Siesta (etter Millett) av Vincent van Gogh.

Siesta (etter Millett) av Vincent van Gogh. | Musée d'Orsay (Public Domain).

Kva er det alvorlegaste augeblikket i ditt liv?

Heidi Hattestein inviterer forskjellige folk til å lese frå «Det alvorlegaste augeblikket i livet» av poeten César Vallejo – og til å dikte vidare.

Av Heidi Hattestein
Skribent, forfattar og fotograf. Vaks opp på Atløy og har hatt heile verda som arbeidsplass. Bur no i Førde.


Publisert 27.08.2026
Sist oppdatert 15.09.2026

«Det alvorlegaste augeblikket i livet» er tittelen på eit dikt av den peruanske poeten, essayisten og journalisten César Vallejo. Han skreiv diktet etter at han hadde forlate Peru for godt og levde under svært vanskelege forhold i Paris, og det er gjendikta til norsk av Gisle Selnes. 

Diktet går til kjernen av kvifor vi fortel. Vi gjer det for å forme identiteten vår, både for å forstå oss sjølve og for å framstå på ein viss måte overfor andre. Vi fortel fordi det knyter oss saman, eller fordi det markerer avstand mellom oss. Vi fortel for å lære eller for å lære bort. Og mest av alt fortel vi for ikkje å stå åleine i dei mest dramatiske og sårbare augeblikka i liva våre.

Her kan du høyre forskjellige folk lese frå «Det alvorlegaste augeblikket i livet» – og dikte vidare.

César Vallejo fotografert i 1929. Den peruanske poetens vende ofte tilbake til empati med dei som lir og solidaritet med dei undertrykte i diktinga si.

César Vallejo fotografert i 1929. Den peruanske poetens vende ofte tilbake til empati med dei som lir og solidaritet med dei undertrykte i diktinga si. | Wikimedia Commons.

I lytteopplevinga høyrer du: 

Pablo Dourojeanni
Rune Hegrenes
Terje Høivik
Gregory Idehen
Rune Fossum Lillesvangstu
Idun Losnegård
Rasmus Mo
Sallie Anna Steiner Pisera
Oddvar Torsheim
Thea Lovise Sørfonden Vie

Episoden er produsert av Viljar Losnegård og musikken er laga av Mute Mode.

Makt, mål og mæle – munnleg forteljekunst før og no (1/2026)

Å fortelje er eit urmenneskeleg instinkt frå førskriftlege tider. Med eit oppsving i munnlege format, som lydforteljingar og podkastar med trufaste lyttarskarar, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. I denne digitale utgåva dykker vi ned i munnleg forteljing og forteljekunst før og no. ISSN 3084-1747 (digital utg.) Utgåva er støtta av Fritt Ord.

Fleire saker
Ripsbuskene mine elsker meg. Er det slik?
Melding

Eg har funne boka som vil vere med meg livet ut

Siri Helle om å plukka rips medan sola varmar magan utanpå og Robin Wall Kimmerer si mjuke USA-røyst varmar han frå innsida.

Jakob Sande med fela.
Fagartikkel

«Du æ djevlige å få da te»

Sande-biograf Ove Eide skriv om Jakob Sande og munnlege forteljetradisjonar.

Trump-administrasjonen vil styrke medium, forskarar og andre som fremjar ein konservativ agenda i Europa med mange millionar kroner. Forteljingar har spela ei viktig politisk rolle langt attende i menneska si historie. seier professor emeritus i språkvitskap Gunnstein Akselberg.
Lydforteljing

Lygesoger frå den ovale forteljescena

Donald J. Trump konstruerer lygesoger om Grønland etter kvart som han treng dei, seier Gunnstein Akselberg i dette lydessayet, smidd etter dialogen mellom far og son i «Kongsspegelen».