Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023.

Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023. | David Zadig

Mor til Ragnar var ein fantastisk forteljar

Forteljinga som rørte Ragnar Hovland finst ikkje. Men forteljingane gjer.

Av Ingrid Nedrebø
Musikar og kulturjournalist. Frå Straumsneset i Fjaler, bur i Trondheim.


Publisert 31.08.2023
Sist oppdatert 10.09.2024

Forteljinga som rørte meg

I denne spalta spør vi forteljekunstnarar kva forteljing som har betydd mest for dei. Først ut er forfattar Ragnar Hovland. 

Ei «ittemiddagsbyge» skyl over Dale i Sunnfjord. I kontrast til byene som ofte finn stad i ytre Sunnfjord om sommaren, som eigentleg berre er éi samanhengande regnskur som aldri tek slutt, har det faktisk vore opplett før regnet kjem denne augustdagen.

Til og med sola har titta fram, og dersom regnet gjer seg, ligg det an til at det kan bli like fint denne augustikvelden som den dagen Jakob Sande skreiv «Då Gud helt fest i Fjaler» i 1954.

Diktet som er skrive to år etter at han eg skal snakke med no vart fødd.

Den (u)tradisjonelle vestlendingen

I ly for regnet, i kafeen i Løa på Klokkargarden, der Jakob Sande vaks opp, møter eg den velrenommerte forfattaren Ragnar Hovland over ein kopp kaffi. Vestlendingen som på mange måtar kan minne om ein heilt vanleg vestlending.

Ein som gjerne slår av ein prat om kor mykje det har regna i år og som tenker seg om før han gjer noko.

Men akkurat denne vestlendingen har ein spesielt imponerande bibliografi. Ei liste med nesten 50 romanar, barnebøker og noveller, sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979.

Kor kjem forteljingane hans frå?

Det er det eg skal prøve å finne ut av i dag.

Katten til Ivar Aasen

Sjølv om det enno er tidleg ettermiddag denne laurdagen, har forfattar Katrine Sele også rokke å intervjue Ragnar om tre av tekstane hans i eit slags bokbad under Fest i Fjaler, forteljefestivalen til Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Kanskje er oppmøtet så stort denne dagen fordi bygdefolket lurer på det same som eg.

Bokbadet er typisk nok akkurat ferdig akkurat i det det byrjar å regne, og frå det litterære badet til eit faktisk vått eit, tek bygdefolket praten om katten til Ivar Aasen og hunden til Baskerville og resten av karakterane som tilhøyrer det småabsurde tekstuniverset til Ragnar.

«Forteljingane derimot, dei har alltid vore ein stor del av livet mitt.»

– Ragnar Hovland, forfattar

Mor si song ved vogga

Over kaffien spør eg kva forteljing som har betydd mest for Ragnar.

Men dette spørsmålet har den prisvinnande forfattaren ikkje så lett for å svare på.

Kanskje ikkje så rart, tenker eg.

Det er kanskje ikkje så lett å finne fram den eine historia, forteljinga, teksten eller filmen som rørte aller mest, sånn på ståande fot. Ragnar har trass alt brukt store delar av sitt 71 år lange liv på å produsere forteljingar i sitt sjølvskapte tekstunivers som koplar det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde saman.

Først kjem det berre eit «nei.... sei det». 

Så er det stille litt til.

Medan Ragnar tek den tida han treng, rekk eg å registrere at det framleis regnar. Mykje.

Så ser han opp på meg: «Eg har ikkje éi enkelt historie som betyr mest for meg».

“Hm”, tenker eg. Og eg skal innrømme at eg blir bittelitt skuffa. Men så legg han til:

«Forteljingane derimot, dei har alltid vore ein stor del av livet mitt». Forteljingane i fleirtal, der altså.

Og det heile skal ha starta med mor sin song ved vogga. Nesten.

Trollet som sette fantasien i sving

Då Ragnar var liten, var han periodevis mykje sjuk. Han kunne vere sengeliggande i vekesvis, og difor pleidde mor hans å sitje på sengekanten for å underhalde den sjuke.

Med hovudet på puta og kroppen pakka inn i dyna fekk vesle Ragnar vere med inn i ei heilt anna verd enn den han sjølv høyrde til. 

