
Jitterbug-dans i ein juke joint i Clarksdale i Mississippi-deltaet, 1939. | Foto: Marion Post Wolcott, Farm Security Administration/Office of War Information, Library of Congress.
Sinners og munnleg forteljing som svart atlantisk kultur
Med den skarpe lyden av ein fyrstikk som vert tent, opnar skrekkfilmen Sinners som ei vestafrikansk folkeforteljing.
Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)
Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar med trufaste lyttarskarar, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. Bidraga i utgåva blir publiserte frå januar 2026 til kring juni 2026. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.
«The griot always has a weakness for music, for music is the griot’s soul… whoever knows the history of a country can read its future … Other peoples use writing to record the past, but his invention has killed the faculty of memory among them.»
– Djibril Tamsir Niane, frå «Sundiata: An Epic of Old Mali»
Frå slutten av 1800-talet og i fyrste halvdel av 1900-talet frykta mange akademikarar og forfattarar i Europa og Amerika at visse etniske grupper og kulturarvar var på randen av utrydding. Trass i at munnlege tradisjonar finst, og alltid har eksistert på tvers av kulturar, sosioøkonomiske grupper og geografiske område – var det på denne tida eit anteke samband mellom munnleg overlevering og urfolk, kultursamfunn i det globale sør og rurale samanhengar.
Resultatet var eit studieområde som fekk namnet «bergingsantropologi» (salvage anthropology eller salvage ethnography på engelsk). Bergingsantropologi la vekt på å dokumentere folkelege forteljartradisjonar. Vestlege bergingsantropologar på 1800- og 1900-talet følgde ei misvisande oppfatning av desse kontekstane som stort sett uendra gjennom tida og derfor viktige kjelder for døme på meir «primitive» forteljingsformer.
Munnleg overlevering og folkemusikk (blant anna sjangrane blues, gospel, ragtime og zydeco) i sørstatane i USA stod høgt på lista over kulturane som bergingsantropologane ivrig dokumenterte over fleire tiår. Medan dette samlingsprosjektet har produsert eit omfattande arkiv, har bergingsantropologane si frykt for at urfolks- og rurale kulturar skulle forsvinne, heldigvis ikkje vorte verkelegheit.
I likskap med menneska og samfunna som har utvikla og delteke i dei, har desse kulturelle verksemdene alltid vore levande og stadig i endring, i dialog med politiske og sosioøkonomiske hendingar.
Våren 2025 vart munnleg overlevering og folkemusikk bringa til det store lerretet i regissør Ryan Coogler sin sjangeroverskridande blues-vampyrfilm, Sinners. Tvillingbrørne Elijah «Smoke» Moore og Elias «Stack» Moore (begge spela av Michael B. Jordan) står i sentrum for handlinga i Sinners, som utspelar seg gjennom ein dag og natt i året 1932. Smoke og Stack (også kalla Smokestack-brørne) har vendt heim til bygda dei vaks opp i, Clarksdale i den sørlege delstaten Mississippi, etter sju år i Chicago (der dei, blant anna, jobba for gangsteren Al Capone).
Startar juke joint i heimbygda
Tvillingbrørne har med seg ei stor mengde stolne pengar, som dei brukar til å kjøpe eit falleferdig sagbruk. Med hjelp frå venner og familie dei ikkje har sett sidan dei forlét bygda, pussar tvillingane opp sagbruket og gjer det om til ein juke joint, der dei håpar Clarksdale sin svarte arbeidarklasse kan samlast for å høyre på bluesmusikk, danse, drikke og ete i nokre timar og legge frå seg verkelegheita med rasesegregering og kvardagen med hardt arbeid på bomullsmarkene.
Diverre får juke jointen berre eksistere i ei natt før draumen til Smokestack-brørne vert brutalt og blodig avbroten av ein einsam og karismatisk vampyr som søkjer fellesskap med alle middel.
