Statua av Lemanjá - havgudinna i candomblé-religionen - speidar i retning det afrikanske kontinentet ho kjem frå, med beina godt planta i Brasil.

Statua av Lemanjá - havgudinna i candomblé-religionen - speidar i retning det afrikanske kontinentet ho kjem frå, med beina godt planta i Brasil. | Siri Helle

Kva var vel språk utan lengt?

Den tyngste historia kan ha gjeve plass til eit av verdas mest løfterike ord.

Av Siri Helle
Skribent, forfattar, utdanna agronom og snikkarassistent. Bur i Holmedal i Sunnfjord.


Publisert 17.04.2024
Sist oppdatert 10.09.2024

Lengt er tema for andre utgåve av Tidsskriftet Jaja. I ein serie tekstar som blir publiserte våren 2024, utforskar bidragsytarane det å lengte.

Lengt er ei drivkraft for å skape og endre, men kan også bryte ned og øydelegge. Kvifor lengtar menneska? Kva lengtar vi etter? Og kva gjer lengten for oss?

Kva er det beste ordet du veit om? Har du eitt ord som liksom får det til å kitle litt i hjarterota? På norsk synest eg det er ganske vanskeleg å finne sjølve Ordet. Gravferd legg seg litt på mellomgolvet, kjærleik er ein heilt grei måte å seie det på og kjensle har litt av nettopp det. Men favorittordet mitt er nok på eit anna språk.

At det er lettare å velje eitt ord på portugisisk enn på norsk, kjem heller ikkje av mindre å velje i. For eg er langt frå aleine om å velje nett dette ordet på nett dette språket. Det er rett og slett ganske lett å innsjå at det sterkaste og mest kjenslerike ordet i Brasil, er ordet saudade.

Uttala er ganske lett: trykk på nest siste staving – altså lang a mellom d-ane – og stemt ending, der e skal uttalast i: saudaadji.

Så kjem det som er litt vanskeleg – og samstundes årsaka til at denne teksten finst: at det som gjer saudade så vakkert og viktig er det same som gjer det så vanskeleg å omsette.

Frå nostalgi til framtidstru

Google translate vil ikkje vere samd med meg, då. Før eg ein gong har skrive ordet ferdig vil dei fortelje meg at den norske omsettinga er lengsel. Dei tek ikkje feil - men har heller ikkje rett.

For å kjenne saudade er mykje meir enn det å lengte – som vi definerer som å kjenne sakn eller hige etter noko. Saudade er større enn sakn. Det går lenger, det følest sterkare, ropar høgare – og ikkje minst har det meir glede i seg.

Saudade ligg som eit grunnfjell for ein som har flytta frå heimstaden sin. Slik veks det inn i identiteten. Men også for ein som har vorte buande, kan saudade vere knytt til heimstaden slik han ein gong var – til minnene. Nostalgi kan få fritt spelerom i saudade-verda.

«Saudade er større enn sakn. Det går lenger, det følest sterkare, ropar høgare – og ikkje minst har det meir glede i seg.»

– Siri Helle

Likevel kan saudade òg syne – og hjelpe oss – framover: Mitt fyrste møte med Brasil var i den enorme sosiale rørsla MST – Dei jordlause. Her var eg i nokre månader ein bitte liten del av eit svært fellesskap som var spreidd over heile Brasil og aldri møttest, men som var saman i trua på at ei betre verd var mogleg, og at vi bygde ho gjennom å dyrke jorda kringom oss. Ikkje fordi det redda verda i seg sjølv, men fordi det dytta ho i riktig retning.

Eit slikt fellesskap har eg aldri funne att i vårt kalde nord, men den kjensla det gav meg – som no bur i mitt saudade-hjarterom – kan eg hente fram når eg kjenner meg aleine om å tru at potetåkeren min er med på å redde verda, til dømes, og (det kan vere) ho kan gje meg krafta eg treng for å sette spaden i jorda denne våren òg.

Kor min saudade kjem frå og kva han gjev seg uttrykk i, definerer både kven eg er i meg, og kven eg høyrer saman med. Saudade er ein kjærast som ein alltid saknar, men som aldri kan gjere det slutt: ein kjærleik som vert verande.

