Illustrasjon: Signe Wohlfeil

Det guddomlege forteljetalentet

I antikkens tid var talent ei mynteining - altså noko lite i lomma, som kan føre til store ting.

Av Tormod Haugland
Forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet. Bur i Bøvågen.


Publisert 26.08.2023
Sist oppdatert 05.09.2023
I dette essayet drøfter Tormod Haugland kva forteljekunst er.

I opninga av eit av våre eldste og mest omtykte episke diktverk, Homers Odysseen , kallar forteljaren på musene, gudinner som i gresk mytologi representerte skaparevne og kraft. Ei slik handling syner tydeleg korleis dikting og forteljekunst var knytt til guddomlege krefter, og at skapande inspirasjon er noko ein får frå gudane.

Med Poetikken skreiv Aristoteles ei lærebok om diktekunsten, der han gjorde greie for oppbygging og verkemiddel i den episke diktinga og i tragedien, og kva verknad desse kunstverka hadde på publikum. Han skreiv med stor vitskapleg innsikt i Homer og dei store greske tragediediktarane sine verk, men var på same tid klår på at handverket i dette er knytt til meir enn det reint tekniske.

«Spørsmålet om kva forteljekunst er kan seiast å vere på alder med sjølve forteljekunsten.»

– Tormod Haugland

I Den yngre Edda finn ein Skaldskaparmål, der Snorre Sturlason legg fram ein norrøn versjon av synet på dikting. Også Snorre legg vekt på at evna til å meistre skaldskap, kjem an på meir enn sjølve handverket. Ein kjem ingen veg utan den naudsynte nådegåva frå gudane.

Kunnskapen minner om den ein finn i opninga av Odysseen, i medvitet om at det å fortelja krev særskilde evner, av ein kvalitet ein ikkje kan hente frå kvar som helst. 

Spørsmålet om kva forteljekunst er, heng saman med dette medvitet, og kan såleis seiast å vere på alder med sjølve forteljekunsten.

«Eg veit ikkje mykje om det guddomlege, men for meg heng det saman med noko uforklårleg.»

– Tormod Haugland

Trongen til å definere og forklåre har gjeve oss mange versjonar av kva forteljekunst er, men poetikkar og kunstnariske manifest har lett for å miste aktualitet over tid. 

Forteljekunsten liker å snakke til eit her og no, til samtida si, han vil utforske og utfordre grenser for kva som er innanfor og utanfor.

Og kanskje står ikkje forklåringane knytte til det guddomlege like høgt i kurs i dag. Eg veit ikkje mykje om det guddomlege, men for meg heng det saman med noko uforklårleg. 

Evnene mine er knytte til læring, men det eg har prøvd å lære, har hatt band til eigenskapar og evner eg alt kan ha hatt i meg. Det tyske ordet kunst kjem frå kunnen (kunnskap) og det greske ordet for kunst, techné, tyder å kunne eit handverk. 

Men utan denne guddomlege eigenskapen som stundom vert kalla talent, så kan ein risikere å stå der utan å kome seg vidare. 

Dette kan verke mystisk og altfor romantisk. Det er difor viktig å vite at talent var ei mynteining i antikken si tid, altså noko lite i lomma, men stort i tyding og meining. 

Det kan vere kva som helst, ein ti-øring, ein stein, ein skrue, eller ein liten kvit kvist som ein sjølv har barka. Greia med talentet er at det ikkje ligg i tingen, men i det ein får ut av det.

Går ein for forteljekunsten, så lyt ein stole på talentet. Det er det viktigaste. Med talentet kjem øving og læring, det viktige handverket. Resten kjem av seg sjølv, dersom det er naudsynt nok for den som gjer det.

Alt frå dei eldste tragediediktarane si tid var det vanleg å konkurrere om kven som var den fremste diktaren. Denne konkurranseforma skil seg frå den olympiske, der utøvarane kjempar ut frå klåre mål og vilkår. 

Retningslinjene for å konkurrere i kunsten, går meir ut på å sjå etter kvalitetar som originalitet og eigenart, anten det er snakk om skapande eller utøvande kunst. For meg står kunstkonkurransen i samband med poetikken, der ein gjennom å konkurrere viser sitt medvit i måten ein utøver kunsten sin på. 

Konkurransetradisjonen lever framleis i den norske folkemusikken, med sine årvisse landskappleikar. Slike tevlingar syner korleis diskusjonen om folkemusikk og kvalitet har halde seg levande frå ei tid utan andre læringsstader enn læremeistrane og miljøa mellom utøvarane.

«Slik eg ser det, er det dette medvitet som gjer arbeidet hans til kunst.»

– Tormod Haugland

I dag lever dei gamle tradisjonane i lag med vår tids utdanning. Opp gjennom tidene, før kunstutdanninga og før ordet kunst kom i bruk, har kunstnaren vore knytt til evner og krefter berre visse menneske var i kontakt med. 

Skulle ein verte god til å spele fele, gjekk ein til dei beste for å lære, og fleire felespelarar lærte seg attpå til det avanserte handverket til felemakaren. 

Og landskappleikane syner oss kor strengt den einskilde felespelar vert vurdert, utan at vi som utanforståande alltid skjønar kva kriteria for godt felespel er. Men vi kan likevel skjøne det, når vi høyrer det, at det er stor kunst.

Skilnaden på før og no ligg mellom anna i at mange fleire har høve til å gå i lære for å verte kunstnarar. Men talentet gjeld framleis, ein må ha det, anten ein er utøvande eller skapande. 

Å skilje mellom å utøve og å skape er kanskje enklare i andre delar av kunstfeltet. Når det kjem til forteljekunst, ser ein at mange forfattarar er aktive både som skapande og utøvande. 

Også her kan ein lage linjer attende til oldtida. Odysseen fanst før Homer skreiv han ned, men ikkje som skrift, forteljinga fanst som munnlege overføringar i ulike versjonar. 

Det er der den metriske verselæra kjem frå, frå tida før skrifta. Den gongen var ho naudsynt for å lage mønster og rytmar som kunne hugsast, ved sida av handlinga. 

Poenget med å lage metriske strukturar, er å hugse. Forteljinga om Odyssevs si heimreise etter krigen mot Troja, vart skriven ned av Homer, og den vestlege kulturen har dyrka den versjonen. 

Homer ser vi på som ein stor diktar, ein kunstnar i forteljing, men vi veit ikkje i kva grad dei munnlege forteljingane han bygde på, hadde i seg medvitet om den guddomlege nådegåva. 

Slik eg ser det, er det dette medvitet som gjer arbeidet hans til kunst. Når ein les Homer skjønar ein leiken, og ein skjønar alvoret.

Fleire saker
Lengt var både ei drivkraft og ein hemsko for diktaren Jakob Sande.
Essay

Lang – lengt – livsløgn?

Eit språkleg blikk på kva dei ulike orda for lengt kan fortelje oss om å lengte.

Kommentar

Bygdeforteljingar i fire kategoriar

Ein diskuterande tekst om distriktspolitisk debatt: Korleis kan vi på bygda snakke om oss sjølve utan å samtidig sette oss i bås?

- Eg knuga draumen så hardt at knokane mine blei heilt kvite, skriv Katrine Sele.
Essay

Korleis halde ein draum

Draumane våre skremmer oss. Difor har vi ein tendens til å halde dei for hardt.