Jeaninne Masika Harrysson og Shwan Wahed (fremst) har vore på turnè i vidaregande skular og ungdomsskular med framsyninga «Vi er alle på veg heim». Her på Etterstad skule. | Tori Flaaten Halvorsen
Vi er alle på veg heim: Uventa forfattarkurs
Ei framsyning der sjangeren overraska og innhaldet rørte meg.
Kva: Framsyninga «Vi er alle på veg heim»
Av: Jeaninne Masika Harrysson og Shwan Wahed
Idé utvikla av Harrysson i samarbeid med Wahed, Den mangfaldige scenen, DKS Oslo og Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Ein tysdag morgon i mars såg eg DKS-framsyninga «Vi er alle på veg heim». Eg, som hadde sagt ja til å skrive om framsyninga av nysgjerrigheit, hadde inga aning om kva den handla om, og eg gjekk meg til og med litt vill på leiting etter rommet den vart framførd i.
Eg hadde ikkje venta at framføringa eigentleg var eit kurs for forfattarar og scenekunstnarar. Stykket var framførd av Jeaninne Masika Harryson og Shwan Wahed, ein duo som har vist fram dette på ungdoms- og vidaregåande skular i over eit år no.
Deltakarane, denne gongen ein klasse frå ungdomstrinnet på Dingemoen, vart først instruerte om korleis ein kunne gje slepp på stress, for eksempel før ein skal presentere noko. Det blei pusta inn djupt, og mange A!-er av aukande sjølvtryggleik fylte rommet. Etter synte dei korleis vi kunne finne eit startpunkt for ein skriveprosess.
Elevane blei bedne om å skrive ned alle orda dei kunne kome på, for så å fjerne ord til dei stod att med eit «hjarteord». Hjarteorda var heilt enkle ord som hest, glad, gul eller fotball, ord som kan fungere som «frø» viss ein står fast framfor eit tomt ark. Heile prosessen hadde lutt- og kalimbamelodiar som bakgrunn.
Klassen lærte kor viktig det var å ha sjølvtryggleik i ein kreativ prosess. Å lytte til dei andre elevane for så å skrive ned alle orda ein hugsa, blei òg gjort for å vise korleis det å lytte til andre sine ord kan hjelpe ein med eins eigne.
Etter dette, gjennom eit rørande dikt, tok Jeaninne og Shwan opp eit veldig tungt tema. Det handla om korleis ein prøver å gå vidare i livet etter at nokon som er nær deg har tatt livet sitt. No handla det om å kunne uttrykkje seg om dette.
Stykket gav ungdommane sjølv moglegheita til og ansvaret for å reflektere ved å direkte spørje: «Kva hadde du sagt om ein som stod deg nær var i ein slik situasjon?» Elevane skulle finne og streke under eit ord eller ei setning frå diktsamlinga «Alt godt som enno ventar», av Harryson, i tillegg til ei setning dei hadde skrive sjølv.
Teaterstykket eg hadde forventa var nemleg det at elevane sjølve viste fram setningane sine, den understekne og den skrivne, over den rolege kalimbamelodien i rommet, spelt av Wahed. Resultatet under opplesinga vart då ei (nesten heilt) seriøs og ærleg stemning. Nokre av gutane prøvde sjølvsagt å tulle, men stemninga heldt seg alvorleg. Det var ein fascinerande og ganske rørande effekt.
Eg og to andre var publikum til denne framsyninga. Vi skulle etterpå gje ei tilbakemelding om korleis opplevinga hadde vore. Eg likte svært godt korleis dei hadde tatt ei setning dei syntest var viktig og putta den i konteksten til orda dei sjølve hadde skrive.
Eg har i etterkant tenkt på kva urokråkene følte. Eg lurer på om dette kanskje var noko av poenget til heile stykket, å få noko alvoreg og ekte ut av folk som ofte prøver å ufarleggjere det alvorlege med sarkasme.
Dette med ironi er noko som har fascinert meg i det siste. Eg og mine jamnaldrande har vorte nokså numne til kor mykje som skjer i verda. For kvar ærlege samtale om sjølvmordstankar vert det sikkert sagt fleire tusen vitsar om temaet (oftast medan matteprøver vert delte ut). Viss noko er gale i verda, eller ein sjølv har det dårleg, er det ofte lettare å tulle enn å gjere noko med problema. Det å faktisk måtte ta ting på alvor er ein aktivitet eg trur vi har godt av.
Etter at eg gjekk ut av klasserommet, merka eg at eg hadde blitt inspirert i mi eiga jakt etter kreativ skriveevne. Det å lære å uttrykkje seg er noko eg trur er svært viktig, så eg kunne gjerne hatt noko liknande på min skule.
Det var ei fin oppleving, meir slikt, please!
Skriv deg på e-postlista
Naud lærer naken mann å måle
Eg får ei kløande kjensle av at nokon blir latterleggjort, men eg veit ikkje om det er målarane eller meg.
Sketsjen om herren Karina
"690 kroner?" ropte Karina inn i telefonen. "Ja, det var det eg betalte", svarte mannen i andre enden.