Med brørne sin heimkomst frå storbyen i nord til den rurale regionen dei der vaks opp i sentrum er Sinners, i sin kjerne, ei forteljing om migrasjon (både flukt og tilbakevending) som ein del av livet på landsbygda i Sørstatane. Landsbygda, i dette tilfellet Clarksdale i Mississippi, er ei viktig scene for det historikaren Saidiya Hartman kallar «det lange etterspelet til slaveriet.» Det er ikkje nødvendigvis vampyren som er den store skurken i denne forteljinga. Ondskapen som heng igjen og skapar ei kjensle av uro gjennom filmen er rasisme, segregering og verknaden idear om kvit overlegenheit har på Clarksdale sine svarte innbyggjarar. Vi får, til dømes, tidleg ei aning om at Hogwood (David Maldonado), den lokale entreprenøren som sel sagbruket til Smokestack-brørne, sannsynlegvis er eit medlem av den høgreekstreme «kvit makt»-organisasjonen Ku Klux Klan – trass i at han insisterer, med eit smil om munnen, at «klanen» ikkje finst i Clarksdale lenger.

Ein griot frå Senegal som spelar xalam-instrumentet, mellom 1890 og 1905. | Foto: François-Edmond Fortier, Center Edmond Fortier via Wikimedia Commons.
Filmgrep inspirert av folkeforteljingane
Saman med sitt visuelle format og sin imponerande truskap mot vampyrskrekkfilm-sjangeren sine grunnreglar, er Sinners strukturert som ei vestafrikansk munnleg folkeforteljing. Filmen byrjar med den skarpe lyden av ein fyrstikk som vert tent og ein flamme som blussar opp, ein effektiv måte å formidle til publikum at sjølv om vi sit i ein kinosal eller heime på sofaen, skal vi no få ta del i den evige og universelle tradisjonen å sitte rundt ei eld- og lyskjelde – ein kolomn, eit bål eller ein peis – saman med andre menneske, for å dele og lytte til historier.
Frå byrjinga understrekar filmen respekten munnleg overlevering nyter i vestafrikanske samfunn ved å framheve den viktige rolla til skaldar eller griotar – historikarar, musikarar, kongelege rådgjevarar, diktarar og forteljarar som har til oppgåve å observere, bevare og vidareformidle kultur blant fleire folkegrupper i denne regionen.
I tillegg til filmens grunnlag i folkeminne og åndelege tradisjonar frå Vest-Afrika og den afrikanske diasporaen i USA hentar Ryan Coogler inspirasjon i folketradisjonar frå choctawnasjonen i USA i Nord-Amerika, Taishan-folket frå Kina og dessutan Irland, med sistnemnde representert av antagonisten i handlinga, vampyren Remmick (Jack O’Connell).
Forteljarane som fører saman fortid og notid
Opningsmonologen, fortalt av Annie (Wunmi Mosaku), ein utøvar av hoodoo-magi og ein av griot-figurane i Sinners, gjenspeglar skalden sin universalitet på tvers av kulturelle samanhengar:
«There are legends of people born with the gift of making music so true, it can pierce the veil between life and death, conjuring spirits from the past and the future. In ancient Ireland, they were called Filí. In Choctaw land, they call them firekeepers. In West Africa, they are called griots. This gift can bring healing to their communities, but it also attracts evil.»
I tillegg til Annie er det to andre sentrale griotar i Sinners: fyllefant og multiinstrumentalist Delta Slim (Delroy Lindo), ein eldre bluesmusikar som har sine beste (og verste) dagar bak seg, og atten år gamle Sammie «Preacher Boy» Moore (Miles Caton), ein lovande gitarist og songar som har heile livet framfor seg og forsøker å finne ut om stemma hans høyrer heime i kyrkja til far hans eller om han skal ut i verda med gitaren under armen.
I ein særskild fengande del av filmen, under Sammie sin debutkonsert på juke jointen til Smoke og Stack, bryt stemma til den unge blues-grioten gjennom sløret mellom fortida og notida, mellom dei levande, daude og ufødde – ei nydeleg visualisering av visse vestafrikanske idear om tid og overlappande åndelege og fysiske verder.
I augeblinken før songen hans sameinar fortida, notida og framtida, lukkar Sammie igjen auga og byrjar å nynne. Over ein vibrerande og nærmast rusande melodi ser vi tilbake på ein samtale mellom Delta Slim og Sammie medan dei førebudde seg til opninga av samlingsstaden.