Gleda i sorga

Var det forståeleg? Portugisisk wikipedia gjev meg objektiv forklaringshjelp: the joy of grief, foreslår dei.

Gleda over sorga. Sorga si glede. Det er mykje saudade i det. Og mykje Brasil.

Om det heiter seg at alt er stort i USA, så er ganske mykje stort i Brasil òg. Rumpene er store, bønnegrytene – og ikkje minst er språket stort. Du snakkar ikkje portugisisk med leppene – nei, du må opne munnen, samt uttrykke deg med tonefall og musikk. Mange snakkar ganske høgt òg. Ikkje minst brukar dei mange store ord. Kjærleiken er stor, og brasilianarar har kjenslene på utsida.

Difor treng dei kjensleprega ord.

Kan det òg ha noko å gjere med at dei har ei temmeleg kjensleprega historie?

}

«Sjølv det mest brasilianske av det brasilianske, sambaen, har røter ein annan stad: i Afrika. Og om ordet saudade er portugisisk, er innhaldet i det prega av langt mindre frivillige reiser.»

– Siri Helle

Nye fellesskap

Gatene eg går gjennom no, i byen som heiter Salvador og var Brasils fyrste hovudstad, er berre halvparten så gamle som dei eldste gatene i Bergen – men er likevel blant dei eldste i heile Brasil, eit land som jo, i namn og fellesskap og grensesetting, er ungt – og med eit stort mangfald.

Når delstaten Santa Catarina i sør er heim for den største oktoberfesten utanfor Tyskland, er det fordi mange her har tysk opphav og har tatt med seg tysk kultur. I São Paulo finn vi ein japansk bydel om lag på storleik med Drammen. Og ikkje minst tok dei portugisiske koloniherrane med seg meir enn berre språk: også byggestil og religion – og heimlengt.

Ja, for sjølve ordet saudade er jo portugisisk – og sjølv herrane i landet kjende nok på dugeleg med heimlengt der dei streva seg gjennom jungelen eller svetta i malaria eller ikkje fekk kveiten til å vekse.

Likevel. Sjølv det mest brasilianske av det brasilianske, sambaen, har røter ein annan stad: i Afrika. Og om ordet saudade er portugisisk, er innhaldet i det prega av langt mindre frivillige reiser.

Transatlantisk kultur

Den transatlantiske slavehandelen sende ein stad mellom 9 og 12 millionar afrikanarar til Amerika. Den klart største mottakaren var Brasil, som aleine tok seg av kring halvparten, og den klarte største mottakarhamna var i Salvador, Bahia.

Her eg står og går, på skeive brustein og mellom bygningar i kolonistil verna av UNESCO, kan minst 1,3 millionar afrikanarar ha kome i land.

«Kanskje er det her alt kjem frå: I stoltheita over ein levande kultur bur saknet av opphavet til den same kulturen – ei verd, ein stad, eit liv som ikkje er her meir.»

– Siri Helle

1,3 millionar er utruleg mange menneske. Likevel er det berre ein brøkdel av alle afrikanarane som har budd her – fordi det berre er fyrste generasjon. Offisielt var slaveriet lovleg fram til 1888, men identiteten – som afrikanar, som tidlegare slave og framleis undertrykt - er her på mange vis enno.

Framleis har kring 80 prosent av innbyggjarane i Salvador afrikansk opphav. Byen er rekna som ein av dei mest melaninrike utanfor Afrika. Då er det ikkje rart at dei afrikanske kulturuttrykka er tydelegare her: kampsportdansen capoeira vart til fordi slavane ikkje fekk trene kampsporten dei var vane med, og gjorde han om til ein dans – eller eit spel. Det vert spelt capoeira over heile Brasil, men sjeldan med den tettleiken eller den intensiteten som ein finn i Salvador. 

Om maten her er basert på ris og bønner som i resten av landet, har bønnegrytene her oftare ein smak av dendê – palmeoljen som er minst like vanleg i matlaging på andre sida av Atlanterhavet. Trommeorkestera speler samba og samba-reggae – men òg dei religiøse rytmane nytta i candomblé, religionen som liknar afrikanske religionar, men som vart til når mange av dei religionane møttest, og som difor ikkje eksisterer akkurat slik nokon annan stad enn nett her.

