
Jakob Sande med fela.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar med trufaste lyttarskarar, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. Bidraga i utgåva blir publiserte frå januar 2026 til kring juni 2026. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
Jakob Sande henta stoff og motiv til tekstane sine frå mange kjelder: personlege kjensler og erfaringar, opplevingar av landskap og folkeliv, historie, Bibelen, klassisk og heimleg litteratur, folkediktinga – og den munnlege forteljekulturen. Denne femner om eit mangfald av former: råkande replikkar, vitsar, rykte, vandrehistorier, segner, eventyr, minneforteljingar, anekdotar, skrøner.
Mange av desse munnlege uttrykka vart løfta fram i det opne rommet i lokalsamfunnet, som innslag i revyar, kåseri, sketsjar og opplesingsnummer. Og der var dei meir enn berre rein underhaldning: Dei gode historiene i lag og lyd var ledd i å byggje fellesskap, men dei kunne også la enkeltpersonar verte offer for lått og løgje, og dei kunne innehalde beisk samfunnskritikk. Dette er folkehumoren som luftreinsar i ei bygd: «I gamle dager ble bygdesladderen lufta ut på scenen i ungdomshuset» (Arntzen 2007: 233). Sketsjane var gjerne bygde på situasjonskomikk, saftig språkbruk og overdriving.
I denne artikkelen vert det skissert eit bakteppe for innslaga av munnleg forteljekunst i Jakob Sandes dikt og løfta fram nokre døme på denne påverknaden i forfattarskapen.
I. Eit bakteppe
Skrøna
Skrøna var ein viktig sjanger i den munnlege kulturen, ei oppdikta, humoristisk forteljing, som påstår at det fortalde er skiraste sanninga. I forordet til Kittelsen og Skeibroks Sannferdige skrøner definerer Johan Borgen skrøna slik:
Den ekte skrønen er en kort fortelling, bygd på noe som har hendt, artistisk utformet – gjerne ved overdrivelsens hjelp – til noe som bare så vidt kan ha hendt. Det skal en dikter til for å gjøre en sann skrøne; en som kan sammenstille elementene fra virkeligheten slik at de vokser i anskuelighet, styrker karakteristikken, fremhever poengene, danner en helhet. (Borgen 1964: 7)
Både Kittelsen og Skeibrok hadde evne til å sjå heile samfunnet, med sitt mangfald av menneskelagnader og personlegdomar. Men dei hadde også «… et ualminnelig åpent øye for det rare, det medynkvekkende, det groteske.» (Borgen 1964: 12). Jakob Sande hadde same evna.
Ei skrøne kan vere i eg-form, der forteljaren legg ut om hendingar han eller ho skal ha opplevd, eller i tredje person, om nokon som har vore ute for noko heilt uvanleg. Det heilt urimelege vert fortalt som sanning. Ei vellukka skrøne er avhengig av framføringa: stemmebruk, mimikk, kroppsspråk, men også av samspelet med eit innforstått publikum. For ein skrønemakar må ikkje verte tatt for å vere løgnar! Ei skrøne og ei løgn er to heilt forskjellige uttrykk. For skrønemakaren gjeld det om å underhalde, fortelje ei god historie. Det handlar om forteljekunst, om språkleg fargelegging, ikkje løgn. Løgnaren lyg for å oppnå noko, løfte seg sjølv, vinne status. Bommar du på dette skiljet, tek skrøne for løgn, er det uråd å sjå humor i det fortalde.
I skrøna finn vi eit mangfald av språklege verkemiddel. Overdrivinga er nok det fremste kjennemerket, men også kontrast, ordspel, allusjonar, uventa samanlikningar og språkbilde, kvasse replikkar og grove personkarakteristikkar, ofte forma i eit talemålsnært språk. Ein uventa slutt vert applaudert, gjerne eit overraskande perspektivskifte som set det fortalde i eit nytt lys – humoristisk eller tragisk – eller begge deler på ein gong.
