Gardbrukar Gunnar Andreas Søgnen og barnebarnet Dina Søgnen, på garden "Sygnehåjen". Der har dei begge vakse opp, men i to relativt ulike tider. No går Dina på vidaregåande skule og har intervjua Gunnar om klimaendringar.

Gardbrukar Gunnar Andreas Søgnen og barnebarnet Dina Søgnen, på garden "Sygnehåjen". Der har dei begge vakse opp, men i to relativt ulike tider. No går Dina på vidaregåande skule og har intervjua Gunnar om klimaendringar. | Privat

«Vi har jo sett heile reisa»

HISTORIER OM KLIMA OG ÅRSTIDER: Kva røynsler har besteforeldregenerasjonen med lokale endringar i årstider og vêr? Heng dei i hop med dei store klimaendringane på planeten? Ungdomar frå Dale vidaregåande skule spør besteforeldre og kjende for å få svar.

Av Elisabeth Eide
Forfattar av sakprosa og fiksjon, journalist og professor emerita ved OsloMet – storbyuniversitetet.


Publisert 31.08.2023
Sist oppdatert 07.09.2023

Om prosjektet

Teksten er basert på eit prosjektsamarbeid mellom forfattar og prosjektleiar Elisabeth Eide og desse elevane ved Dale vidaregåande skule: Ella Furevikstrand, Eliot Losnegard, Leah Gjervik Madsen og Dina Søgnen. 

Elevane har intervjua fem representantar frå besteforeldregenerasjonen om klimakrisa. Lærar Grete Sjøhagen Nedrebø har rettleia elevane undervegs.

Då eg som skriv her var skulejente, var eg som dei fleste andre glad i iskrem. Det fekk vi ikkje så ofte. Men isen blei til slik: Mor mi piska saman det som skulle til, putta det i eit spann og grov det ned i ei snøfonn i hagen, med salt ikring. Neste dag vart det fest. Men det fell lite snø i den hagen no.

Varmare, villare, våtare, lydde signala frå FNs klimapanel i den første rapporten deira om klimaendringar og ekstremvêr (2012), der forskarane konkluderte med at klimaendringane ville føre til fleire og større hendingar med ekstremvêr. Seinare har signala vorte styrka i nye rapportar.

Varmare enn når? Villare enn kva? Og kor vått skal det bli? Ekstrem varme, flaumar, ras og skogbrannar er symptom på klimakrisa verda må takle. Ofte høyrer vi at vi må tenke globalt og handle lokalt. Då kan det vere nyttig å snakke om lokale endringar i årstider og vêr som eldre innbyggjarar har erfart i si levetid.

«Varmare enn når? Villare enn kva? Og kor vått skal det bli?»

– Elisabeth Eide, forfattar, journalist og professor emerita

Thunberg-generasjonen

I 2016 starta svenske Greta Thunberg ein klimaprotest som spreidde seg globalt. Skulestreikar og demonstrasjonar vart samordna, samstundes som den spinkle tenåringen blei invitert til å utfordre globale elitar. Ho minte verda på at ho og generasjonen hennar skal leve fram mot år 2100 med følgjene av det tidlegare generasjonar hadde skapt. 

Mange høyrde på henne, men etter nokre år vart det stillare. Nyare rapportar varslar at dei unge har vorte meir apatiske, og mindre engasjerte i klima. Kan dei unge verte meir medvitne om klimaspørsmål gjennom dialog med eldre personar? 

Det er vanskeleg å prove, men verdt eit forsøk, eit lite intergenerasjonsprosjekt. Eller lettare: eit eksperiment der ein handfull tenåringar oppsøkjer besteforeldregenerasjonen og spør dei om vêr, årstider og klima.

Forsking syner dessutan at eldre stemmer ofte fell ut av nyheitsbiletet (GMMP 2015, 2020) og i samtaler om kva Noreg lyt gjere med klimaendringar som trugar liv og helse på planeten. Er det kan hende slik at både politikarar og media har undervurdert kunnskapen og erfaringane til menneske som har levd lenge?

Røynsler frå 1940- og 1950-talet

Klima og vêr er ikkje det same, men når folk i dag opplever årstidene som ganske ulike slik dei var til dømes på 1940- og 1950-talet, så er det uttrykk for ein tendens, og for røynsler som knyter seg opp mot ei felles historie.

