
Illustrasjon: Signe Wohlfeil
Kven trur du at du er?
Vi flyt i eit hav av forteljingar, og vår båt er lasta med uklare meldingar. Når vi les og lyttar, ser vi klarare.
Utgåve 3 av Tidsskriftet Jaja har tema «Kven trur du at du er?». Utgåva handlar om dei forteljingane vi omgir oss med, medvite og umedvite, som enkeltpersonar og samfunn. Bidraga til utgåva blir publiserte frå november 24 til februar 25.
Denne leiaren røper handling frå romanserien Utregning av romfang.
I Solvej Balles romanserie Utrekning av romfang les eg om Tara, som sit fast i den 18. november.
Altså: Kvar morgon vaknar ho til den same dagen.
Medan Tara tel kor mange 18. novemberar ho har vakna til, veks det gradvis fram to parallelle samfunn: Eitt for dei som veit at dei vaknar til den same dagen. Eit anna for dei som vaknar kvar morgon som om det var ein heilt vanleg novemberdag, og gjentek dagen frå i går utan å lure på om tida går framover, er øydelagt, har stansa eller kanskje beveger seg i rykk og napp.
I femte bind har Tara og dei andre menneska ho etter kvart møter, sete fast i tusenvis av dagar. Dei samlar seg på det forlatne universitetsområdet Val Benoit. Eg søker det opp, oppdagar at universitetsområdet eksisterer og kjenner det att frå Balles roman, overraskande presist: Vakre, nedslitne bygningar. Delvis skjulte fliser på golvet i store hallar, støvete arkivskap og gamle føredragssalar. I boka går novembermenneska saman om å ta vare på bygningane. Dei reparerer, reingjer, pussar og set i stand, og tek romma i bruk.
Så samlar dei seg om eit felles prosjekt: Dei vil utforske alle tenkjelege emne. Alle former for utforsking vil dei rekne som kunnskap, og den eine kunnskapsforma skal ikkje vere meir verd enn den neste. Nokre balar med å forstå kva som har skjedd med tida. Men dei fleste vender seg mot andre spørsmål: Storkonflikter, kjærleiksmøte, maktstrukturar, pengestraumar, arkeologiske undersøkingar, og så vidare.
Eg les scenene frå Val Benoit som vakre (og stundom utmattande) bilete på trongen til å forstå, forklare og fortelje. I Tidsskriftet Jaja har vi eit liknande prosjekt, når vi no lanserer tredje utgåve. Denne gongen undersøker vi spørsmålet «Kven trur du at du er?». Med spørsmålet inviterer vi både bidragsytarar og lesarar til å utforske dei forteljingane vi omgir oss med, medvite og umedvite, som enkeltpersonar og som fellesskap.
Vi menneske fortel heile tida, skriv Gunnstein Akselberg. Frå personlege danningsforteljingar til samfunnsdiskursar og ideologiske forteljingar: Vi fortel i indre dialog og i draume, til kvarandre i samtalar, sosiale medium, klasserom, aviser, politiske møte, forsking, litteratur og sakprosa. Ved å fortelje skapar vi meining av livserfaringane våre. Samstundes avslører vi noko om kven vi tykkjer at vi er, eller kven vi vil vere.
Vi held ope kven du-et i spørsmålet er, og det kan like gjerne vere eit vi. For nokre av bidragsytarane er det ein sjølv, for andre er det vestlandske bygdesamfunn, Noreg, eller verdssamfunnet.
Korleis vert du forma av dei første hendene som ber deg, lurer eg når eg les Norsk kjøt av Brynjulf Jung Tjønn. Kva oppdagar fotograf Heidi Hattestein når ho vender kameraet mot seg sjølv og mot mennene og kvinnene som har folkesett hennar land? Kven møter Torkel Eikevik når han forhandlar med seg sjølv om kjærleik? Og kan ChatGPT også vere nokon, spør Jan Grue.
Les desse tekstane no på tidsskriftetjaja.no.
Vi held fram med å publisere tekstar i tredje utgåve på tidsskriftetjaja.no fram til februar 2025. Stay tuned og skriv deg på e-postlista, som vi seier på Internett.
I Balles roman er det to spørsmål som dirrar i bakgrunnen. Det første er for kven tidsforstyrringa er den største tragedien. Er det for dei som uvitande opnar augo til den same dagen som i går, tuslar ut på kjøkkenet og koker opp vatn til ein tekopp for tusande gong? Eller er det for dei som blir vitne til kjærestar, vener, foreldre, born og framande som gjentek dagen frå i går?
Det andre er spørsmålet er knytt til at novembermenneska sakte tømmer verda for ressursar. Dei vaknar til den same dagen, men butikkhylla der dei fann hermetikk er litt tommare enn dagen før. Og nokon spør: Går ikkje vår utforsking då på bekostning av nokon andre? Er utforskinga vår då fri?
Og eg les og eg undrar: Er dette ei forteljing om gapet mellom oss når verdsoppfatningane sklir frå kvarandre og vi deler oss i polar? Er det ein kommentar om den ulike tilgangen på kunnskap, tvil om kva som er sant og usant, skeive maktstrukturar og gap mellom fattig og rik?
Eller les eg kan hende berre Utrekning av romfang inn i forteljingane eg allereie omgir meg med?
I vår tid sym vi i ein straum av informasjon, ofte med ukjende avsendarar og uklare motiv.
Å lese og lytte er ei sosial handling. Du let andre dele sine verdsbilete og si livserfaring med deg, om det er i bøker, tidsskrift eller munnleg forteljing. Slik kan vi laste båten med motvekt mot delelinjene mellom oss, som Balle kanskje - eller kanskje ikkje - skriv om.
Eg håper utgåva bidrar til undring om forteljingar som formar, splittar og samlar.
Kinesaren
I det vesle stabburet på tunet låg papa og jamra. Den store papaen hadde lege der og jamra i fleire veker. Han visste det ikkje sjølv, kor sytete han var, men i den vesle senga i det vesle stabburet låg den store papaen og var som eit barn.
Biru Unjárga romantiserer bygda passe mykje
Etter å ha sett Føkkings Nesseby kan du i alle fall eitt bannord på samisk.
Who do you think you are
If I thought I was someone before I came to Norway, like a character in an ancient proverb I have undertaken a kind of unwilling, ungracious humbling.