
I Gaza er historia nærverande, og menneske og kulturhistorie truga, skriv Elisabeth Eide i dette essayet. | Emad El Byed/Unsplash
Gaza-notat 3. til 11. august
Me treng lese og freiste å forstå: om individ, namn, tusental – og dei som risikerte livet for å fortelje.
Verda slik vi kjenner ho (1/2025)
Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du endre, og kva vil du ikkje miste? I denne digitale og fjerde utgåva av Jaja, inviterer vi bidragsytarar til å utforske temaet "verda slik vi kjenner ho", gjennom tekstar og bidrag i ulike sjangrar.
Tekstane i utgåva blir publiserte frå juni til oktober 2025.
ISSN 3084-1747 (digital utg.)
Det regnar i vest, trea står utørste og stille, morgontåka har letta. Eg ser ut på blåbærtuer, nyfødde furutre og ranke bjørker. Med regnet kjem sopp. Mangfaldet aukar.
Olav Randen, småbrukar og forleggjar, melder at frøbanken i Hebron på Vestbreidden er jamna med jorda. Korleis kan det ha seg, at palestinske såkorn for framtida vert til angrepsmål sommaren 2025? Israelske styrkar gjennomførte ein razzia mot frøbanken, skriv Randen. «Med bulldosarar og anna tungt maskineri vart lagerbygningar og infrastruktur for frøproduksjon og lagring av lokale frø øydelagt – utan varsel føreåt. Dette er eit direkte og systematisk åtak på palestinsk matsuverenitet, biologisk mangfald og retten til å dyrka eigen jord.»
Fleire medium fortel at Israel har drepe ein hjelpearbeidar på Gaza, medan tala på menneske som døyr av svolt og treng hjelp, stig. Israelske styrkar har tatt livet av 61 andre palestinarar sidan soloppgang i dag, 3. august. Eit bilete frå Al Jazeera syner ein gut bøygd over ein lauvtynn fot. Foten sit på kroppen til ein lokal sportshelt, Atef Abu Khater, 17 år. Den 2. august blei han ein av dei som svalt i hel. Då vog han 25 kilo. Ein ni år gamal gut kan vege 25 kilo, men det skal ingen syttenåringar. Biletet syner berre beina hans, tynne som kvister. Familien melder at han ikkje hadde helseproblem frå før, og ifølgje direktøren for Al Shifa-sjukehuset vart han ein av minst sju som døydde av mangel på mat det døgnet.
Ein ung student, Ahmad Abushawish, skriv til Al Jazeera at han fryktar å svelte i hel før han får tatt sin tawjihi, gymnaseksamen. Han skildrar eit øydelagd utdanningssystem, eit håp om vidare utdanning som svinn. Palestinarane har vore det høgst utdanna folket i Midtausten. Eg hugsar kor stolte dei var av den statistikken, palestinarane eg møtte i ein flyktningleir i Jordan for nokre tiår sidan. Dei mangla ein stat, dei lengta etter heimlandet, men utdanning tok dei, med støtte frå UNWRA. No sit titusenvis av ungdomar i telt og ventar. På at marerittet skal ta slutt? På at dauden skal kome fort og skånsamt? På at dei nok ein gong må ta farvel med slektningar som går føre dei?
Midtausten, tja. I bakhovudet knurrar den egyptiske forfattaren og feministen Nawal-el-Saadawi (1931-2021). I eit intervju frå nokre år sidan stiller ho krasse spørsmål ved omgrepet. Midtausten. «Midten av kva?» Namnet røper eit kolonialt perspektiv, seier ho, der London har døypt landa aust for Middelhavet slik, fordi dei ligg (midt) mellom London og India, den største britiske kolonien.
Historia er så nær i Palestina, men ho risikerer òg å bli utsletta. Her om dagen vart folk i Gaza sin gamleby bedne om å evakuere. Gamlebyen i Gaza er ein del av palestinarane sin kulturarv. Enn så lenge. ICOMOS (International Council of Monuments and Sites) har skrive om dette trugsmålet, men vestlege medium har knapt funne plass til åtvaringane. Den nære historia lærer oss at evakueringsordrar kan tyde utsletting, at overmakta ikkje respekterer institusjonar og kulturminne.
Utanfor Afghanistan sitt nasjonalmuseum, står eit motto hogd i stein: «A nation stays alive when its culture stays alive”. Ei djup sanning som afghanarane har sett på nært hald, ikkje minst då Taliban våren 2001 sprengde dei to tusen år gamle buddhaene i Bamiyan-provinsen.
Kven skal redde gamlebyen i Gaza? Finst det telt til alle dei som har klamra seg fast i husa der, og som no skal tvingast til å evakuera med bombedrønn i øyra?
Får vi vite korleis det går? Det er færre journalistar på Gazastripa no. Fleire enn to hundre manglar, dei aller fleste drepne av Israeli Defence Forces (IDF). Kor mykje tid kan ein journalist bruke på å rapportere om han og familien hans svelt? The Guardian fortel at no er journalistane også råka av svolt. Kor lenge kan vi rekne med at det finst reporterar som risikerer livet – svoltne og utmatta – for at verda skal få vite meir om stoda på den utbomba bakken i Gaza? Deira norske kollegaer vert utfordra av NRK-korrespondenten Yama Wolasmal. Kvifor så tause?