Når du kjem inn i eit rom her kan du i staden for hei seie a. Axé tyder fred, og er ikkje portugisisk, men eit ord frå candomblé. Eit ord som er vakkert og sterkt og høgst levande slik så mykje av candomblé-kulturen framleis er – frå damene (as baianas) som sel dendê-friterte bønnekaker (acarajé) – as baianas de acarajé er religiøse ikon i like stor grad som turistikon. 

Til feiringa av havgudinna Lemanjá ber dei sine tradisjonelle plagg og lagar sin tradisjonelle mat med stoltheit, som eg får vere med på, og som i god brasiliansk tradisjon er ein gedigen gatefest med enorme mengder øl og cachaça og folkemengder det ikkje går an å røre seg i, samstundes med religiøse seremoniar og tungetale og blomar som flyt i havet og er gåver til Iemenjá.

Skapande sakn

Og kvifor alt dette pratet om afrikansk kultur og religion i ein tekst som skulle handle om gleda i å lengte og sakne? Ja, fordi alt dette sjølvsagt er saudade. Kanskje er det her alt kjem frå: I stoltheita over ein levande kultur bur saknet av opphavet til den same kulturen – ei verd, ein stad, eit liv som ikkje er her meir. 

Å leve i stoltheit som den ein er, her ein er, er ein måte å anerkjenne saknet etter det mange generasjonar gamle heimlandet på. Overgrepet som vart gjort kan aldri gjerast om, det opphavelege heimlandet finst ikkje meir – gjennom saudade kan ein fylle det holet i tilværet på ein kreativ og skapande måte.

««Når du ikkje veit kor du skal gå, sjå deg attende, så veit du i det minste kor du kjem frå.»»

– Afrikansk uttrykk

Ja, for utan skaparkraft kan saudade verke så sterkt at det vert dødeleg: Ein kalla det banzo når slavar rett og slett la seg ned for å døy. Dei slutta å ete, slutta å drikke, slutta å røre på seg, og vart liggande heilt til det ikkje var meir pust att i dei, og dei vart sjølvsagt kalla både late og ubrukelege. Av meir seriøse forskarar vart den temmeleg utbreidde sjukdommen kalla melankoli og framtidsfrykt, men heller ikkje det forklarte alt: Truleg var banzo eit resultat av vonlause framtidsutsikter, men i kombinasjon med ei like intens lengt – ei saudade – til alt ein var tvinga til å forlate.

I dag er banzo eit ord for det å vere trist eller nedstemd, og vi veit ikkje om – eller i kor stor grad - saknet av Afrika framleis trykker på Brasil. Men om overflata i Salvador i dag lyser svart stoltheit, er jo røyndommen oftare ein annan, for Brasil er òg framleis eit fargedelt samfunn der dei melaninfattige delstatane er dei rikaste. Salvadorianarar har likevel ei eiga evne til å bokstavleg tala danse vekk vanskelege tider. Kanskje har dei framleis med seg eit av dei afrikanske uttrykka som klarte seg heile vegen over Atlanterhavet:

«Når du ikkje veit kor du skal gå, sjå deg attende, så veit du i det minste kor du kjem frå.»

Vil du ha varsel om nye saker i Tidsskriftet Jaja?

Skriv deg på e-postlista og få godt lesestoff i innboks.

Fleire saker
Leiar

Lenge leve lengten

Lengten er ein streng frå menneska til tida. Du finn den i tidsskrifta.

Forfattar Ragnar Hovland på scena under forteljefestivalen Fest i Fjaler, august 2023.
Intervju

Mor til Ragnar var ein fantastisk forteljar

Forteljinga som rørte Ragnar Hovland finst ikkje. Men forteljingane gjer.

Leiar

Tidsskrift, bygdeblikk og to forløysande små ord

Forløysing er tema for denne aller første utgåva av Jakob Sande – senter for forteljekunst sitt nye tidsskrift om og med forteljekunst.