«Aller best hugsar han forteljinga om trollet i motorbåten.»

– Ingrid Nedrebø, journalist

Her fekk han høyre om utanomjordiske skapningar, tussar og troll og alt det rare dei hadde føre seg.

Aller best hugsar han forteljinga om trollet i motorbåten. Detaljane rundt kva dette trollet gjorde i denne motorbåten hugsar han ikkje.

Men det han hugsar er kva forteljingane gjorde med han: Dei sette hans eigen fantasi i sving.

Det første manuset

Forteljingane frå mor på sengekanten vart til forteljingar Ragnar sjølv fortalde til veslesøstera då han vart eldre. Så vart han 16 år og byrja for å alvor å lese. Snøballen som mor hans hadde vore med på å forme, byrja å rulle.

Ragnar utforska alt han kunne. Han las alt frå klassikarar som Dickens og eventyr signert Asbjørnsen og Moe, til spenningsbøker og «seriøs litteratur», som han kallar det sjølv: Dag Solstad og Jan Erik Vold.

Mot slutten av gymnaset byrja han sjølv å skrive, men likevel levde det ikkje ein draum i han om å bli forfattar.

Heldigvis, kan ein tenke, leverte Ragnar eit manus til eit forlag som 19-åring. Og slik starta karrieren som forfattar, dramatikar og omsetjar, som har skaffa Ragnar (heiderleg omtale) utmerkingar og eit trufast lesefølgje over heile landet.

Katten til Ivar Aasen og trollet i motorbåten

Kan mora sine fantasiforteljingar om tussar i eksotiske strøk og troll i motorbåtar vere sjølve opphavet til alt Ragnar har produsert i dag?

Han seier sjølv at han ikkje hugsar så mykje av forteljingane. Ikkje detaljane.

Men han hugsar kva dei gjorde med han.

«Eg er sikker på at mor hadde hugsa alle historiene på rams om eg hadde spurt.»

– Ragnar Hovland, forfattar

Ute har det slutta å regne, og kaffien min har blitt kald. Eg innser no at Ragnar aldri fekk ein kopp kaffi. Det er uansett for seint å tilby han noko no.

«Eg er sikker på at mor hadde hugsa alle historiene på rams om eg hadde spurt», seier han.

Eg mistenker likevel at Ragnar hugsar meir enn han trur. For titlane og karakterane og historiene i forteljingane til forfattaren minner mistenkeleg mykje om dei som mor hans fortalte:

Blandinga av det absurde og det kvardagslege, av det totalt ukjende med det vi kjenner, det usannsynlege og det føreseielege.

At katten til Ivar Aasen har møtt hunden frå Baskerville er kanskje ikkje så fjernt frå eit troll i ein motorbåt.

Vil du ha varsel om nye saker i Tidsskriftet Jaja?

Skriv deg på e-postlista og få godt lesestoff i innboks.

Fleire saker
Poet og forfattar Khaleda Froagh.
Poesi

Jeg drømte underlige drømmer

Poet og forfattar Khaleda Froagh er frå Kabul, og bur no på Nesodden. Her kan du høyre og lese diktet "Jeg drømte underlige drømmer", som ho skreiv i Noreg i 2023.

AVTRYKK: På busstasjonen i vestlandsbygda Dale i Sunnfjord står skiltet «Piazza Dale» og minner oss på dei ofte usynlege rørslene i bygdene.
Essay

Livet på bygda er som abstrakt samtidsdans

Om gatene på Manhattan er scene for spontan fortausballett, er bygdelivet på Vestlandet ein samtidsdans der den utrente publikummar undrar for seg sjølv: «Har det begynt no?»

Lydbok- og manusforfattar Rolf Magne G. Andersen er førstemann ut i spalta "Skaparkraft".
Intervju

Det siste Rolf laga var ei hypnosemaskin

Med over 30 lydhistorier, sju bøker og fleire manus bak seg, er det ikkje tvil om at Rolf Magne G. Andersen er ein produktiv forfattar. Likevel vil han heller ta ut av oppvaskmaskina enn å skrive ned forteljingane sine.