I folkekulturen var den slagferdige replikken og den råkande personkarakteristikken høgt verdsett. Ei slåande formulering kunne få eit langt liv, anten den var uskuldig humoristisk eller infamt drepande: «Vestpå har humoren og ironien vore farlege våpen frå dei eldste tider. Tunga var ofte farlegare enn knyttneven» (Tveit 1975: 78). Sogningen Einar Førde tok endå hardare i: «Eg kjem frå den delen av landet kor det ikkje er noko som heiter høvisk tale. Det dreier seg om grader av sjikane.» (Sitert etter Aftenposten 12.12.2025.)
Skrøner i tale og skrift
Skrøner og andre munnlege forteljeformer finst både i bokform og som scenekunst. Scenehumoren er framhald av skrønemakartradisjonen, men forteljaren har gått frå å vere kjendis på ungdomshuset til enterteinar på regionale (og stundom nasjonale) scener fram til dagens profesjonelle standupkomikarar på latterscener og tv.
Skrøner i bokform, den litterære skrøna, slår gjennom mot slutten av 1800-talet. Bjarte Birkeland fører sjangeren tilbake til Asbjørnsens rammeforteljingar i Norske Huldreeventyr og Folkesagn frå 1845 (Birkeland 1961: 113). I denne tradisjonen står Per Sivle med sine Vossa-stubbar (1. utg 1887) og Kittelsen og Skeibroks Sandfærdige Skrøner (1. utg 1891). Den største suksessen i denne litterære sjangeren er vel Arthur Arntzen, som med sine mange «Oluf-bøker» vart ein av dei største boksuksessane i norsk boksoge.
Eit tydeleg uttrykk for interessa for folkeleg humor er den nesten uteljelege mengda av skrønebøker frå heile landet som er i handelen. Historiene er gjerne samla inn frå eit avgrensa geografisk område, ofte med siktemål å sirkle inn lokale og regionale merke på humor og identitet. Derfor er dei gjerne talemålsnære, med sterke innslag av dialektformer.
Lokale tradisjonar
Jakob Sande var fødd i Dale i Sunnfjord i 1906, og budde der fram til han begynte på gymnas i Nordfjord. Som barn og ungdom var han ein varsam observatør, som saug til seg inntrykk: «Han la merke til mykje meir enn vi andre», har søstera Barbra fortalt (Eide 2006: 110).
Foreldra var kulturopne, med samfunnsengasjement og forteljeglede. Både mora og morfaren var store forteljarar, med sans for råkande replikkar og ironiske kommentarar. Slike forteljarar gav kunnskap om både tider og folk: «Jakob hadde fått sitt kjennskap til Fjaler i gamle dager gjennom muntlig tradisjon – gjennom bestefaren og de gamle hushjelpene» (dottera Siri Sande i brev til Ivar Svensøy i 1976, sjå Eide 2006: 111).
Sande var ein «hund etter gode fortellere», skriv Thor Gotaas i den store boka si om romanifolket (Gotaas 2000), og dreg fram Daniel Oliver Bornedriussen (f. 1863) som ein inspirator og læremeister for den unge Sande. Daniel var av romanifolket, eller tater som dei vart kalla før. Han var fastbuande i Dale, og full av historier – om huldrer og haugkallar, draugar og attergangarar. Alt vart fortalt med stoisk ro og tilsynelatande i full tiltru til det han la fram. Som vanleg i skrøner blanda han det fantastiske og det realistiske:
Du kan tru eg var ute føre ein rysen hending her om dagjen. Eg var oppe på Rimma på Helljebergjet og såg itte nokre saue. Og veit du ka! – so ramla eg utføre – og eg so ikkje kan symje! Men veit du, so va eg so heldige at da låg ein båt nett nedunde – og eg trefte han!
Han nemner ikkje at det var 300 meter ned – men dei lokalkjende tilhøyrarane visste det godt! Det ikkje-sagde, innforståtte, bind forteljar og tilhøyrarar saman.
