Himalaya, Nepal

Himalaya, Nepal | Aman Shrestha/Unsplash

Her har du mitt liv

Eg sviv på underleg vis.

Av Robert Haugen
Bibliotekar med master i bokhistorie. Frå Harøya, Sunnmøre, bur i Førde.


Publisert 26.11.2025
Sist oppdatert 26.11.2025

Verda slik vi kjenner ho (1/2025)

Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du endre, og kva vil du ikkje miste? I denne digitale og fjerde utgåva av Jaja, inviterer vi bidragsytarar til å utforske kva som står på spel for verda slik vi kjenner ho i dag, gjennom tekstar og bidrag i ulike sjangrar. Tekstane i utgåva blir publiserte frå juni til november 2025.

ISSN 3084-1747 (digital utg.)

Eg sviv på underleg vis

omkring i kosmos

med gjenskinet av Nordstjerna i fjeset

Her er kaos, ljos, strålande mørke et cetera,

digre vogner og snurrande, brennande hjul

Eg ber ei maske av mjuk hud,

Gud var aldri ei borg,

har sorg om føtene,

gler meg over stilla,

prisar mitt sløve sinn,

ser inn i ingenting, kviler,

spirer i utkanten av livet mitt.


Landar i fredlause skogar,

kamuflerer fred med ro,

triv til havet sine minne,

ser senka båtar, senka blikk,

kjenner den menneskelege skikk,

prøver finne leia til Himalaya,

vil vikle meg ut av ingenting,

reiser innover i landet,

stirer utover sjøane,

eg riv i maska mi,

famlar etter alt i deg,

søkjer i alle himmelretningar

etter fordømte setningar.

Fleire saker
Jean-Antoine Watteau: Les Plaisirs du Bal.
Kollasj

Gjestfridom

Om å ta imot og gje attende, på reise eller heime.

Dramatikk

Og no over til vêret

Dei nye rapportane frå FNs klimapanel viser at det er veldig varmt.

I Gaza er historia nærverande, og menneske og kulturhistorie truga, skriv Elisabeth Eide i dette essayet.
Essay

Gaza-notat 3. til 11. august

Me treng lese og freiste å forstå: om individ, namn, tusental – og dei som risikerte livet for å fortelje.