
Illustrasjon: Maria S. Astrup
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no
Sidan før skrifta har mennesket fortalt. I dag har den munnlege forteljinga fått ein renessanse, med lydforteljinga og podkastarar som fortel, underheld, preikar og påstår. Og når det knirkar i dei globale samanføyingane, kjempar forteljarane om plassen med sine forførande historier.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. Bidraga i utgåva blir publiserte frå januar 2026 til kring juni 2026. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
I den nye digitale utgåva Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no, dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst. Dei komande månadane publiserer vi bidrag på tidsskriftetjaja.no som undersøker kva munnleg forteljekunst er og kva rolle den speler for oss.
Dei mange måtane å fortelje på
Menneskets forteljeevner byrja med det munnlege, før skriftspråket vart oppfunne.
Nokre er storslagne forteljarar som dreg lyttarane inn i spaning eller forførande førestillingar. Somme fortel i enkeltord eller ei velplassert setning. Andre har eit nærvær som fengslar, og fortel mykje med få ord.
Vi fortel om huldra, Styggemannen og troll, om det vi sjølve har opplevd, om Gud og samfunn, og vi fortel om moderne monster, kunstig intelligens, identitet og kropp.
Vi skal setje oss på ljugarbenken, prøve å finne fram til den vestlandske og den nordnorske forteljetradisjonen, og vi skal gruble på kvifor og korleis vi fortel.
Lydforteljingane og den digitale preika
Munnlege forteljetradisjonar har ikkje berre djupe røter i historie og stadar. Med nye plattformer har det å fortelje fått eit oppsving.
Radio, podkast og lydbøker har gitt oss store og nyskapande lydforteljingar. Lydformata har samstundes endra samspelet mellom lyttar og forteljar, og gjort lytting til noko ein kan gjere åleine – og nærmast konstant om ein vil.
Og dei som meistrar desse formata, kan setje dagsorden. Mange meinte presidentvalget i USA hausten 2024 blant mykje anna vart påverka av at Donald Trump deltok i den populære podkasten The Joe Rogan Experience, og det at Kamala Harris ikkje stilte som gjest i samme podkast. Her heime har fleire kommentatorar hevda at Frp sigra i skulevalet hausten 2025 fordi FpU-kandidatar som Simen Velle meistrar TikToks spissformulerte, kortfatta og munnlege format.
Ingen plass fløymer vel meir over av mytar enn den etter kvart ganske vaksne Internett-kulturen. Samstundes som teknologi påverkar forteljingane, er det mange mytar knytt til teknologien sjølv. Og likskapstrekka mellom dei digitale og dei folkelege mytane er kan hende fleire enn vi trur.
I månadane framover vil du finne artiklar, intervju, essay og lydforteljingar som utforskar desse temaa i Jaja.
Frå kjøkkenbordet til Det kvite hus
Vi byrjar med to bidrag som syner korleis munnleg forteljing kan spenne frå kjøkkenbordet til verdspolitikken.
I essayet Forteljingar som røyndom og minnestruktur reflekterer Håvard Klyve Parr kring blikket han har med seg frå oppveksten i ein vestlandsk forteljarheim.
Og intervjuet Makt, endetid og forteljekunst med podkastvert og samfunnsdebattant Hilde Sandvik handlar blant anna om å insistere på tvisyn og tillit, og om den kraftfulle blandinga av forteljekunst, religion og politikk.
– I kanskje større grad enn nokosinne lever vi i mange informasjonskrigar på ein gong, der mange ulike krefter har behov for at deira narrativ når gjennom, seier Sandvik i intervjuet.
For henne har det å halde fast ved tvisynet blitt ei rettesnor i vår skråsikre tid.
Skriv deg på nyhendebrevet vårt om du vil ha varsel om nye tekstar i utgåva framover.
Makt, endetid og forteljekunst med Hilde Sandvik
– Om vi ikkje snakkar saman, står vi att med valden, seier Nordens podkastdronning Hilde Sandvik. Lytt til intervjuet om makt, endetidsforteljingar og forteljekunst, og om tillit og tvisyn i ei skråsikker tid.
Forteljingar som røyndom og minnestruktur
Det sjølvsagte kjem først fram når det forsvinn eller endrar seg. For meg har kvardagsforteljingane det siste året brått byrja å skine på ein ny måte.


