Skribent, freds- og kvinnerettsaktivist. Er frå Badakhshan, Afghanistan, og bur i Fjaler.
Madina Darwazi
Madina Darwazi er freds- og kvinnerettsaktivist frå Afghanistan, som måtte flykte då Taliban tok makta i 2021. Nettavisa Zan Times skildrar Darwazi som ei av dei viktigaste røystene i Afghanistans kvinnerørsle. Ho kjempar for at kvinner i Afghanistan skal bli frie frå undertrykking og få tilgang til grunnleggande menneskerettar.
I tillegg til poesi har Darwazi mellom anna skrive ei bok om sine erfaringar frå eit valdeleg tvangsekteskap, som ho jobbar for å gi ut. Diktet "Kyrkjeklokka" (2024) har ho skrive på persisk og omsett til nynorsk.