Daniel var ein strålande forteljar:
I våre dagar vert slike som Daniel underhaldningsstjerner med faste spalter i aviser og vekeblad, dei vert filmskaparar og forfattarar. Måten han blanda dikt, overdriving og fakta på (…) var elegant, til tider genialt. (Rivedal 1999, s. 45)
Munnleg forteljetradisjon frå Sunnfjord var også tilgjengeleg i bokform då Sande vaks opp. Per Melvær (1857–1936) var fødd og oppvaksen i Askvoll, nabokommunen til Fjaler, som var Sandes heimekommune. Under pseudonymet Per Tordarson gav han ut Fraa leikstova. Ein bundil smaastubbar i 1902. Boka inneheld både dikt og korte prosatekstar, som skrøner og folkelege forteljingar. Melvær nyttar tradisjonsstoff og ein munnleg forteljemåte med saftige samanlikningar, overdrivingar og kvasse replikkar, med sterke dialektinnslag.
Også Mathias Askevold (1854–1919) var frå Askvoll, og som Melvær aktiv i ungdomslagsrørsla. Han gav ut tre bøker med stoff frå vestlandske bygder, mange fortalde på sunnfjordmål: Skrøner og historier (1904), Ola Storevik. Kjempa fyr Norig (1909) og Nye skrøner og forteljingar (1913). Titlane talar for seg sjølv. Storskrønaren hos Askevold er Ole Vollen, som vi òg finn hos Melvær. Boka om Ola Storevik er bygd på forteljingar om ei ovleg sterk mann frå Dalsfjorden, som fekk mange segner og forteljingar knytte til namnet sitt.
II. Dikta - nokre nedslag
Jakob Sande hadde gode forteljarar i nærmiljøet, og vaks opp i ei tid då den munnlege forteljinga og replikk-kunsten stod høgt i alle bygdelag på Vestlandet. «Djevla godt sagt» var eit flott kompliment, og treffsikre replikkar, gjerne sviande, var «infam brukskunst» (begge sitata etter Tveit 1975: 82). Norvald Tveit fortel at Sande var ein god forteljar sjølv, og aller best i mindre lag. Då kunne Sande få ros i ei form han sette pris på: «….pinerdeg, Jakob – du æ djevlige å få da te» (etter Tveit 1975: 115).
Den gode forteljaren vart verdsett for ordhage historier, som vart framførte i sosiale samanhengar og bidrog til fellesskap og identitet: «Var replikkunsten ein slags brukskunst, var forteljekunsten det ikkje mindre» (Tveit 1975: 88). Jens Brekke, som har samla gode historier i 25 årgangar av Illustrert Tyleskap, kallar slike forteljingar for «høgverdig kjeftekunst», og ber oss hugse å kreditere opphavspersonen: «Ein god replikk er opphavspersonen sitt åndsverk.» (Brekke 2025: 34.)
I litterære oversynsverk er åndsverkperspektivet fråverande: Skrøna har låg status som kunst – viss sjangeren i det heile vert rekna inn i det gode selskapet. Når skrøner vert kommenterte, er det helst som folkeminne, slik som i Kolbjørn Aunes Segn – tru – skrøne. Ni artiklar om folkeminne (1975). Her står skrønene saman med segner, eventyr, folkeviser, folketru og juleskikkar.
Sande visste nok godt at dikt og forteljingar kunne råke hardt og vere uheldige for den som blei emne for nådeløysa i lokalsamfunnet. Det vert fortalt at ein gong han hadde fått ei rekning med ein sluttsum han var djupt usamd i, skreiv han tilbake, med trussel om å gå til retten. Men der var også meir alvorlege konsekvensar viss han ikkje fekk ei ny rekning, med lågare pris: «Viss han ikkje slær av, skal eg folkelivsskildre han so han aldri skal få ein dags arbeid meir i heile sitt liv» (etter Tveit 1975: 131–132).
Sandes sans for råkande og normbrytande formuleringar viste seg tidleg, etter det som vert fortalt i bygda, og varte livet ut. Det vert sagt at han heldt på å stryke i norsk skriftleg då han gjekk ut av folkeskulen. Han skreiv nemleg om festing og ølbrygging – eit uvanleg emne i skulen – og første linja i stilen hans skal ha vore slik: «Det var det året det var so djevla turt» (Tveit 1975: 46). På sine eldre dagar, plaga av sjukdom, men med sjølvironien bevart, skreiv han si eiga gravskrift:
Her hviler Jakob den smukke
oppi en syltetøykrukke (etter Tveit 1975: 110
Den beste kraftsetninga hans er kanskje denne: «Toppen av fred og ro er ein daud bergensar.»
