
- Å halde fast på tvisynet er nærmast blitt ei livsrettesnor for meg, seier Hilde Sandvik. | Foto: Rahi Rezvani
Makt, endetid og forteljekunst med Hilde Sandvik
– Om vi ikkje snakkar saman, står vi att med valden, seier Nordens podkastdronning Hilde Sandvik. Lytt til intervjuet om makt, endetidsforteljingar og forteljekunst, og om tillit og tvisyn i ei skråsikker tid.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. Bidraga i utgåva blir publiserte frå januar 2026 til kring juni 2026. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
Å fortelje er eit urmenneskleg instinkt frå førskriftlege tider. Med oppsvinget av munnlege format, som lydforteljingar, podkastar med trufaste lyttarskarar og tiktokarar som påverker val, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse.
Lagar podkastarane munnleg forteljekunst? Og korleis kan vi navigere kreftene som kjempar om merksemd og makt, væpna med forførande endetidsforteljingar?
I dette intervjuet snakkar redaktør Tora Hope med Hilde Sandvik om makt, endetidsforteljingar og forteljekunst, bygd og sentraliseringskraft, og om tillit og tvisyn i ei skråsikker tid.
Sandvik er journalist, debattant og programleiar for podkasten Norsken, svensken og dansken. Ho er tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, har vore redaktør for Syn og Segn, gitt ut bok om hersketeknikkar og grunnlagt den nordiske plattformen Broen.xyz.
Episoden er produsert av Viljar Losnegård.
Musikk av MuteMode.
Lydstudio ved Preform og Tekstallianse.
Opptak er gjort 12. desember 2025.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no
Sidan før skrifta har mennesket fortalt. I dag har den munnlege forteljinga fått ein renessanse, med lydforteljinga og podkastarar som fortel, underheld, preikar og påstår. Og når det knirkar i dei globale samanføyingane, kjempar forteljarane om plassen med sine forførande historier.
Forteljingar som røyndom og minnestruktur
Det sjølvsagte kjem først fram når det forsvinn eller endrar seg. For meg har kvardagsforteljingane det siste året brått byrja å skine på ein ny måte.