Nokre dagar seinare: litt mindre tause. 10. august vart fem journalistar drepne i eit målretta rakettåtak frå Israel. Ein av dei var den verdskjende Al Jazeera-journalisten Anas al-Sharif. Saman med han i presseteltet var kollegaen Mohammed Qreigeh og kameramennene Ibrahim Zaher, Mohammed Noufal og Moamen Aliwa. Alle var unge. Fullstendig uakseptabelt, seier utanriksministeren. Ja, og…?
Ein video av al-Sharif og dottera (4) vert spreidd digitalt og syner ein kjærleg far. Medan folk sørgjer over reportarane, er Israel sin versjon at al Sharif var ein terrorist, Hamas-medlem. Med slike påstandar utan prov har dei legitimert målretta drap før, skriv CPJ (Committee to Protect Journalists).
Alle dei brutale nyhenda er tunge å fordøye, skriv mange vener. Er dei feige om dei ikkje orkar? Nei, eg vel å tru at folk har andre grunner. Det er tungt å vere handlingslamma. Som ei godt vaksen kvinne sa i eit radiointervju: Vi gjev til hjelpeorganisasjonane, men så veit vi at hjelpa vert ståande på andre sida av grensa.
Kan hende ikkje all maten, ikkje alt drikkevatnet?
Vi skriv under på opprop mot drap på journalistar, mot drap på sivile born og vaksne, mot organisert svolt og drap på dei som står i kø for å berge seg og sine. Kven les desse oppropa? Kva les dei som sit ved makta?
Fri Fagbevegelse, FN, ei gruppe historikarar og fyrste veka i august også Aftenposten, melder om korleis det norske Oljefondet har drive med meir enn tvilsame investeringar som bidreg til dei israelske åtaka på Gaza og Vestbreidden. Skattepengane våre er med i likninga. Peikeleiken i full gang, mellom politikarar, byråkratar og etikkutval.
Eg stirer på Oljefondet si heimeside. Freistar å fange to tal, for å sjå kor mykje meir pengar det vert på eit minutt. Frå 20100380xxxxxx kroner til ?! Fjorten siffer. Min skatt, eit nanosekund? Eg får det ikkje til. Tala går for raskt, fondet veks for fort. Auga vil ikkje meir. Prøv sjølv!
Det er enklare, men vondare, å vende attende til biletet av syttenåringen som døydde utmagra med vekt som ein niåring. Atef Abu Khater, sportshelten, og den namnlause guten, kan hende eit familiemedlem, sitjande bøygd over dei pinnetynne beina, som i eit kyss til avskil. Fleire gonger har palestinarar sjølve uttalt at dei som døyr ikkje er tal, men individ. Eg vegrar meg mot å kome med fleire tal, men det vart over to hundre sivile berre denne andre skrivedagen. Washington Post publiserte ei liste med namna til dei 18 500 borna som ikkje er meir på Gaza. Me treng kan hende lese og freiste å forstå: individ, namn – og tal, tusental.
Tankane spring, til USA-komikaren Abbie Hoffman (1936-1989), kjend for ramsalte kommentarar til moderne sivilisasjon. “The headline in the Daily News today reads: BRUNETTE STABBED TO DEATH. Underneath in lower case letters: 6, 000 Die In Iranian Earthquake. . .I wonder what color hair they had?»
Ungar på Gazastripa med solbleika hår slår på tomme kokekar og leitar etter linser og korn på bakken.
Rett under ei melding frå UNICEF om at ein tredel av Gaza-palestinarar går fleire dagar utan mat, finn vi oppslaget om «Trump’s $ 200 m ballroom: A history of home improvements at the White House.» I 2016 tilbaud han dåverande president Barack Obama 100 millionar i stønad til eit slikt prosjekt. Obama takka nei, det skal han ha. No kjem det, annonsert av ei ung, vakker og blond talskvinne frå det kvite huset. Ho seier at behovet for moderniseringar er stort.
Finst det von om endring i USA? Når senator Bernie Sanders kjem med framlegg om restriksjonar på våpensal til Israel, er stemmetala jamnare enn tidlegare. Og fleire folk er kritiske no. Men fleirtal får han ikkje i senatet, der demokratane er i mindretal, og det skal meir til enn at eit par republikanarar stemmer med Sanders.
Vår næraste allierte, heiter det på politikarspråket. Kva sa leiarane våre om Gaza då dei vitja det kvite huset, no under ballroom-modernisering? Kva skal dei seie til ein president som vender ryggen til folkemord og vil styre verda med tollprosentar?
No seier dei noko. Det kjem krasse ord om drapa på journalistar. Så kjem meldinga om at Oljefondet sel seg ut av 11 israelske selskap. Vi må tru det: Journalistar, historikarar, kjelder i inn- og utland, aktivistar, alle kan gjere noko.
Svalbard: ei kjærleikserklæring
To månadar på Svalbard vekte dei sterkaste kjenslene i meg. Ikkje alle var positive.