Skrønemakaren
Hos Sande møter vi også den store skrønemakaren, den høgt skatta forteljaren som balanserer mellom røyndom og livleg fantasi. Vesle Daniel (i Guten og grenda, 1945) var ein av Sandes favorittpersonar i eigen forfattarskap. Vesle Daniel reiser ut frå heimbygda som ein uskuldig ungdom, og kjem heimatt som Daniel Davidson. No har han vorte ein storforteljar som går omkring som frikar på kaia og «legg ut i ein undrande flokk kameratar / om landa i sør.» Og kva har han ikkje opplevd ute i den store verda:
Han har kjennskap til alt og til alle
ifrå kvinnfolk til ville dyr;
og kvart ord han i flokken let falle
andar av eventyr.
Han har sett dei kanariske øyar
stå med skogar av vill kanel,
og spasert med forneme kanariske møyar
ved solegladsbel.
(Vi kan gjerne merke oss at kanel var fattigfolks krydder, etter det Norvald Tveit fortel i boka si om Jakob Sande.)
Ein annan skrønemakar møter vi i Storm frå vest (1931):
Då jungmann Ola Lassevik kom heim frå kinafart
fekk bygdefolket spurlag på so mykje nytt og rart
um folk i aust og vest og sør
at dei sat stive som på glør
og bante på at ingen hadde høyrt på maken før.
I Hoangho, der folk er så små at dei går mellom beina hans, får han tilbod om kongsdottera og bukselomma full av gull, men det vert stole frå han av eit kvinnfolk i Portugal. Ola Jungmann veit å fortelje så folk vert gripne:
Og alle folk i Lassevik dei sat der i ein krins,
og stirde på han Ola som ein stor arabisk prins.
Han let dei høyra litt av kvart
ifrå sin lange kinafart,
og ingen der på staden hadde høyrt so mykje rart.
To andre av same ulla er eg-personane i «Syngjande gesell» og «Tollekniven», begge i Storm frå vest (1931).
I dikta sine kan Sande vere både folkelivsskildrar, medkjenslediktar og skrønemakar. Johan Borgen har peikt på at skrøner kan ha alvorlege understrenger: Dei kan gje «(et) tragi-komisk innblikk i hverdagsliv, i fattig, ensomt hverdagsliv, belyst av galgenhumor, den gyldigste norske humor» (Borgen 1964: 11). Eit godt døme er «Gjenta» frå debutsamlinga, om ho som aldri vart gift, same kor mykje ho pynta seg. Først då ho i sinne flakte «… av seg / kvar einaste klut», nådde ho målet sitt.
Spørsmålet om modellar frå røynda kjem ofte opp når Sande-dikt vert diskuterte. Norvald Tveit, som kjende Sande, svarar slik på dette:
Mange av Sande sine typar har levd i det verkelege liv. Noen har han vel hørt om, noen har han dikta opp sjøl. Men i dei fleste personane, og i mange av historiene, er det ein kjerne tatt frå det verkelege livet. Kor mykje han har «funne», og kor mykje han har laga til sjøl, er vondt å vite. (Tveit 1975: 85)
Dette er nok det beste svaret som kan gjevast på spørsmålet om faktiske modellar for dei som vert skildra i dikt og noveller.
Overdriving
Eit sentralt trekk i skrønekunsten er overdrivinga – med glimt i auget. I Jakob Sandes dikt finn vi flust av dette verkemiddelet, saman med kvasse, friske formuleringar. Han tek ofte hardt i, Sande, og fargelegg med overdriving og målande bildebruk. Ovanfor har vi sett nokre døme på dette.
Jakob Sande har ikkje mange dikt frå bymiljø, men i «Eit gasta slag» (1929) fortel ein skrønemakar om ein dramatisk slåstkamp han kom opp i ein kveld i byen, skildra med grove strek. Sjølv kom han heil heim, medan motstandaren låg att som ein skraphaug. Dagen etter får eg-personen vite korleis det hadde gått: Alle tennene hos den andre var krasa, av nasa var der berre att ei svart skurve, og kjeften såg ut som «ei sundtrakka ause». Slik slutta det:
Kvar einaste sjel som den stunda stod hjå han
eit tilskot til gravølet gav.
