
Foto: Sandra Hallnor, Portraits of Lapland
Samisk forteljekunst med Tina Harnesk
Lytt til intervjuet med Tina Harnesk om samisk munnleg forteljetradisjon, samisk litteratur og motstandskamp.
– Det er gjennom forteljingane vi har hugsa historia, formidla kunnskap og tru, og gjort motstand og synt verdet til naturen og menneska, seier Harnesk.
Som forfattar og bibliotekar frå Arvidsjaur i Sverige, har ho granska, samla og skrive om dei samiske forteljingane.
I 2023 debuterte ho med romanen Folk som sår i snö, som vart kåra til «Årets bok i Sverige» same år. I 2024 gav ho ut romanen Mödramärg. Harnesk har lulesamisk bakgrunn, og vaks opp i Jokkmokk i Norrbotten.
Forfattaren vert intervjua av Tora Hope, redaktør i Tidsskriftet Jaja.
Episoden er produsert av Viljar Losnegård.
Lydstudio ved Preform.
Verda slik vi kjenner ho (1/2025)
Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du endre, og kva vil du ikkje miste? I denne digitale og fjerde utgåva av Jaja, inviterer vi bidragsytarar til å utforske kva som står på spel for verda slik vi kjenner ho i dag, gjennom tekstar og bidrag i ulike sjangrar.
Tekstane i utgåva blir publiserte frå juni til november 2025.
ISSN 3084-1747 (digital utg.)
Jobbar med orda for å finne håp i håpløysa
Også i draumeverda vert Khaleda Froagh minna om dei bitre røynslene frå ein krigsherja nasjon.
Og no over til vêret
Dei nye rapportane frå FNs klimapanel viser at det er veldig varmt. Ein performativ tekst frå poet og dramatikar Marianne Skår.