Delta Slim vidarefører noko visdom til Sammie, om grunnlaget for oppgåva dei har fått som musikarar og som griotar: «Blues wasn’t forced on us like that religion. Nah, son, we brought that with us from home. It’s magic what we do. It's sacred… and big.»
Juke jointen vert fylt med forfedrane og etterkomarane til kvar person i salen. Dei dansar og spelar og syng saman, sjølv om dei ikkje ser einannan. I denne sekvensen får vi sjå at Sammie er etterkomar av ein xalam-spelar (xalam er ein lutt som blant anna finst i Senegal, Gambia, Mali, Burkina Faso og Nord-Ghana) og forfader til ein psykedelisk rockegitarist frå 1970-åra. Og Delta Slim er etterkomar av ein griot og forfader til ein hiphop-diskjockey (DJ) frå 1980-åra.
Sjå scena her:
Denne sekvensen representerer òg ei foreining i notida ved å vise mangfaldet og krafta i det den britiske kulturforskaren Paul Gilroy kallar «den svarte atlantiske kultur», ein levande kultur som strekker seg over Atlanterhavet og har «røter og føter» i Afrika, Nord- og Sør-Amerika, Karibia og Europa – og som radikalt har påverka og endra global populærkultur, kunst og litteratur over fleire tiår, om ikkje hundreår.
Men som Annie fortel i filmen sine opningsord, kan grioten sitt liv ofte vere prega av fare og utfordringar. Både for griotar på det afrikanske kontinent (der dei, i nokre land og folkegrupper, er betrakta som eigen kaste) og for griotar i den afrikanske diasporaen, kan deira talent gjere dei til mål for utnytting og diskriminering. I den fiktive verda til Coogler er det songen til Sammie som vekker merksemda til vampyrane.
Slaveri i ny drakt
Tidlegare i forteljinga, medan dei køyrer til juke jointen, langs grusvegar omgitt av bomullsmarker, kjem Delta Slim, Sammie og Stack på ei gruppe svarte fangar i stripete fengselsuniformer, lenkja saman. Fangane, som grev ei grøft for hand, syng saman medan dei arbeider og skapar ein felles rytme kvar gong dei løftar hakkene og senkar dei ned i jorda. Dei vert overvaka av to kvite vakter som er til hest.
Delta Slim ber Stack om å senke farta. I det dei køyrer forbi fangane og vaktene, reiser Slim seg og ropar ut til dei samanlenkja fangane: «Hald hovudet heva, høyrer de meg! Hald hovudet heva!» Ein mann i enden av rekkja tek av seg hatten, viftar med den over hovudet og hyler som svar: «Slim!» Ei øm utveksling mellom venner som brått stoggar når ei av vaktene fyrar av eit varselskot.
Så vert det stilt. Ingen korsong frå arbeidarane, ingen jamn perkusjon frå hakkene som treff jorda. Delta Slim tek ein slurk frå lommelerka si. Når Sammie spør Slim om han kjenner nokon av desse mennene, svarar Slim at han kjenner dei alle. «Kva hende?» spør Sammie.

Fangar (chain gang) i sørstatane, mellom 1900 og 1906. | Kjelde: Detroit Publishing Co. Library of Congress Prints and Photographs Division Washington, D.C.
Som mange afroamerikanarar etter avskaffinga av slaveriet i 1865, var Delta Slim eit offer for dei såkalla «Black Codes». Desse lovane gjorde det mogleg for kvite politikarar og landeigarar i sørlege delstatar å halde fram med å avgrensa rørslefridomen og dei politiske rettane til frigjorde afroamerikanarar og oppretthalde tilgang til deira arbeidskraft – i praksis vidareføring av slaveriet under eit nytt namn. Gjennom lausgjengarlovar vart fleire tusen svarte menneske vilkårleg arrestert, fengsla og pressa tilbake inn i tvangsarbeid.
