Skribenten, den besøkande, glad og nøgd på Trollsteinen.

Skribenten, den besøkande, glad og nøgd på Trollsteinen. | Foto: Siri Helle

Svalbard: ei kjærleikserklæring

To månadar på Svalbard vekte dei sterkaste kjenslene i meg. Ikkje alle var positive.

Av Siri Helle
Skribent, utdanna agronom og snikkarassistent. Bur i Holmedal i Sunnfjord.


Publisert 17.06.2025
Sist oppdatert 17.06.2025

Verda slik vi kjenner ho (1/2025)

Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du endre, og kva vil du ikkje miste? I denne digitale og fjerde utgåva av Jaja, inviterer vi bidragsytarar til å utforske temaet "verda slik vi kjenner ho", gjennom tekstar og bidrag i ulike sjangrar.

Tekstane i utgåva blir publiserte frå juni til oktober 2025.

ISSN 3084-1747 (digital utg.)

Ein onsdag i april gjorde eg det. I strålande sol og femten gnistrande minusgrader gjekk eg om bord i SAS-flyet i Longyearbyen, eg let det ta av og med det reiste eg frå Svalbard. Sjeldan – knapt i det heile – har noko kjenst så feil.

Kan det vere hjartet treng kulde kring seg for å skape verkeleg varme inni seg?

Mitt har kjenst slik dei siste to månadane. Dei to månadane eg fekk vere i mitt eige land og ei anna verd samstundes: på Svalbard, så klart. Svalbard, landet med dei kalde (sval) kystane (bard) - då nordmenn for temmeleg nøyaktig hundre år sidan fekk eigarskap til og ansvar for Svalbard for evig og alltid, tona vi ned det hollandske namnet Spitsbergen, som øyriket fekk frå oppdagaren Willem Barents i 1596, og tok attende namnet som vart gjeve det i ein islandsk tekst frå 1194: «Svalbardi fundin».

Det høyrest meir norsk ut med eit norrønt namn, tenkte vi, så kan den eine øya få heite Spitsbergen (den med Longyearbyen på), det er greitt, for det er jo trass alt eit internasjonalt samfunn dette – vi måtte gå med på det. For å få Svalbard måtte vi tillate at alle andre folk også kunne få vere her, det står i Svalbardtraktaten som i år altså er hundre år: «Alle de høie kontraherende parters undersåtter skal i farvannene, fjordene og havnene innen de områder som er nevnt i artikkel 1 ha like rett til adgang og ophold – uten hensyn til grunn eller formål; de skal der kunne drive uhindret allslags maritim-, industri-, bergverks- og handelsvirksomhet på fullstendig like fot, forutsatt at de retter sig efter de stedlige lover og forskrifter», står det, og om vi tenkjer på plasseringa av Svalbard er det på mange måter ganske vilt: For det er jo ganske krevjande å leve på 78 grader nord, tolv breddegrader frå Nordpolen, i verdas nordlegaste alt mogleg som er tettstaden Longyearbyen. Det er ikkje for kvarmannsen, kan ein tenkje. Men så har det - på ein måte - vorte det, likevel.

For Longyearbyen har innbyggarar frå 53 land, og dei største etter Noreg og Sverige er Filippinane og Thailand. Utlendingslova gjeld ikkje her. Kven som helst kan kome, men dei må klare seg sjølve: skaffe bustad, skaffe jobb, for dei sosiale rettane er færre enn i resten av Noreg.

Er det dette som har gjort hjartet mitt så varmt, fått det til å kjenne så mykje? At staden, miljøet, klimaet, alt her krev meir, av dei som bur her i år etter år og tiår etter tiår – enn mange andre stadar? At folk frå heile verda har valt å vere her, i kulda, i mørket som er så mørkt og lyset som er så lyst, i samfunnet der det er forbode å føde og forbode å døy, men som like fullt skal vere eit familiesamfunn ifylgje norske styresmakter, korleis er det eigentleg mogleg?

Det måtte i alle høve verte ei kjærleikserklæring til Svalbard, dette her. I den grad ein kan hevde slike kjensler for noko etter å ha vore ein bitte liten del av det i to månadar, då - eg har fått så mykje meir frå Svalbard og Longyearbyen enn kva eg har gjeve attende, og det plagar meg, eg skulle så gjerne ha blitt, vorte ein del av dei menneska som blir på Svalbard i år etter år, tiår etter tiår.

