Minna som overvintra

Av Benedicte Sundsbø
Litteraturvitar, dramatikar og ord-entusiast. Kjem frå Nordhordland, og bur i ein sekk, oftast i Frankrike.

Publisert 26.09.2024
Sist oppdatert 26.09.2024

Beslut:

Vil du kanske dikta? Du skal aldrig dikta mer.
Varje dikt skall vara sönderrivandet utav en dikt,
icke dikt, men klomärken

- Edith Södergran

Å verkeleg skrive om lengt er å gjere seg tynnhuda.

*

me er for gamle, godt over tjue,

då ho ein kveld kjem uventa

på døra mi iført ein hundre år gammal kjole ho har funne på eit loft

over armen har ho med ein til meg òg,

insisterer på at me må nytte sjansen til eit staseleg tebesøk

utover natta vert me til borgarskapets kvinner

snakkar fortruleg om overklasseliva våre

Uffameg, nå har slottshestene rømt igjen

Jammen godt nokon andre tek seg av det

drikk grøn te med lillefingrane til vêrs

**

*

me som ventar i turløypa medan ho spring tilbake for naudredning:

ein framand snømann langs vegen har mista hovudet

*

sjølv om det ikkje lenger finst nokon

som bind oss saman

skriv eg

me,

oss,

dei siste som såg ho i live

år seinare, då eg kjøper ny telefon, overfører eg ikkje

bursdagane til vennane hennar i kalenderen

me

tek tilværets endringar for gitt,

lydige mot tida,

medan ho

aldri meir skal

Tjuefire og eit halvt.

*

*

*

Me to som lagar kakao. eg vaskar termosen på latkvinnsvis med zalovatn som

godgjer seg utan tilsyn, ho heller over ifrå gryta, blandar kakao med såpevatn

me er tomme for mjølk og butikken er stengd.

overraskande godt, slår begge fast.

medan me drikk opp

syng ho ein nyskriven song for meg

eg har gløymt både melodien og teksten

sjølv om eg visste at musikken var det viktigaste i livet hennar

Minnet mitt tek ikkje vare på ho.


*

*

*

hukommelsen sit på sengekanten min og lyg for meg

grip penselen og måler ho til ein helgen ho ikkje hadde kjent seg igjen i

år etter år skjer det fråfall

i minnet om ho,

sviktar eg som kurator

bevarer ikkje uerstattelege måleri med aktsemd eller beskyttande lerretsduk medan eg

held vernissage over tilgrisa kunstverk utan verdi

no er det berre nokre få irritasjonsmoment eg hugsar. som korleis ho

forsøpla sine omgivnader med danseband-kanal på sin omreisande radio

og endå verre: nekta å skru ned volumet før samtlege dansa linedance

**

*

Tjuefire og eit halvt.

ingen av åra vert samtaleemne når eg fortel om ho,

om ho som var,

berre hendinga då livslina hennar stoppa og kvifor,

av alle dei tusentals kveldane hennar

er det berre

ein

som vert ståande i scenelyset, pressar seg fram i spørsmålsrekka,

gjer seg sjølv til kveldsstjerna. 

For at ikkje livet hennar skal reduserast

til ein tragedie,

hender det eg heller snakkar om ho i presens.

*

To maimånader på rad,

kvar finvêrsdag me gidd

lærer ho meg å gå slakk line

i ein av pausane legg ho ei kongle mellom øyra våre

ein kan høyre spiringa,

seier ho

i førti minutt ligg me slik,

lyttar og ventar på at konglen

sprett ut nytt liv

**

*

Sorg er dynamitten

som sprenger logikkens grenser

det fyrste eg gjer

er å skrive til ho

og spørje om det er sant

*

om det berre gjekk nok tid fyrst

hadde me kanskje byrja å seie altfor lenge sidan,

hadde me kanskje forandra oss for mykje til å trivst saman,

hadde eg kanskje sluppe unna lengta og sorga,
hadde eg kanskje sagt stive kondolerer til nære og kjære,

på trygg avstand,

utan at eg ville ha vore ein av dei.

noko i meg ville ha foretrukke det.

*

den påskeaftansmorgonen ho julepyntar stova si med plasttre og girlander berre for å syngje

julen varer helt til påske

og pakke alt vekk att.

me skrur på julemusikk og heng opp juletrekuler,

ho teiknar medan eg drikk morgonkaffien liggjande under treet

*

Ho som tok sjølvmord.

brått vert namnet hennar berre nemnt i alvorlege ordlag, eit ordlag som ikkje kler ho

døden vert gjort til hovudperson og i andre sine samtalar i etterkant av hendelsen finn eg

ho,

subjektet,

ingen stad igjen

*

kvar gong andre går i låge tonar der ho hadde fortalt ein vits

aukar bekymringa mi

at eg sidan ikkje har funne ein vaksen å verkeleg leike med

og ikkje veit om eg finn ein att

*

Sumaren året før, eg og ho berrføtt, ikledd badeklede.

framme har me rekna feil

det er ei veke til utandørsbassenget skal opne for sesongen

kroppane våre veit løysinga før orda får det med seg

ugrasiøst klatrar me over det høge gjerdet og

duppar med badeleikar til me har symjehud på fingrane og ler til klorvatn gurglar i halsen.

Trur du det er overvakingskamera her?

Ho legg seg på rygg og glisar. Nå er det for sent.

Av Benedicte Sundsbø
Litteraturvitar, dramatikar og ord-entusiast. Kjem frå Nordhordland, og bur i ein sekk, oftast i Frankrike.
Publisert 26.09.2024
Sist oppdatert 26.09.2024

I residens

I denne spalta inviterer vi skribentar som har vore i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst, til å dele frå påbegynt arbeid.

Denne teksten er eit sjølvbiografisk minneskrift om lengt, som Benedicte Sundsbø arbeidde med i residens. 

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. Les utgåva her.

Utdrag av diktet "Beslut" av Edith Södergran frå Världen är min. Dikter och fotografier. Agneta Rahikainen och Eira Sillanpää, 2023. 

Vil du ha varsel om nye saker i Tidsskriftet Jaja? Skriv deg på e-postlista og få godt lesestoff i innboks.

Treng du nokon å snakke med?

Her kan du dele tankar og kjensler heilt anonymt og få støtte, råd og rettleiing:

Her finn du fleire hjelpetelefonar og chat-tenester som kan vere til hjelp når du har det vanskeleg.

For barn og unge:


Forglemmegei.

Forglemmegei. | Foto: Lyricalcode Dusk/Unsplash

Fleire saker
Novelle

Kinesaren

I det vesle stabburet på tunet låg papa og jamra. Den store papaen hadde lege der og jamra i fleire veker. Han visste det ikkje sjølv, kor sytete han var, men i den vesle senga i det vesle stabburet låg den store papaen og var som eit barn.

Leiar

Lenge leve lengten

Lengten er ein streng frå menneska til tida. Du finn den i tidsskrifta.

Forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug har vore i residens i Jakob Sande-tunet.
Prosa

Ram-sa-sa

Teksten om tekstane eg tenkjer på når eg skal stri med tekst, men som eigentleg handlar om tida sitt grapsande og klanglause ram-sa-sa.