Fem personar frå besteforeldregenerasjonen i Sande, Holmedal og Hyllestad, tre menn og to kvinner, deler her røynslene sine med 16- og 17-åringar som alle er elevar ved Dale vidaregåande skule. Dei vert først presenterte med fullt namn, så med fornamn. 

Alle har opplevd endringar i vêr, årstider og levekår frå barndom til alderdom. Dei har arbeidd i primærnæringar som jordbruk og fiske, gjerne kombinert med andre jobbar. Dei er samde om at klimaet endrar seg, og peikar på globale og nasjonale observasjonar, til dømes meir ekstremvêr og smeltinga av isbrear som Jostedalsbreen. Men kva for lokale endringar har dei sjølve observert gjennom eit langt liv?

Det ein hugsar, kan vere farga av seinare røynsler. Men historiene dei eldre fortel til elevane har fleire felles trekk, og samsvarer også med norsk forsking om korleis klimaendringar kjem til uttrykk lokalt (Samset 2021, Hessen, 2016).

Julehelgar utan snø

Gardbrukar Gunnar Andreas Søgnen (f. 1938) fortel at då han var ung, vart 14. oktober rekna som den første vinterdagen, medan han no opplever vintrane som mykje kortare og mildare: «Før kunne det vere tele i jorda frå sist i oktober. I dag er det ikkje snakk om noko slikt. Vi har hatt mange vintrar utan tele. Snøen som tidlegare kom i oktober eller november, vart liggjande fast til langt utpå våren. No kjem det meir nedbør om vintrane i form av regn enn i ungdomstida mi. Midt på vinteren kan vêrmeldinga fortelje oss at det skal regne på 1000 meters høgde.»

Frå barne- og ungdomsåra kan ikkje Gunnar minnast ei einaste julehelg utan snø.

Paret Rita og Trygve Losnegard ( f. 1956 og 1950) hugsar at dei gjekk mykje på skøyter i ungdommen. «Før var det i alle fall fire årstider, no flyt dei meir saman», seier Trygve. «Seinare vart vinteren mykje mildare, sommaren kaldare.» 

Trygve liker å fiske. «Det var mykje meir fisk før. Det seier jo alle. Og for eksempel var Flekkefjorden islagd om vinteren. Då var det jo mykje kaldare i lengre periodar.»

«Folk køyrde lastebilar over isen!»

– Rita Losnegard

Ulike fenomen heng kanskje saman, sjølv om det ikkje alltid er opplagt. At det vert smått med fisk i ein fjord, kan vere resultat av overfiske. 

Men globalt peikar forskarane også på samanhengar mellom klimaendringar og svekking av artsmangfaldet (UN, 2022)

.«Folk køyrde lastebilar over isen!», seier Rita. Ho hugsar tidlegare vintrar, der ho, som mannen, gjekk mykje på skøyter. «Det er det jo ikkje alle som får prøvd no.» 

Samstundes meiner ho at noko er likt: «Våren og hausten har ikkje endra seg så mykje. Bjørka blomstrar vel alltid på same tid.»

Postbod i høg snø

Arne Furevikstrand (f. 1948), busett i Holmedal, peikar på fleire årsaker til at fiskelivet har blitt svekka. «Trålen har nok ein del å seie for fiskelivet i Noreg og her eg bur. Dei som jobbar med trålen veit kvar stimane beveger seg og kan fange dei opp på ein blunk. Trålen er i det opne havet, men kan påverke straumane som kjem inn i Dalsfjorden». Han opplevde at dei mildare vintrane vart ei lette for jobben som postbod: «Den første påverknaden eg tenkjer på med forandringa av klimaet var, for å vere ærleg, at eg slapp å køyre i snø, slaps og anna tung nedbør på postrundane mine. Det var kjekt å ikkje måtte stå og stampe i snø og grave fram postkassar!»

Kona Helga Nilla Løvik Furevikstrand (f. 1949), som har vore postmeister i Dale, seier at då ho var lita jente, kom snøen tidleg og «det var som regel to-tre samanhengande månader med snø og kulde. No er det mange år sidan. I tillegg har vi mykje lengre tørkeperiodar enn før. Vi høyrde ikkje om skogbrannar før i tida, medan no hender dei stadig oftare.»

