Foto: Odin Drønen/Forlaget Oktober

Camara får ikkje jobba utan andre, og andre får ikkje jobba utan ho

Å skape er eit krinsløp for Camara Lundestad Joof. Ho jobbar strukturelt for at fleire forteljingar skal få sleppe til, og på den måten får også ho skape i fred.

Av Ingrid Nedrebø
Musikar og kulturjournalist. Frå Straumsneset i Fjaler, bur i Trondheim.


Publisert 05.06.2024
Sist oppdatert 05.06.2024

Skaparkraft

Det er fort gjort å bli sitjande fast i ein evig idefase. I spalta “Skaparkraft” spør vi forteljekunstnarar om deira metode for å skape det dei drøymer om, vere seg ei bok, eit teaterstykke eller ein grønsakhage.

Om Camara Lundestad Joof

  • Norsk-gambisk forfattar, scenekunstnar og dramatikar. Rådsmedlem i Kulturrådet og leiar for fagleg utvalg for scenekunst.
  • Er ei tydeleg stemme i det offentlege ordskiftet om tema som rasisme, feminisme og identitet.
  • Debuterte med boka “Eg snakkar om det heile tida” i 2018 og vann Heddaprisen for teaterstykket “De må føde oss eller pule oss for å elske oss” i 2021. Teaterstykka hennar har blitt sette opp i Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland og Italia.
  • Sidan 2021 har ho vore husdramatikar på Nationaltheateret. Ho er påtroppande kunstnerisk leiar ved Dramatikkens hus i Oslo, der ho tiltrer 1. august.

Dette intervjuet vart gjort før Camara fekk stillinga som kunstnarisk leiar ved Dramatikkens hus.

Kvifor er mangfald i kultursektoren viktig for di skaparkraft?

Vi snakkar ofte om mangfald og representasjon, men vi snakkar sjeldan om strukturelt mangfald.

Som dramatikar og forfattar tenker eg ofte på dette, for det er lite fokus på korleis historiene vert tekne i mot, til dømes i eit forlag. Der blir ein i alle ledda av alle avgjerslene som forlaget skal ta om eit verk, møtt av ei homogen gruppe. 

Du blir kanskje lesen og får råd frå nokon som gjennom din tekst oppdagar noko for første gong. Men kva om eg ikkje skriv ein tekst for nokon som oppdagar noko for første gong, kva om eg skriv for nokon som har levd med dette heile livet?

Kva skjer då med den kunstnariske rådgivingsprosessen? Kva blikk skal hjelpe deg med å forløyse ditt verk? Slike ting kan gjere det mindre interessant for meg å fortelje ei historie.

Det er ei stor strukturell barriere for å få folk til å ville jobbe med dette eller ønske å dedikere livet sitt til å fortelje ei historie, at ein ikkje vert tekne imot i prosessen. Så korleis kan vi syte for at heile krinssløpet rundt historieforteljing er på plass?

Kvifor må mangfaldige forteljingar sleppe til?

Mangfaldet i perspektiv er heilt essensielt for at vi skal kunne forstå oss sjølve, men også utvikle oss.

Men eg trur det er misforstått kvifor desse historiene skal forteljast og kven dei blir fortalt for. Eg synest det er kjempeviktig at ein svart gut kan sjå seg sjølv reflektert i heltane sine. Det opnar draumelivet, for kva du kan bli og kva du kan gjere.

«Det minoriteten har, som majoriteten ikkje får, er høvet til å spegle seg i det som er langt frå ein sjølv.»

– Camara Lundestad Joof

Nokon har vakse opp og kontinuerleg sett seg sjølv reflektert i alt rundt seg. Men det minoriteten har, som majoriteten ikkje får, er høvet til å spegle seg i det som er langt frå ein sjølv. Det gjer at fantasien strekk seg. Og det fortener også alle å oppleve, det å lese om noko som er framand for ein sjølv og få tilgang til andre sine historier.

Vi treng alle historiene og alle må lese dei for sin eigen del. Så eg trur at alle forteljingar må få sleppe til, men at fleire må få fortelje dei.

Forteljingane vi manglar, ikkje dei ufortalte forteljingane, men dei sjeldne fortalte eller dei som er fortalte under nokon si definisjonsmakt, er dei vi må leite etter og legge til rette for.

Og her finst nok fleire blindsoner og derfor historier som vi ikkje veit at vi treng fordi vi ikkje kjenner til dei. Folk må få høve til å fortelje sjølv, men enkelte historier blir berre fortalt frå det eine perspektivet, eller ikkje blir fortalt i det heile, fordi kunst- og kultursektoren ikkje er laga for dei.

Kva ansvar har statlege kunst- og kulturinstitusjonar?

Å bli tatt med på teater som born gjer det meir sannsynleg at det bornet vil gå på teater som vaksen.

