Frå fotoserien «Norsk sumarmelankoli» av Marius Moldvær.

Frå fotoserien «Norsk sumarmelankoli» av Marius Moldvær.

Bygdebøker og andre nedteikningar

Det er skikkeleg føkka korleis den svarte Poloen rusar.

Av Marius Moldvær
Biletkunstnar, skribent, teoretikar og miljøarbeidar. Frå Aurland.


Publisert 06.01.2026
Sist oppdatert 06.01.2026

Om teksten

Eg skulle, neddyngd i papir og notatar, dela eit innsyn i det arbeidet eg har gjort medan eg har vore i residens ved Jakob Sande – senter for forteljekunst, arbeidet med Har ikkje alle tenåringsgutar hatt si seksuelle oppvakning til ein Peter Andre-plakat?, ein skeiv oppvekstroman frå bygda på nittitalet. Men, medan eg var i residens, når eg såg ut vindauget, gjekk opp og ned, fram og tilbake, i regn og sludd, so var det noko ved bygda som festa seg. Opphaldet tvang fram nokre tankar kring dei tilfeldige observasjonane, hendingane på bygda, menneska her, andleta, butikkane, dei lysande vindauga som på kveldane både syner og skjuler. Dette eg snakkar om er idear som til ein viss grad er felles, eitt band mellom oss på bygda, ein kultur, eller kanskje nokon ville meine ukultur, som boblar i sjela vår som pulvervin på varmekablar. So velkomen, kjære lesar, til bygda, eg vonar du føler deg heime.

I residens 

I denne spalta inviterer vi skribentar som har vore i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst, til å dele frå påbegynt arbeid.

Eg les poesi medan eg et

sakprosa når eg søv.

Dette er ikkje for å skryta

av ei eller anna medfødd evne

berre det at eg trur at mykje kunnskap er uuttalt


Det er ingen som døyr om eg ikkje skriv denne setninga

men det er ein morosam tanke å leika med

Eg kan ikkje kommareglane uansett

so om livet ditt står på spel

ikkje send melding til meg!

ikkje, send melding til meg!

Eg må ta ei avgjerd:

Enten skrapa bilen

køyra og kjøpa vin

Eller:

La heile faenskapen gravleggast i snøen.

Eg stiller ein alarm på femten minutt

Sovnar

kjøper ein sekspakning på butikken

vin er for homoar uansett

Shit

Eg parafraserer no

for at du skal forstå

parafraserer til du ikkje forstår

til eg snakkar i kodar

for å skjula mine lunkne intensjonar

ventar på at heimebrenten skal verka

slik at me begge er passe mjuke

til eg må krølle tunga mi til eit røyr

stikka den i øyra ditt som ein lur

og tuta morse for at du skal forstå meg

til eg under dekke av detta

seksti prosent og aukande

kan kviskra sweet nothings in your ear

Og du må unnskylda om eg fornærmar nokon du kjenner

men det er skikkeleg føkka korleis den svarte Poloen rusar

Gjev sånn verkeleg small dick energy

om det er noko du likar

so er det OK

men framleis passe føkka

sjølv om eg er frå bygda

treng du ikkje spela Hellbillies i gravferda mi.

Fleire saker
Prosa

Ridderen og Platon

Du er glad i dyr du, sier Ridderen. Vi sitter på T-banen som kjører inn til fjellet. Jeg reiser meg.

Novelle

Sketsjen om herren Karina

"690 kroner?" ropte Karina inn i telefonen. "Ja, det var det eg betalte", svarte mannen i andre enden.