Ønskjer høgare fjell

Klimaendringane får òg følgjer for jordbruk og husdyrhald. Bøndene er særs avhengige av vêret, og endå meir tidlegare, når dei skulle hesje og tørke høyet ute over sommaren, fortel Arne frå ei tid før plastballane tok over. Den tidlege snøen før om åra kunne vere eit problem for sauehaldet. «Far min hadde sauane i Bakkemarka i oktober, han måtte inn og trakke fram veg til dei slik at dei kom seg heim att.»

Gunnar seier at eit av resultata av klimaendringane er at tregrensa har flytta seg høgare, han trur det kan vere rundt 40 meter dei siste 30 åra. «På gardsbruka her har det vore vanleg å hauste enga to gonger årleg. Klimaendringane gjer at ho i dag kan haustast tre gonger. Men lange periodar med tørke kan òg føre til reduserte avlingar».

«Det er blitt litt grønare i fjella», seier Arne. «Ein ting eg ville endra med landskapet her i Holmedal, er at eg ville hatt høgare fjell. Snøen trekker seg opp litt etter litt gjennom sommaren, og då vert det friskare gras lenger ut i året. No er det slik at graset ikkje er så friskt når ein kjem ut i august og september. Det er altså ein fordel med snøfonner», meiner han. 

«Eit døme kan vere fjella ved Jølster. Der er det alltid tilgang på friskt gras, grunna dei høge fjella.»Men han ser òg stader i Holmedal, bak Bakkefjellet, der sauane liker seg godt. Graset ligg bak ein fjellhammar, slik at snøen brukar lengre tid på å smelte. Om det blir varmare, kan graset tørke ut, særleg om snøen ikkje legg seg på fjellet.

Kor skal ein bu?

Einskilde somrar kan verte for blaute, seier Arne og Helga. Då vert det vanskeleg å nytte dei tunge reiskapane på bøen. «Avlinga vert ikkje heilt topp. Nokre somrar kan bli så tørre at det ikkje er lett å få næring til plantene, og det fører til kort vekst.»

Helga peikar spesielt på følgjene for busetnaden i framtida. «Folk har til dømes ikkje lov å byggje hus og anna langs med kystlinja. Holmedal Elektriske ville eigentleg byggje vidare på arbeidsplassen, men grunna at det ligg så nær havet, fekk dei ikkje løyve sidan havnivået vil stige. Vi har også nokre naboar som bur rett ved sida av ei elv. Dei er i ferd med å flytte ut, grunna faren for flaum. Dei store nedbørsmengdene har rett og slett gjort det usikkert å bu der.»

Ella (t. v.) og Helga i fjøset
saman med dei vakre vårlamma.

Ella (t. v.) og Helga i fjøset saman med dei vakre vårlamma. | Maria Mjanger

Lammet Spretten.

Lammet Spretten. | Ella Furevikstrand

Arne Furevikstrand på traktoren han kjøpte brukt frå Viksdalen i 1979. Modellen er frå 1971.

Arne Furevikstrand på traktoren han kjøpte brukt frå Viksdalen i 1979. Modellen er frå 1971. | Privat

Sommaren 2023 - eit varsel om framtida

Tidleg denne hausten fekk mange menneske i Viken og Innlandet kjenne klimatruslane på kroppen. Meir enn fire tusen vart evakuerte, og mange måtte vende heim til øydelagde eller skadde heimar. Spørsmål vart stilte til entreprenørar som hadde bygd i ras- og flaumutsette område. Forsikringsselskap og utbyggjarar fekk det travelt (NBBL 2023).

Dei fem som er intervjua, bidreg med lokale røynsler, men freistar å sjå dei lokale utfordringane i ein større samanheng. 

Gunnar meiner dei ikkje har «merka klimaendringane i same grad som områda langt nord og sør for oss. Vi veit at Grønlandsisen minkar fortløpande. Vi høyrer om varmebølgjer som stadig set nye rekordar, unormalt store nedbørsmengder i område vi har rekna som ørken, og orkanar og tyfonar som legg alt flatt etter seg.»

Rita hugsar godt debatten om hol i ozonlaget. «Eg trur folk slutta med å sole seg. Sola vart vel meir skadeleg.» Trygve føyer til at folk vart meir merksame på problemet.