Men so var det ein som slo brennevin på han,
og då stod han opp og stakk av.
Her ser vi også døme på uventa avslutning, noko som helst skulle vere med i ei vellukka skrøne.
Vandrehistorier
Mange skrøner er vandreforteljingar som vert tilpassa lokale forhold, med kjende namn og stadfesting. «Kallen og katten» (Guten og grenda 1945) er ei slik vandrehistorie. Den eldste kjende varianten er forteljinga «Alexander» i elevlaget ved Firda gymnas sitt julehefte 1926, signert A.L. Motivet finn vi i mange versjonar: Gösta af Geijerstam, som budde i Dale, skreiv ei forteljing med same motivet i 1930-åra, og i 1941 finn vi ei forteljing i Nynorsk vekeblad: «Då Per og Ola skaut katta med dynamitt», av Arne M. Magerøy.
Mange seier at Sande fann inspirasjon til diktet i ei faktisk hending, som mange heilt sikkert veit kvar skjedde. Slike kattedrap skal ha gått føre seg på Nordfjordeid, i Bulandet og på Klakegg i Jølster. Sjølvsagt kan slikt ha hendt, men like rimeleg er at dette er ei vandresegn. Olav Solberg har peikt på at forteljinga er ein moderne versjon med amerikansk opphav. I USA vil ei slik historie høyre til i segngruppa «The Animal’s Revenge». Og då kan vi legge merke til at han som drap katten sin med dynamitt på Nordfjordeid, hadde vore i Amerika som ung. I skulesoga for Eids gymnas, der Sande var elev 1923–1925, vert det fortalt at «Katta-Pål», som han vart kalla, drap katten på «amerikansk vis.»
(Meir detaljert om «Kallen og katten» og bakgrunnen for diktet, sjå Eide 2006: 123–126.)
Folkekulturell og høgkulturell
I det gamle bygdesamfunnet som Sande vart kjend med gjennom forteljingar i oppveksten, var segner, eventyr og folkeviser viktige innslag. Hos Sande finn vi mange dikt som har røtene sine i desse sjangrane – og i folketrua. Døme er «Tusselåt», «Me flyttar frå stølen», «Huldresong», «Dyveldi» og «Hornelen» (alle frå 1929); «Draugen» (1931); «Gjenta i veven (Folkevise)» (1936); «Uvette» (1945); «Skarven på skjeret» (1950) og til sist «Folkevise» og «Trall» (begge frå 1961).
Jakob Sande hadde folkekulturen med seg heile livet. Men han var også akademikar, med universitetsstudium og akademisk grad. Hovudfagsoppgåva hans var om Welhavens nasjonale romansar, eit emne med band til folkedikting og folkelege tradisjonar – og til Sandes eigen forfattarskap. Sande har stor sans for Welhaven, men meinte at han var for idylliserande. Sande var ikkje det.
I cd-en Songs (2017) syng mezzosopranen Marianne Beate Kielland tre dikt av Sande, tonesette av Arne Dørumsgaard (1906–1967), under fellestittelen «Burleskar for song og piano». Dei tre dikta er «Eg kryp» (1929), «Skræddar-sveinen» (1931) og «Etter ein rangel» (1933). Burleske tekstar er parodiske, frodige, ofte med innslag av det groteske (Litteraturvitenskapelig leksikon). Eller som det heiter i svensk Wikipedia: Dei er prega av «lågkomisk humor». Det burleske i dikta vert forsterka når dei vert framførte i klassisk tonedrakt. Eller vert det skjult? I alle fall: Det låge og det høge smeltar saman i ei ny eining i Kiellands framføring.
I Villskog (1936) finn vi «Kantate over salig Jaap van Snoorten», åtte dikt som fortel den tragiske soga om sjappeverten som drukna i eit fat med bayersk øl – og som får ettermælet sitt påskrive med saftige formuleringar. Denne Sande-kantaten er ei parodisk forteljing – lågkomisk – om ein tyrann av ein ektemann og bareigar, slik ulike personar ser tilbake på livet hans. Forteljinga om van Snoorten er ein burlesk versjon av kantatesjangeren, som helst vert nytta ved høgtidelege høve. Dette er folkehumorens versjon av ein høgkulturell, alvorleg sjanger, ei forvriding som også er eit kjenneteikn ved det burleske.