Visste du at det er stadig færre att av dei folka, at median butid i Longyearbyen vert lågare og lågare år for år, og at ei av årsakene er at stadig fleire tenker og gjer slik som eg: Vi ser på Svalbard som eit eventyr for oss sjølve, og eventyr kan vere vakre og verkelege her, og når dei er over, eller når livet heime ropar for høgt på oss, reiser vi heim att (det kan vere gode årsaker til dette, men dei får halde seg i parentesen denne gongen).

Kven er dei som blir? Det er dei - både dei med norsk pass og dei med andre pass - som sørger for at norsk suverenitet over Svalbard held fram å vere uomstridd - men under litt ulike føresetnader. «Longyearbyen skal være et attraktivt sted for norske familier og gjennom dette bidra til å oppfylle målet om norske samfunn på øygruppen», står det i siste Svalbardmelding frå regjeringa. «Vi som bur her aksepterer at vi er svalbardpolitiske verkemiddel», seier dei som bur der.

Å leve liva sine som brikker i storpolitikken. Kva vilkår let Noreg svalbardianarar gjere det på? Svalbard og Longyearbyen har gått frå å vere eit selskapsstyrt, mannsdominert gruvesamfunn til eit statsstyrt, familiebasert turistsamfunn i løpet av nokre tiår. Omstillinga har vorte krydra med fine ord som «spydspiss i det grøne skiftet», «Noregs villaste restaureringsprosjekt» og «utstillingsvindauge for resten av verda».

Og ja, restaureringa av gruvesamfunnet Svea attende til natur vart det største blant slike prosjekt i Noreg nokosinne, men kva gjev det attende til svalbardianarane? Oppvarminga av planeten går sju gongar fortare her oppe enn snittet i verda, og det kan brukast som utgangspunkt for forskarar ved universitetssenteret og spaningselement på guida turar. Forskarane og guidane ser endringane i levande live - som at mindre havis fører til meir whiteout, kvitt lys ein ikkje ser nokon ting i – men kva får dei attende for å sende denne informasjonen ut i verda?

Jau, frå norske styresmakter får dei mellom anna klar beskjed om at dei ikkje kan rekne med at FNs barnekonvensjon gjeld her i same grad som på fastlandet: «Ansvaret for at interessene til barn som oppholder seg på Svalbard er ivaretatt, hviler i første rekke på foreldrene», står det i Svalbardmeldinga, som held fram: «Fordi det offentlige tjenestetilbudet er begrenset, vil det ikke alltid være til barnets beste å bo på Svalbard. Dette kan særlig gjelde for utenlandske statsborgere som av forskjellige grunner ikke kan benytte seg av tjenestetilbudet på fastlandet.»

For om Svalbardtraktaten slår fast at vi må sleppe kven som helst inn på Svalbard, seier han ingenting om at vi må gje alle borgarar same rettar. Og det veit Noreg godt. Ikkje berre er det umogleg å bruke Svalbard som plattform for å opparbeide seg rett til opphald i Noreg og/eller Schengen – er du på Svalbard utan norsk pass har du ikkje automatisk rett til helsehjelp, ikkje trygderettar, og barna dine har ikkje rett til skulegang utover det som vert tilbydd i Longyearbyen (til og med vidaregåande). For tre år sidan gjekk ein enno lenger.

Reinsdyra vert gjerne kalt dei ekte fastbuande, og det er jo sant. Dei får både fødast og døy her, dei, og så er dei godt selskap i mellomtida.

Reinsdyra vert gjerne kalt dei ekte fastbuande, og det er jo sant. Dei får både fødast og døy her, dei, og så er dei godt selskap i mellomtida. | Foto: Siri Helle

Fredagssyssel: bygge skispor gjennom isgrotte.

Fredagssyssel: bygge skispor gjennom isgrotte. | Foto: Siri Helle

Fullmånesamling i Adventdalen.

Fullmånesamling i Adventdalen. | Foto: Siri Helle

Longyearbyen er i stor grad styrt frå Oslo, men har eit lokalstyre som fungerer som eit avgrensa kommunestyre – med valbare representantar. Fram til 2022 kunne alle som er registrert busett i Longyearbyen både røyste og stille til slike val – slik norske sydeninnbyggjarar kan røyste i lokalval i Spania. No er det berre folk som har vore folkeregistrert busett i ein norsk kommune i tre år før dei flyttar til Svalbard som kan røyste og stille til val til lokalstyret i Longyearbyen.

