Oddvar Torsheim: Brudefærden i Hardanger III, 2019 © Oddvar Torsheim/BONO

Bygdeforteljingar i fire kategoriar

Ein diskuterande tekst om distriktspolitisk debatt: Korleis kan vi på bygda snakke om oss sjølve utan å samtidig sette oss i bås?

Av Siri Helle
Skribent, forfattar, utdanna agronom og snikkarassistent. Bur i Holmedal i Sunnfjord.


Publisert 26.08.2023
Sist oppdatert 05.09.2023
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for haldningane til skribenten.

“Det er den verste regjeringen for norske distrikter noen gang”, sa FrP-leiar Sylvi Listhaug i sesongens fyrste valkampdebatt på VGTV - og sikta altså til regjeringa Støre/Vedum. 

Men skal tru om Listhaug - og vi andre - klarar å hugse attende til korleis den distriktspolitiske debatten gjekk for fem og eit halvt år sidan?

Ja, eg veit – det følest lenge sidan, som ei anna tid (og det er det jo på mange måtar), men eg lovar at vi ikkje skal vere der lenge – vi skal sjå framover aldeles straks, men fyrst må vi altså få med oss eit poeng frå historia.

23. januar 2018 skreiv nemleg Listhaugs partikollega - dåverande samferdsleminister Kjetil Solvik Olsen (FrP) - eit innlegg i Dagbladet med tittelen «Tidenes dårligste motivator for distriktene». 

Personen han sikta til, var Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, og Olsen sparar ikkje på krutet i brødteksten heller: «Den største trusselen mot levende distrikt er Senterpartiets nedrakking på alt som skjer i distrikts-Norge. Når man hører Sp snakke, så virker det som lysene slukkes og flytteboksene pakkes i hus og fabrikker over hele landet.»

«Kan vi fortelje historia om ei livsform i trøbbel utan å øydelegge den same livsforma med negativitet og svartmaling?»

– Siri Helle

Vedum er ikkje mindre hardtslåande i sitt svar ei vekes tid seinare, der han mellom anna skuldar Olsen for å syne ein «blindhet for de politiske realiteter som kan minne om en nordkoreansk nyhetsoppleser».

Vidare i innlegga sine er dei båe meir føreseielege: Olsen ramsar opp alt som har gått bra i Distrikts-Noreg under regjeringa han sat i (Solberg I), medan Vedum listar opp alt som har gått dårleg og som dei kunne gjort betre om Senterpartiet var i regjering.

Det er ikkje like spanande.

Å diskutere ei livsform i trøbbel

Det som er spanande med denne ordvekslinga, er utgangspunktet – for det er sjangerovergripande (vi høyrer det same argumentet mellom anna brukt om rekruttering til landbruksnæringa, til lærar- og sjukepleiaryrket): 

Kan vi fortelje historia om ei livsform i trøbbel utan å øydelegge den same livsforma med negativitet og svartmaling?

I meg løyser dette spørsmålet ut ei rekke oppfylgingsspørsmål: Kva historier vert eigentleg fortalt om livet på bygda? Er det dei sanne historiene? Er det nokon der ute som prøver å svartmåle oss – eller bruke oss som gallionsfigurar for seg sjølve? 

Og kva med våre eigne historier - held vi noko attende? Kva då, i så fall – og kvifor? Er det nettopp ut ifrå eit ynske om å ikkje svartmåle – eller rosemålar vi fordi vi ikkje tør å gå inn i det som er vanskeleg?

«Og kva med våre eigne historier - held vi noko attende?»

– Siri Helle

Om vi skal sjå litt overordna på denne problemstillinga kan vi dele forteljingane frå bygda inn i fire kategoriar, som endåtil kan få plass i fylgjande skjema:

Fire kategoriar av historier frå bygda

Sanne

Usanne

Positive

Negative

Det er enkelt å sjå føre seg at alle vil vere i den sanne kategorien, medan ein gjerne puttar folk ein er usamde med i den usanne – samt at dei positive historiene handlar om folketalsauke og nye arbeidsplassar, medan i dei negative er bygdene fødemaskiner for byane.

Men er det eigentleg så enkelt?

Ei sann historie vert utfordra

Lat oss starte med ei sann historie: folketalet går nedover i mange bygdesamfunn og kommunar, og i så å seie alle vert folket eldre og eldre. Så langt kan ingen nekte for at dette er røyndommen. Men er det ei positiv eller ei negativ historie? Sei, det kjem an på auget som ser.

Den negative tolkinga av ei slik historie ville handle om at Bygde-Noreg kjem til å forgubbast og etter kvart døy ut. 

Dette var ei av historiene demografiutvalet fekk servert som utgangspunkt frå ei regjering som sette dei ned for å «utrede konsekvensene av demografiutfordringer i distriktene». Utgreiinga vart lagt fram tidleg i 2021, men vart langt frå den gravferdsførebuinga mange nok hadde sett føre seg. 

Snarare tvert om: NOU 2020:15 «Det handler om Norge», er utan tvil den mest lesverdige NOU-en eg har vore borti – både fordi han nektar å gje opp, og tidleg slår fast at «Norge vil ha en betydelig befolkning bosatt i distriktskommuner i overskuelig framtid. Utfordringene med spredt bosetting vil fortsatt eksistere, distriktene blir ikke avfolket». 