Globale leiarar blei meir merksame, dei òg. Verdssamfunnet klarte å få til endring, slik at ozonkrisa vart stogga. Og under covid-pandemien sette politikarar i verk effektive og omstridde tiltak då covid-en truga. Desse døma har vorte framheva av forskarar for å vise kva ein kan få til når planeten er i krise (Kunelius, 2020).

«Kloden reparerer seg ikkje sjølv»

Under Pariskonferansen i 2015 sette verdsleiarane krevjande mål om kutt i utslepp av klimagassar og drøfta planar for å hjelpe dei fattige landa som vart hardast råka av klimaendringane. Alle nasjonar skulle ha eigne mål, men åtte år seinare verkar desse måla vanskelege å nå både i Noreg og elles i verda. Kva seier dei fem om lokale tiltak?

Både Rita og Trygve meiner ein kan gjere meir for klima og miljø, som å nytte piggfrie dekk på asfalt, nytte meir kollektivtrafikk eller bytte til elbil. Dessutan lyt ein slutte med å kaste mat og bli flinkare til å sortere boss. Dei ser at dette skjer allereie.

Arne og Helga peikar på gjenvinning og miljøstasjonar som eit stort framsteg. Dessutan finst det no kadaverbilar, som gjer at dei slepp å grave ned dei daude dyra sjølve. Firma som hentar dyrekadaver nyttar dei til energi og andre føremål i prosessar med resirkulering. (Biosirk, n.a.)

Helga seier at endringane har gjort noko med henne psykisk. «Vi tenkjer på desse naturkatastrofane som skjer rundt om i verda og har det med oss. Mange er i dag bekymra for framtida og kjem i psykisk ubalanse fordi dei tenkjer på korleis det vil fortsette. Enda eg er 74 år, synest eg det er skremmande. Vi har jo sett heile reisa og fått med oss dei drastiske endringane.» 

Ho er ikkje uroa for seg sjølv. «Det eg er bekymra for, er framtida for barna mine, spesielt barnebarna. Det er dei som må leve med endringane, og dersom ein ikkje byrjar å gjere tiltak, får dei nok ikkje oppleve det flotte landet vårt på same måte som meg.»

«Ei enkel, men djup sanning er at ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.»

– Elisabeth Eide, forfattar, journalist og professor emerita

Her knyter Helga røynslene sine til Greta Thunberg og hennar generasjon. Thunberg har snakka høgt om angsten for framtida. «I want you to panic», sa ho til globale leiarar under eit toppmøte i Davos i 2019 (Thunberg, 2019). 

Fire år er gått, og teikna til at verdsleiarar har fått panikk, er få. Arne er klar over at kloden ikkje kan reparere seg sjølv. «Men det er så mange menneske på jorda. Skal vi klare å få det til… Jorda treng oss meir enn nokon gong, og det er viktig at vi tar grep og ansvar før vippepunktet er gått i den gale retninga.»

Ei enkel, men djup sanning er at ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Natur- og klima-tilhøva frå 1950- og 1960-åra kjem ikkje attende. Men om historia om endringane vert felleseige på tvers av generasjonar, kan dei kanskje inspirere til felles ansvar for at skadane ikkje vert større enn samfunnet kan tole.

I nabolaget utanfor Bergen der mor mi nytta den kalde snøen til å lage iskrem, fanst utmark med små skibakkar. Mange med meg lærte å stå på ski der, på små raude plankar med lærbindingar. 

Den norske vinteren 2019-2020 var den varmaste på 120 år, 4,5 grader varmare enn normalen, og det kom 70 prosent meir nedbør enn snittet for åra 1961-1990 (Forskning.no 2020). 

Vinteren vart kort og våt. Skibakkane var grøne.

Referansar

Fleire saker
Essay

Det forteljande dyret

Det er ikkje berre dei skjermopplyste andleta våre som skil oss frå andre dyr. Å fortelja gjer oss til menneske.

Poesi

Ikkje kall meg diktar

Eg set stor pris på at du ikkje kallar meg diktar. På førehand takk.

Lydbok- og manusforfattar Rolf Magne G. Andersen er førstemann ut i spalta "Skaparkraft".
Intervju

Det siste Rolf laga var ei hypnosemaskin

Med over 30 lydhistorier, sju bøker og fleire manus bak seg, er det ikkje tvil om at Rolf Magne G. Andersen er ein produktiv forfattar. Likevel vil han heller ta ut av oppvaskmaskina enn å skrive ned forteljingane sine.