Kvifor? «Tilhørighet og god kjennskap til norsk kultur, språk, tradisjon og norske samfunnsforhold er viktig for å kunne ivareta fellesskapsinteressene på Svalbard på en god måte», skreiv Forsvarsdepartementet i sitt høyringsbrev til endringa.

«Tilknytning til fastlandet bidrar til at de som til enhver tid forvalter dette samfunnet har god kjennskap og forståelse av svalbardpolitikken og de rammene som gjelder for Svalbard», sa dåverande justisminister Emilie Enger Mehl.

Med andre ord seier norske styresmakter at det er viktigare at du har kjennskap til korleis ting fungerer i Fastlands-Noreg enn at du har kjennskap til korleis ting fungerer på Svalbard for å få vere med å bestemme over samfunnet du bur i. Å vere norsk er det same som å vere svalbardianar, men å vere svalbardianar er ikkje det same som å vere norsk.

Er det så enkelt?

Ein dag brukar eg pressekortet mitt inn på ein altfor fancy konferanse for bankfolk. Dei har mellom anna invitert Erling Kagge, og med eitt står han der og fortel om korleis han og Børge Ousland skaut ein isbjørn på veg til Nordpolen - den historia handlar mellom anna om å rekke å ta bilete til National Geographic og pistolar så lette at dei ikkje kan brukast til anna enn dødelege skot, og sjølv om han i etterkant passar på å seie at dei sjølvsagt ikkje ynskte å skyte ein isbjørn, vert det ei grell kontrast til isbjørn-forteljinga Svalbardposten-redaktøren Line Nagell Ylvisåker fortel like etterpå – om ein pappa som gjer det han kan for å skremme vekk og ei mamma som småspring med eit barn på kvar arm og barneregler som avledningsmanøver.

Og dette er berre eit av så mange døme på kvifor eg ikkje kan late vere å meine at svalbardianarar veit best kva som er best på Svalbard. At Svalbard er ein del av Noreg, men òg noko heilt anna, noko som kan lesast best innanfrå. Nokre gongar bokstavleg: Eg hadde aldri våga å fjordbade i minus tretti effektive utan selskap av dei som gjer det kvar tysdag, heile året, og alltid har ei meir ekstrem historie å fortelje. Ikkje hadde eg våga å gå inn i ei tilfeldig grotte under ein isbre heller, men dei som bur der veit når det er trygt.

Er Svalbard for alle? I venleik, ja, om ein legg inn innsatsen: Svalbard bit i nasen og verker i fingrane, terrenget kitlar i magen og lyser så sterkt at det somme gongar kan vere vanskeleg å sjå på. Svalbardbreane flyt framover som dundyner, berre Svalbardfjella høgg seg gjennom alt det kvite: Bratte og skarpe skrapar dei djupe, varige merke i hjarterøtene - dei einaste røtene det er lov å sette på Svalbard, landet utan tre og skog og utan familieband, utan besteforeldre, reservevasskjelde, psykolog, rullestolrampe og retten til å eige eigen bustad. Alt dette lever dei utan, men det dei ikkje kan tole å miste, er det kollektive minnet: Både natur og samfunn krev slikt fellesskap, men ingen veit kor kort folk flest kan bu på Svalbard før hugsen kring kva som er farleg og kva som er trygt vert vekke: Svalbard har erfart at det kan gå gale før - i 2015 tok eit snøskred livet av to menneske. Den dagen alle dei som hugsar korleis forholda var kring det snøskredet har flytta, er beredskapen på Svalbard svekt.

Ein så sårbar røyndom treng i alle høve ikkje unødig forstyrring frå uvesentlege faktorar som hudfarge og nasjonalitet.

«Skriv fint om oss», sa ei dame eg hadde vorte akkurat så godt kjent med at vi veksla nokre ord då eg kjøpte suvenirar av ho siste dagen, og eg kjenner at eg må det, om eg aldri så mykje er journalist så vil eg respektere dei som bur i isen høgast, dei som har vottane på, det er eit egoistisk aspekt ved det også: fordi eg gjerne vil kome attende ein dag. Det er berre ei årsak til å bu på Svalbard: at ein trivst der. Det gjorde eg. Takk for meg – og på gjensyn.

Fleire saker
Prosa

på hytten