Delta Slim vart fanga opp i dette systemet. Medan han og ein venn, Rice, reiste langs Mississippi-deltaet og spela ragtime- og bluesmusikk, vart dei arrestert. Då sheriffane innsåg at dei hadde to dyktige musikarar i varetekt, tvinga dei Delta Slim og Rice til å opptre for rike, kvite publikum, og tente ein liten formue på denne utnyttinga. Dei to fengsla musikarane fekk også ein liten pengesum.
Kva gjorde dei med pengane etter dei fekk gå fri, spør Sammie. Slim sukkar og bankar på lommelerka. Rice, derimot, hadde planar om å kjøpe ein togbillett og reise frå Mississippi til Arkansas for å stifte ei kyrkje. Han kom diverre ikkje lengre enn til togstasjonen. Då Rice prøvde å kjøpe ein billett, melde togkonduktøren frå til Ku Klux Klan, som skulda Rice for å ha stole pengane frå og valdteke kona til ein kvit mann. Rice vart brutalt lynsja på stasjonen.
Fortel for å hugse
I konstruksjonen av denne scena vel regissøren, Ryan Coogler, å framheve det munnlege og det auditive framfor det visuelle. Som sjåarar får vi ikkje eit visuelt tilbakeblikk. Vi vert verande i bilen med Delta Slim, Stack og Sammie og får i staden betre kjennskap med minna til Slim ved å lytte. Vi får høyre ragtime- og bluesmusikken Slim og Rice spela, rosen dei fekk av publikum, den rasande mobben som overfall Rice på togstasjonen og den heimsøkjande lyden av frykta i stemma til Rice før eit reip vert stramma rundt halsen hans.
Vi treng ikkje sjå sensasjonelle visuelle framstillingar av denne traumatiske hendinga for å forstå og lære – eit lite opprør mot herredømet til visuelle og skriftlege forteljingsformer. Det er meir enn nok å sitje og lytte til forteljaren.
For, som griotane han følgjer og dei som kjem etter han, har Delta Slim fått i oppgåve å observere, samle og vidareformidle desse historiene og forteljingane. Ved å vere vitne og fortelje vidare, vernar skaldane Delta Slim og Sammie mot at folk om Rice, både urettane dei har vorte utsett for og draumane dei nærer utanom denne brutaliteten, ikkje vert gløymt.
Frykt-faktor frå røynda
Mot slutten av filmen forstår vi at Hogwood sitt sal av det gamle bygget til Smokestack-brørne er eit dekke for noko mørkare. Den uhyggelege sanninga bak den tilsynelatande vennlege gesten er at han har tenkt å vende tilbake dagen etter med Ku Klux Klan-kameratane sine for å lynsje brørne og alle dei svarte arbeidarane samla innanfor dei spinkle veggane til juke jointen. Sjølv om vampyren Remmick ikkje hadde dukka opp den kvelden, ville dei nok sannsynleg ikkje kome frå den natta med liv og lemer i behald.
«Frykt-faktoren» i denne skrekkfilmen, kjenslene av angst og uro, stammar frå denne realiteten av rasebasert og økonomisk diskriminering i form av Jim Crow-lovane, som var vovne inn i kvardagen i denne bygda, der folk med afrikansk opphav i 1932 (og heilt fram til 1960-åra) var leiglendingar og tenestefolk på dei same plantasjane forfedrane var slavegjorde på.
Det er frå desse røynslene at ulike former for munnleg overlevering flyt gjennom filmen – sunge, spela og fortalt av skaldar, og ikkje minst uttrykt i bluesmusikken som fyrst vart utvikla i Mississippi-deltaet.
Barn som forteljekunstnarar
For å ta vare på barns naturlege forteljeglede må ein ha blikk for dei ulike måtane å fortelje på, meiner leseforskar Trude Hoel.
Makt, endetid og forteljekunst med Hilde Sandvik
– Om vi ikkje snakkar saman, står vi att med valden, seier Nordens podkastdronning Hilde Sandvik. Lytt til intervjuet om makt, endetidsforteljingar og forteljekunst, og om tillit og tvisyn i ei skråsikker tid.
Forteljingar som røyndom og minnestruktur
Det sjølvsagte kjem først fram når det forsvinn eller endrar seg. For meg har kvardagsforteljingane det siste året brått byrja å skine på ein ny måte.





