
Trump-administrasjonen vil styrke medium, forskarar og andre som fremjar ein konservativ agenda i Europa med mange millionar kroner. Forteljingar har spela ei viktig politisk rolle langt attende i menneska si historie. seier professor emeritus i språkvitskap Gunnstein Akselberg. | David Zadig
Lygesoger frå den ovale forteljescena
Donald J. Trump konstruerer lygesoger om Grønland etter kvart som han treng dei, seier Gunnstein Akselberg i dette lydessayet, smidd etter dialogen mellom far og son i «Kongsspegelen».
Blant dei siste nyhendene frå Det ovale kontor er at Trump-administrasjonen vil bruke 230 millionar kroner på å støtte samfunnsgrupper med ein konservativ agenda. Ifølgje Reuters skal midlane blant anna styrke høgreorienterte medium i Europa og delast ut til andre som fremjar saker som nasjonal suverenitet og «vestleg identitet».
«Alle meldingane som Donald J. Trump sender ut frå Det ovale rommet, er forteljingar», seier språkprofessor Gunnstein Akselberg i dette lydessayet.
I det pedagogisk-filosofiske skriftet Kongsspegelen frå midten av 1200-talet, stiller ein son spørsmål og får svar frå far sin. Boka var ei slags lærebok for sønene til Håkon Håkonson, som var konge frå 1217-63.
Inspirert av dialogforma i Kongsspegelen drøftar Akselberg det han kallar dei digitale og ovale forteljingane frå Trumps digitale forteljestove på Det ovale kontor.
Episoden er produsert av Viljar Losnegård.
Lydstudio ved Tekstallmenningen og Tekstallianse.
Musikk ved Mute Mode.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar med trufaste lyttarskarar, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
Kystforteljingar
Finst det ein eigen forteljestil langs kysten? Og kvifor blir litteraturbåtleiar Maria Pile Svåsand blyg om ho må utbrodere framfor andre vestlendingar?
«Du æ djevlige å få da te»
Sande-biograf Ove Eide skriv om Jakob Sande og munnlege forteljetradisjonar.
Forteljingar som røyndom og minnestruktur
Det sjølvsagte kjem først fram når det forsvinn eller endrar seg. For historikar Håvard Klyve Parr har kvardagsforteljingane byrja å skine på ein ny måte.