Men det er ikkje alle som har råd til å gå på teater eller kjenner seg velkomen i desse institusjonane, som skal vere allemannseige.

Allereie der har vi eit kjempeproblem.

Dei som ikkje kjenner seg velkomen fortener sine heilt eigne forteljingar og tilgang på institusjonar, og dei må få høve til å fortelje historiene sine sjølve.

«De kan ikkje spekulere i kva ei målgruppe vil ha. Det må målgruppa fortelje dykk.»

– Camara Lundestad Joof

Er det difor du var med å skape eit gratis teatertilbod og møtestad for ungdom i Oslo?

Då eg flytta til hovudstaden på vidaregåande blei det fort tydeleg for meg at kultursektoren ikkje var ein stad som var laga for meg. Eg såg panel på panel med kvite folk som prata om minoritetsungdom som om det var ei mytisk gruppe.

Eg vart invitert med på eit informasjonsmøte om korleis ein skulle bygge opp Den mangfaldige scenen. Eg var nitten år, gjekk på vidaregåande og sat i salen og tenkte: “De startar på feil stad! De snakkar om oss, men kvifor er det ingen andre ungdommar her? De kan ikkje spekulere i kva ei målgruppe vil ha. Det må målgruppa fortelje dykk”.

Eg kom med nokre forslag, og eitt av dei var at det måtte vere gratis å delta. Så takka eg for meg og gjekk tilbake til skulebenken (eg hadde skulka to timar). Veka etter fekk eg ein telefon frå prosjektleiar Liv Hege Skagestad, som sa: “Den jobben du skisserte opp - vil du ha den?”.

Så laga ho den stillinga til meg og eg vart ungdomsteatersjef medan Liv Hege var vaksenteatersjef. Eg er så takksam for evna ho hadde til å ta meg imot.

Den mangfaldige scenen er eit resultat av å ha sparka inn ein del dører og hamra på litt fleire. Men også av å bli sett av ein vaksen som opna døra og sa: “Kom inn, vi gjer dette saman”.

«Mine verk kan ikkje eksistere innanfor dei strukturane slik dei ser ut no, utan at det krev ekstremt mykje arbeid av meg kvar gong eg lagar noko.»

– Camara Lundestad Joof

Den mangfaldige scenen har resultert i at tusenvis av born har fått eit gratis scenekunsttilbod der dei har fått lov til å bruke stemmene sine, kroppen sin, uttrykket sitt, og blitt tatt på alvor av kompetente kunstnarar.

Ungdommane tek med seg at det dei har å komme med har ein verdi. Det er den aller største suksessen.

Så kva likar du best, å skape sjølv eller legge til rette for andre?

For meg er desse heilt umoglege å skilje frå kvarandre.

Eg jobbar med strukturane, eg jobbar med kulturpolitikk og eg jobbar med det institusjonelle i kulturfeltet. Det gjer eg ikkje berre for å legge til rette for andre, men også for å legge til rette for meg sjølv.

Mine verk kan ikkje eksistere innanfor dei strukturane slik dei ser ut no, utan at det krev ekstremt mykje arbeid av meg kvar gong eg lagar noko. Det at fleire pushar dei grensene, gjer meg til ein betre kunstnar.

Eg gjer det for meg sjølv som publikummar og for alle dei små borna som veks opp, men også fordi eg vil vere til stades i romma det skjer. Eg vil sjå eit teaterstykke skrive av deg, eg vil at desse tinga skal eksistere fordi eg vil oppleve dei. og det må vi legge til rette for.

Så ein kan seie at eg legg til rette for andre, men det er drive av min eigen kunstnariske ambisjon, så eg kan få skape i fred.

Det er som at det eine ikkje kan eksistere utan det andre: Eg får ikkje jobba utan andre, og da må eg òg jobbe for at andre skal få jobba.

Fleire saker
Heidi Hattestein har marsjert åleine frå Naustdal til Vevring, i protest mot gruvedumping i Førdefjorden. I dette personlege essayet reflekterer ho over lengselen etter å bli høyrt.
Essay

Viss ingen har høyrt meg rope «NEI!», har eg då protestert?

Eit personleg essay om å gå to mil og nesten ein kilometer i protest mot at Nordic Mining ASA får dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Havgudinna Mami Wata vernar mødrer og born, og speler mange roller i vest-afrikanske forteljingar. Ho er framstilt på ulike måtar, og i nokre, som denne, ber ho fleire slangar som glir rundt kroppen.
Essay

Å fortelje er å føre vidare

… og med kvar attforteljing vert mytar, viser og eventyr nye. I vår ghanesisk-britisk-norske familie har folkeeventyr vore ein måte å finne likskapane mellom dei ulike kulturane vi kjenner oss heime i.

Essay

Det guddomlege forteljetalentet

I antikkens tid var talent ei mynteining - altså noko lite i lomma, som kan føre til store ting.