I same stilen finn vi tre dikt i Korn og klunger (1950): «Siste parade», «Provsten» og «Borgaren». I det første diktet fortel Sande om ein velvyrd (og kristen) mann, «feittgrossisten» kalla, som nettopp er død: Han har «vandra bort frå talg og smør / til himlens opne stabbursdør». Han var høgt respektert: «Hans namn stod fyrst i kvar ei sak / som hadde Gud og godtfolk bak». So no kan æresvaktene sørgje: «… legg haka ned i lag på lag / av andaktsfulle syrgjevalkar / av edelt spekk …» Dei andre to vert også avkledde alle ytre teikn på vørdnad.
Desse tre dikta (og kantaten) kan godt kallast karnevalistiske, med ein grovkorna humor som kler av makta, utan respekt for autoritetane. Tvert om: det opphøgde skal degraderast! Slik grovkorna humor fann vi også i bygdesamfunnet, men der var personane namngjevne og utleverte til skam og spott. Sande allmenngjer, peikar på dobbeltmoral og manglande moral, nesten som eit klassemerke.
I debutsamlinga Svarte næter (1929) finn vi eit dikt der ei strofe var «høvla vekk», som Sande kalla det. «Saltstytta» byggjer på den bibelske forteljinga om Lot og familien hans, som flykta frå Sodoma då Herrens straffedom råka byen. Men dei måtte ikkje snu seg og sjå attende. Kona hans gjorde det likevel, og vart gjort til ei saltstøtte som straff. I den trykte samlinga er dette siste strofa:
Kor hadde det gått um dei tyttor
som lever den dag i dag
vart laga til saltsteinstyttor
for synder av sovore slag?
Her sluttar diktet med eit spørsmål, men i manus hadde Sande eit svar som kanskje vart litt for burlesk-folkeleg for forlaget?
Jau, då ville saltprisen falle,
og bli opp i ingenting,
for då stod det salt på alle
dei haugar som finst ikring.
Det folkelege og sonetten
I Sirius (1956) viser Sande at han, som vart sett på som moromann og folkeleg humorist, også meistra dei klassiske diktformene. Samlinga vert innleia med ni sonettar, men også i denne høglitterære forma er han folkeleg. Eitt av dikta er «Hestehandlarar», der Sande har kledd eit kvardagsleg, folkeleg motiv i ei tradisjonsrik, regelbunden strofeform. Det er få som tenkjer på at «Hestehandlarar» er ein sonett når dei høyrer den sungen, til Geirr Tveitts melodi.
Også i sonetten «Krigaren» slår det folkelege, kvardagsnære, inn: Eg-forteljaren er soldat i keisarhæren, og når kommandoen kjem, nyttar Sande eit folkeleg uttrykk : Då «… gauv vi på som berre fan.» I «Før og no» fortel han om landeplagene i det bibelske egyptarlandet. Farao vert heimsøkt personleg, av ei svært så kvardagsleg, og degraderande, plage. Den opphøgde styraren fekk lide direkte på kroppen: Han «var sprengd av magesjau».
Personskildring
Når Sande skildrar personar, nyttar han både overdriving, friske metaforar og karakteriserande detaljar – ikkje alltid så vakre. I «Åse fantemor» (1931) slår Sande seg laus i eit kvardagsnært språk: Den tannlause munnen hennar går som ei kaffikvern, dottera er ei krekse for Vårherre, ein dram hadde jagu vore godt og sonen kom i fengsel i Vik fordi han hadde stole «ei vøle med kontantar». Åse er ein forteljar som vert gripen av det ho fortel, der ho sit ved kjøkenbordet i klokkargarden: Tårene trilla langs nasa, og «(s)idan strauk ho seg på magen sin og sa ho var mett / og so rapa ho og snytte seg i dosa.»
I «Fantefylgjet» (1945) vert vi kjende med ei anna taterkvinne, kona til Gregorius Angatyr Palm. Også ho vert skildra med kvardagsuttrykk: Ho var «… innrøykt og svart som eit uppturka skinn».
