
Trude Hoel har forska på dei minste forteljarane. | Foto: Elisabeth Tønnessen
Barn som forteljekunstnarar
For å ta vare på barns naturlege forteljeglede må ein ha blikk for dei ulike måtane å fortelje på, meiner leseforskar Trude Hoel.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar med trufaste lyttarskarar, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. Bidraga i utgåva blir publiserte frå januar 2026 til kring juni 2026. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
Trude Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger. Der forskar ho på barns forteljingar, språkstimulering og lesing i barnehagen, med særleg vekt på digitalisering og leselyst.
Professoren, som mellom anna er i leiinga for FILIORIUM - senter for barnehageforsking, har skrive læremiddel for barnehagar, er ein røynd formidlar og har vore med i nemnda for Nynorsk barnelitteraturpris.
Då Hoel forska på korleis seks- og sjuåringar fortel, synte funna frå kring sytti forteljingar at framføring er viktigare enn struktur for dei yngste forteljarane.
Borna dramatiserte, bygde opp spenning, brukte humor og gjorde mange kreative grep for at forskaren skulle føle seg fortalt for.
— Metodikken for å forske på barns forteljekompetanse fangar ikkje opp desse evnene godt nok, meiner Hoel.
Lytt til samtalen om barn og forteljeglede, skular og forteljekompetanse og korleis måtane vi fortel på er kulturelt forankra.
Intervjuar er redaktør Tora Hope.
Episoden er produsert av Viljar Losnegård.
Musikk av MuteMode.
Lydstudio ved Preform.
Forteljingar som røyndom og minnestruktur
Det sjølvsagte kjem først fram når det forsvinn eller endrar seg. For meg har kvardagsforteljingane det siste året brått byrja å skine på ein ny måte.
Eg har funne boka som vil vere med meg livet ut
Eg plukka rips i ei bøtte eg hadde hengande over skuldra medan sola gjorde magen min varm utanpå og Robin Wall Kimmerer si mjuke USA-røyst varma han frå innsida.
Sinners og munnleg forteljing som svart atlantisk kultur
Med den skarpe lyden av ein fyrstikk som vert tent, opnar skrekkfilmen Sinners som ei vestafrikansk folkeforteljing.



