Livsvegen

Publisert 05.11.2025
“Du er mitt ljos på nattville veg”
sa han.
Det rørte meg langt inn i bringa og tårene stod i augene.
Eg hadde det på samme måte.
Skrekken blanda seg med fryd, då eg med eitt blei så redd for å miste han.
For meg er å elske det samme som å miste.
Dei kvite lakena heng på klessnora.
Ho er som ein rusten karusell som ikkje lenger vil svive.
Orda til Jakob Sande heng broderte i garden hans.
Han drog ut i verda og kom sliten tilbake.
Vaksenlivet levde han i byar andre stader,
men det var ved fjell og fjord han høyrde heime.
I den vestlandske språkdrakta.
Med dei skarpe r-ane og det syngande språket,
han blir hugsa for det.
***
Du kom heim.
Det er her du høyrer heime no.
Den persiske kvinna,
ho har orda i sitt hjarte.
Det er kunst og poesi.
Dei vakraste bileta malar ho fram med orda sine.
Ho veit det ikkje sjølv, men ho er heime.
No.
***
Det regnar ikkje i dag.
Det gamle, kvite huset står tomt og forlatt midt i den høggrøne sommaren.
Både synet og språket blir klårare her vest.
Sansane er skjerpa.
Snart skal ho reise heim og berre sjå dei mjuke fjella kvar dag.
Men ho lengast heim til skogen, elva og alle dei ho høyrer til.
Ho har med undring
Treft på gamle kjærleikar no.
Dei ringer, melder, kjem i draumane og vil ha kontakt.
Ho kjenner etter, men ho vil ikkje tilbake.
Ho vil berre ha det stille her no.
Stille og fredeleg i sitt eige selskap.
Ho har så mykje ho skal gjere.
Utrette og undre seg over.
***
Hulda og Halldis møttes i stugene her.
Dei var ikkje så glade i kvarandre, men drakk te og åt kake på venleg vis.
Praten var ikkje så god å halde i gang.
Skjørt og genserarmar blei retta på gong etter gong
Lufta stod liksom litt stille.
Klirringa frå serviset høyrast så utruleg godt.
Lettinga då karane kom var påtakeleg
Jakob, å Jakob eg lengast så.
Der du er på dei store blå.
Korleis kan eg med tanken deg nå.
Eg lever berre her i det daglege grå.
Med kvardagen tuslande avgarde.
Med orda eg hyllar deg i hug og sinn.
Eg håper eg når deg i hjarta inn.
Min mørke og vakraste gut.

Sketsjen om herren Karina
"690 kroner?" ropte Karina inn i telefonen. "Ja, det var det eg betalte", svarte mannen i andre enden.


