Kyrkjeklokka

Av Madina Darwazi
Skribent, freds- og kvinnerettsaktivist. Er frå Badakhshan, Afghanistan, og bur i Fjaler.

Publisert 06.01.2025

Eg ser ut,

inga stjerne dansar over himmelen,

alt er mørkt,

og vinterens duft har omfamna Dale.

Eg er ei kvinne som har blitt avvist,

avvist av hendingar frå eit anna land.

Her frigjort i ei lita bygd

friare i Dale sitt evige regn.

Her duftar det som paradis,

og med nynorske ord

syng eg ein song om kjærleik.

Her,

skremmer ikkje klokkene frå kyrkja meg,

for dei ringer ikkje for døden.

For det er ikkje meininga at lyden av kyrkjeklokker

skal varsle ei avretting,

ikkje meininga at ei kvinne skal gravleggjast levande,

ikkje meininga at ei hand skal hoggast av.

Det er ikkje meininga at lyden av kyrkjeklokker

skal kviskre frykt i menneske sine hjarte.

Her, på Dale sitt høge fjell,

rører eg regnbogen,

eg løfter meg med havets små bølgjer.

Mellom trea lyttar eg til hemmelegheitene dei ber,

og frå smila til menneska her hentar eg håp.

Her duftar det som paradis.

Av Madina Darwazi
Skribent, freds- og kvinnerettsaktivist. Er frå Badakhshan, Afghanistan, og bur i Fjaler.
Publisert 06.01.2025

Madina Darwazi er freds- og kvinnerettsaktivist frå Afghanistan, som måtte flykte då Taliban tok makta i 2021. Nettavisa Zan Times skildrar Darwazi som ei av dei viktigaste røystene i Afghanistans kvinnerørsle. Ho kjempar for at kvinner i Afghanistan skal bli frie frå undertrykking og få tilgang til grunnleggande menneskerettar.

I tillegg til poesi har Darwazi mellom anna skrive ei bok om sine erfaringar frå eit valdeleg tvangsekteskap, som ho jobbar for å gi ut. Diktet "Kyrkjeklokka" (2024) har ho skrive på persisk og omsett til nynorsk.

Kven trur du at du er? (2/2024)

Tredje utgåve av Tidsskriftet Jaja har tema «Kven trur du at du er?». Utgåva handlar om dei forteljingane vi omgir oss med, medvite og umedvite, som enkeltpersonar og samfunn. Vi menneske fortel heile tida, i indre dialog, i draume, i samtalar, på mobilen, i klasserommet, på Dagsnytt 18, i forskingsrapportar, romanar, noveller, dikt og rundt bålpanna. Ved å fortelje skapar vi meining av livserfaringane våre. Samstundes set vi både i scene og avslører noko om kven vi trur vi er, som individ og fellesskap. Bidraga til utgåva blir publiserte frå november 24 til april 25.

ISSN 3084-1747 (digital utg.).

Heile utgåva finn du her.

Få varsel om nye tekstar.

Tora Hope

Fleire saker
Essay

Det heiter ikkje «vi» på Instagram

I researcharbeidet til denne teksten googla eg «komiker Bergen smerte samleie». Seier det noko om kor individfokusert samfunnet vårt har vorte?

For Elvira (Sarah Olaussen Eira) er det ei identitetskrise å finna ut at ho er 100 prosent samisk.
Melding

Biru Unjárga romantiserer bygda passe mykje

Etter å ha sett Føkkings Nesseby kan du i alle fall eitt bannord på samisk.