
Eg er indoktrinert i ein forteljestil som ikkje tillét verken det eine eller hitt av vidare utbrodering, fortel Maria Pile Svåsand. Ho er tredje generasjon Svåsand som driv litteraturbåt. Her er pappen, Knut Jørgen Svåsand, ombord. | Foto: Privat
Kystforteljingar
Finst det ein eigen forteljestil langs kysten? Og kvifor blir litteraturbåtleiar Maria Pile Svåsand blyg om ho må utbrodere framfor andre vestlendingar?
«Jon Fosse fekk nobelprisen for alt han seier mellom linjene. I tildelingstalen sa Svenska Akademien at han med den radikale reduksjonen av språk og dramatisk handling viser kjerna av menneskeleg angst og ambivalens. Eg trur også Fosse har høyrt på strandbermingar som fortel med få setningar om dei store tinga», seier Maria Pile Svåsand i lydessayet «Kystforteljingar».
Skribenten vaks opp og jobbar på litteraturbåten Epos, som sidan sekstitalet har frakta med seg eit lite bibliotek og ei gruppe store personlegdomar med kulturprogram til bygder, nes og øysamfunn langs vestlandskysten. Dagleg kan ho høyre sjøfolk som fortel frå dei sju hav og litt til. Og dei fortel på sitt vis.
Høyr heile essayet der Maria tek føre seg forteljestilen ho skipar på i avspelaren under, i Spotify eller der du lyttar til podkast.
Skrive og fortalt av Maria Pile Svåsand.
Produsert av Viljar Losnegård.
Musikk av MuteMode.
Lydstudio ved Tekstallianse og Tekstallmenningen.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar med trufaste lyttarskarar, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
Fortellingen om framtidens superintelligens er forførende
Anne Sigrid Refsum fra Senter for digitale fortellinger ved UiB tar for seg fortellingene knyttet til kunstig intelligens.
Kva er det alvorlegaste augeblikket i ditt liv?
Heidi Hattestein inviterer forskjellige folk til å lese frå «Det alvorlegaste augeblikket i livet» av poeten César Vallejo – og til å dikte vidare.
Flytende fortellinger
Nordnorsk historiefortelling er et spørsmål om liv og død, skriver Kristina R. Johnsen.