Når Sande skal skildre menneske eller hendingar, nyttar han ordtilfang frå kvardagen i bygda, ord som er nære, konkrete, velkjende – og visuelle. Då kan samanlikningane verte slik: Folk skal «skyte rygg liksom skræmde merrar» (1956) og «Vi blei magre som utsvelte kattar» (1961). I «Sundagsmorgon i hamn» (1933) har venen William fått juling, og dagen derpå har han det ikkje godt: Han ligg «… (s)undslegen, herja og naken / som segl på ein stormreidd rigg.»
III. Heilt til slutt
I Jakob Sandes oppvekst i Dale, dei første tiåra på 1900-talet, stod forteljekunsten sterkt i bygdene. Seinare kom han til Oslo, vart akademikar og velkjend i andre litterære tradisjonar. Vegen hans gjekk frå tale- til skriftkultur, og han tok med seg sjangrar og språklege verkemiddel frå begge kulturane inn i skrivinga si.
Sande var i mangt ein forteljande lyrikar. Dikta er historier som viser fram enkeltmenneske og samfunnsforhold, lagnader som ikkje må gløymast. Gjennom forteljingane hans vert dei løfta fram, mange av dei som vart skubba vekk i samfunnet: Marian, legdeguten, krigsseglarane – og mange fleire. Sande viser fram lagnader og liv, og så kan lesaren tenkje vidare – og tenkje sitt.
Eit slåande trekk ved Sandes samla dikt er at arven frå den munnlege bygdekulturen er sterkast tidleg i forfattarskapen. Skrønemakaren vert vi best kjende med i dei første samlingane, storblåsarar som legg ut om bragder og stordåd. I tydeleg kontrast står det eg-et vi møter mot slutten av forfattarskapen: eit forteljar-eg prega av ro og resignert stoltheit. Folketrua sine krefter er no venlege – og på hans lag.
Den munnlege, talemålsnære kulturarven finst i skriftene til Sande heilt til siste samlinga. Vi ser den i ordval, temaval, språklege verkemiddel, humor og nærleik til folket han kom frå. Men som lyrikar skreiv han på eit normfast nynorsk. Reine dialektinnslag i skrifta hans er det lite av – til skilnad frå dei mange skrønebøkene som er i handelen. Jakob Sande tilpassa seg norma i litteraturverda.
Sandes forfattarskap vart forma og utvikla i ei tid då forteljingane betydde noko, for den enkelte og for fellesskapen. Dei munnlege forteljingane både viste fram og forma, med rom for lyttarane til å delta, vere med. I vår tid er vi meir omgitt av forteljingar enn nokon gong, men dei har fått andre former og andre funksjonar. Dei forteljingane vi no oftast møter i kvardagane våre, har instrumentelle formål og tener kommersielle interesser – som reklame, standup eller propaganda: «storytelling» har vorte «storyselling» (etter Han 2024).
Jakob Sande har vore ein populær forfattar i snart 100 år. Frå debuten i 1929 til 1940 markerte han seg som ein fornyande nynorskforfattar og radikal samfunnskritikar, etter 1945 som tekstforfattar for populære visesongarar. Det er først frå slutten av 1940-åra at Sande vert folkeeige, og det er dei forteljande folkelivsskildringane som vert gjort til slagerar. Kurt Foss og Reidar Bøe var føregangsmenn, seinare kom songarar som Alf Cranner og Birgitte Grimstad til. Og etter kvart den unge generasjonen av visesongarar. På samlealbumet Kurt Foss og Reidar Bøe synger viser av Jakob Sande (2006) finn vi 20 songar med tekstar av Sande. Dei er henta frå heile forfattarskapen, frå 1929 til 1955. Berre dikt frå Nye dikt 1939 og Det kveldar på Kobbeskjer (1961) manglar i utvalet. I denne samlinga finn vi grunnstammen i det som har gjort Sande til ein folkekjær forfattar: dei forteljande dikta, folkelivsskildringane, med personar og handlingar som skapte gjenklang hos dei som i dag vert kalla «folk flest».
Ei krise for forteljekunsten?
