. Eit tidsskrift som skal bidra til å sleppe laus fleire forteljingar og fleire røyster.

Jaja skal vere relevant for heile landet, men i Jaja legg vi vekt på at historier kjem frå ein stad. Vi skal fortelje historiene om bygda i byen og byen i bygda, og det som ligg imellom.

Kva meiner vi med det? Det er det rurale perspektivet som er utgangspunktet vårt. Vi ser alle verda frå der vi står. Mykje er likt om du lever livet ditt i byen eller på bygda, men det er òg skilnader. Ofte ser vi stereotype framstillingar av bygdesamfunna, ikkje berre i Noreg, men også i internasjonal samanheng. Samfunnsdebatten ber preg av at ein ikkje får auge på variasjonen når ein ser bygda frå utsida. Vi skal ha fram utfordringane, ja, men også ressursane, mangfaldet og kvalitetane ved bygdesamfunna.

Dei første forteljingane

Korleis forløyse forteljekunsten? Kva forløyser eit større mangfald av forteljarar? Kva forløyser skaparkrafta, slik at det ein drøymer om blir noko som finst i verda?

Og kva kan forteljekunsten forløyse i oss? Kva forteljingar forløyser det rurale perspektivet?

Slike spørsmål er det bidragsytarane til første utgåve tek føre seg.

Forfattar Katrine Sele skriv om å tore å sleppe draumane laus.

Doktogradsstipendiat og skribent Dubie Toa Kwapong skriv om korleis det å fortelje er å føre vidare, med erfaringar frå sin norsk-ghanesisk-engelske familie.

Professor Gunnstein Akselberg og forfattar Tormod Haugland drøftar omgrepet forteljekunst.

Professor Elisabeth Eide skriv om klimaforteljingane mellom generasjonar.

Forfattar og snikkarassistent Siri Helle studerer kva nitid tradisjonsarbeid i eit gamalt hus kan forløyse. Og ho skriv om kva forteljingar vi treng å forløyse frå dei små bygdesamfunna.

Den afghanske poeten Khaleda Froagh skriv om underlege draumar i eit nytt land.

I forfattar Brynjulf Jung Tjønn forløyste førespurnaden frå Tidsskriftet Jaja ein veg vidare etter den førre, kritikarroste boka hans “Kvit, norsk mann”. Ei heilt ny novelle, som sjølv slepp laus både kjensler og spørsmål hos lesaren.

Dette er nokre av stemmene du møter i første nummer, i mange ulike sjangrar: noveller, reportasjar, essay, intervju, poesi, prosa.

For eit tidsskrift om forteljekunst må også utforske i form.

...og å avslutte

Dette er byrjinga; første utgåve er klar.

Ja ja, no får vi sjå kor dette går.

P.S: Tidsskriftet Jaja er kanskje det einaste tidsskriftet som har vår eiga låt. 

Høyr songen "Jaja" av elektronikabandet Mute Mode under.

Vil du ha varsel om nye saker i Tidsskriftet Jaja?

Skriv deg på e-postlista og få godt lesestoff i innboks.

Fleire saker
Gardbrukar Gunnar Andreas Søgnen og barnebarnet Dina Søgnen, på garden "Sygnehåjen". Der har dei begge vakse opp, men i to relativt ulike tider. No går Dina på vidaregåande skule og har intervjua Gunnar om klimaendringar.
Essay

«Vi har jo sett heile reisa»

HISTORIER OM KLIMA OG ÅRSTIDER: Kva røynsler har besteforeldregenerasjonen med lokale endringar i årstider og vêr? Heng dei i hop med dei store klimaendringane på planeten? Ungdomar frå Dale vidaregåande skule spør besteforeldre og kjende for å få svar.

Scanografi av tekstilt restehjarte.
Poesi

Jeg drømmer vannet

Jeg drømmer vannets buldring over landmassene.

Forglemmegei.
Prosa

Minna som overvintra

Om å lengte når minnereservoaret ikkje lenger kan fyllast på.