I Byung-Chul Han si bok The crisis of narration (2024) er det eit viktig poeng at i det moderne samfunnet har ein «tsunami av informasjon» skubba dei tradisjonelle forteljingane til sides. I vår tid har forteljingar vorte marknadsføringsverktøy, instrumentelle reiskapar for å påverke oss som forbrukarar.
Den sørkoreanske filosofen og kulturteoretikaren Byung-Chul Han (f. 1959) kallar det moderne mennesket for «phono sapiens» – mennesket med smarttelefon, kan vi seie. Det er menneske som er engasjerte i augneblinken, opptatte av det nyaste, utan historisk feste. Verda vert dermed fragmentert for dei: «Reality disintegrates into information that is relevant only briefly (…) Our attention also becomes fragmented (…) Only the moment counts» (Han 2024: 19–20).
I kontrast til Hans samtidsdiagnose minner Sandes dikt oss om ei anna tid, då forteljingar hadde andre funksjonar, anten dei var munnlege, henta frå Bibelen, var segner eller skrøner. Dei formidla kunnskap, tradisjonar, livsråd – og lyttarane og lesarane bygde vidare på det fortalde, tolka og tenkte.
Men Sande sine dikt og viser er meir enn berre minne om tider som var. Desse slitesterke tekstane har vore lesne og sungne i kyrkjer og ungdomshus, på nachspiel og på konsertar i snart 100 år. Melodiane har vorte forma i eit breitt spenn av sjangrar, som salmar, viser, tungrock, visepop, jazz. Alt dette fortel oss at Jakob Sande skreiv om emne som har engasjert mange, i ei forteljande form som har nått ut. Og slik kan det framleis verte: Forteljeforma er usliteleg. Men smarttelefonen og fragmenteringa er reelle trugsmål.
Derfor må vi stadig minne lesarar og lyttarar på dei innsiktene og dei tradisjonane som ligg i arven frå den folkelege forteljekunsten. Ei særskild utfordring er å kle Sandes dikt i ei tonedrakt som treff dagens publikum.
Litteratur
Aune, Kolbjørn: Segn – tru – skrøne. Ni artiklar om folkeminne, 1975
Birkeland, Bjarte: Olav Duuns soger og forteljingar, 1976
Birkeland, Bjarte: Per Sivle, 1961
Borgen, Johan: «Forord» i Kittelsen og Skeibrok: Sannferdige skrøner, 1964
Brekke, Jens: Illustrert Tyleskap, 25. aorgang, 2025
Eide, Ove: Jakob Sande. Liv. Dikting, 2006
Gotaas, Thor: Taterne. Livskampen og eventyret, 2000
Han, Byung-Chul: The crisis of narration, 2024
Kielland, Marianne Beate: «Burleskar for song og piano, op 13», frå cd-en Songs. Olav Kielland og Arne Dørumsgaard, 2017
Lothe, Jakob mfl. (red): Litteraturvitenskapelig leksikon, 2007
Rivedal, Henning: «Daniel Oliver Bornedriussen. Kva veit vi om han?», i Fjaler Sogelag: Fjaler 1999
Sande, Jakob: Dikt i samling, 1998
Snerte, Kjell og Arthur Arntzen: Eventyr, tårer og latter. Historia om Arthur Arntzen, 2007
Tveit, Norvald: Jakob Sande. Ein diktar og hans miljø, 1975
Wikipedia (svensk): Burlesk, https://sv.wikipedia.org/wiki/Burlesk (lese 12.02.2026)
Sinners og munnleg forteljing som svart atlantisk kultur
Med den skarpe lyden av ein fyrstikk som vert tent, opnar skrekkfilmen Sinners som ei vestafrikansk folkeforteljing.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no
Sidan før skrifta har mennesket fortalt. I dag har den munnlege forteljinga fått ein renessanse, med lydforteljinga og podkastarar som fortel, underheld, preikar og påstår. Og når det knirkar i dei globale samanføyingane, kjempar forteljarane om plassen med sine forførande historier.
Fortellingen om framtidens superintelligens er forførende
Det kommer snart, sier Sam Altman, direktøren for OpenAI, vi trenger bare mer regnekraft.