Og at vi for å gjere dei – distrikta altså – best mogleg – kanskje aller fyrst må lære oss å leve med at dei er best når dei er det dei er tenkt å vere – små: «Når vekst vektlegges på denne måten i distrikts- og regionalpolitikken, blir vekst også en målestokk for vellykkethet og status. Samtidig ser vi at nedgang i folketallet generelt ikke har gitt dårlige levekår i distriktskommuner.»

«Demografiutvalet er forresten ikkje heilt sikre på at fråflyttinga dei komande åra kjem til å verte så stor som ho vert om vi berre framskriv tallinjer.»

– Siri Helle

Vips har manglande folketalsauke gått frå negativ boks, til i det minste å ha eitt bein også i positiv boks. Og demografiutvalet er forresten ikkje heilt sikre på at fråflyttinga dei komande åra kjem til å verte så stor som ho vert om vi berre framskriv tallinjer. 

For vi vert eldre, vi som bur i bygdene, og eldre menneske flyttar mindre på seg enn yngre menneske. Altså inga permanent løysing på problemet, men kanskje kan tala i det minste verte sjåande litt penare ut nokre år framover - medan vi pønskar vidare på kva vi skal gjere med desse folketala våre.

Eg må ikkje vere samd likevel

Eg trur at mange av historiene om og frå bygda er slik: Dei høyrer heime fleire stader. I samband med at eg hadde gjeve ut ei bok om å flytte heim til heimbygda mi, Holmedal, skulle eg intervjuast på Studio 2 på P2. 

«Jau, sjølvsagt er det færre stillingar å søke på her ute. Men må eg seie meg samd likevel?»

– Siri Helle

Dagen før sending hadde programleiaren Jostein Gjertsen og eg ein førebuande prat, der Gjertsen mellom anna spurde meg om det fylgjande – og akkurat slik: «Du må då i det minste vere samd i at arbeidsmarknaden er trongare på bygda enn i byane?». 

Eg tenkte meg om. Jau, sjølvsagt er det færre stillingar å søke på her ute. Men må eg seie meg samd likevel?

Eller er det ikkje fullt så enkelt? Der og då slo det meg: handlar ikkje dette om innstilling? 

Dersom du har utdanna deg til teaterregissør fordi du vil jobbe på Det Norske Teateret, så må du sjølvsagt bu i Oslo. 

Men dersom du har utdanna deg til teaterregissør fordi du til dømes kan tenkje deg å jobbe med teater på nynorsk, så trur eg forsyne meg at du i det minste får nesten like mange regissør-kollegaer her eg bur, ved Dalsfjorden, som du gjer i Oslo. 

Eg kjenner meg i alle høve ganske trygg på at regissørtettleiken er høgare her, kor vi har internasjonal teaterfestival og institusjonsteater og mange frilansande teatermenneske.


«Det kan vere draumen din ser litt annleis ut om han skal realiserast her i Holmedal eller ei anna bygd.»

– Siri Helle

Mekanikarproblemet

Med andre ord: Det kan vere draumen din ser litt annleis ut om han skal realiserast her i Holmedal eller ei anna bygd, enn om han skal målast ut i hovudstaden. Det skulle nesten berre mangle.

Og kva med tilgang på arbeidskraft?

Det er ikkje så lett for bilverkstaden her i kommunen når ein av mekanikarane deira vert langtidssjukmeld – for det er ikkje berre å tilsette ein vikar. 

Hen finst nemleg ikkje – det er truleg ikkje ein einaste arbeidsledig bilmekanikar i heile kommunen.

Men er dette eit typisk distriktsproblem? Ifylgje NAV var det 725 heilt arbeidsledige mekanikarar i heile Noreg i 2019 (årstal valt for å unngå covid) – om lag like mange som det var heilt arbeidsledige toppleiarar og politikarar. 

Altså kan ting tyde på at utfordringa her ikkje er at bilmekanikarar ikkje vil bu på bygda – men at folk ikkje vil utdanne seg til bilmekanikarar. 

Då er det jo det problemet vi må løyse – og det er langt frå eit bygdeproblem: Andre tal syner nemleg at bygdeungdom er flinkare til å velje yrkesfag enn byungdom, og også at ungdom som kjem seg fort i jobb i større grad buset seg utanfor byane enn dei som hamnar inn i lenger utdanningsløp.

Så manglar både byar og bygder arbeidskraft som krev monaleg lenger utdanningsløp - til dømes legar, anna helsepersonell og lærarar. 

Personell som stort sett tek utdanninga si i byar. Utdanningar som kan ta så lang tid at studentane har fått både born og bustadlån før studietida er over. Er det då rart at mange vel å bli verande der dei er?

Merkelappar som tillegg for mykje

Ein merkelapp som ofte vert brukt – meir eller mindre medvite – om oss som bur på bygda, er den som vart skapt av den britiske sosiologen og forfattaren David Goodhart i boka The Road to Somewhere: The New Tribes Shaping British Politics (2017). 

«Det har vorte gamaldags å knyte seg til ein stad.»

– Siri Helle

Her deler han folk inn i to kategoriar: Goodhart skil mellom anywheres utan stadbunden identitet, men med eit liberalt og globalisert verdsbilete, og somewheres som framleis klamrar seg til ein – for anywhere-menneska som styrer verda – utdatert stad- og/eller gruppeidentitet.

Det har vorte gamaldags å knyte seg til ein stad. Moderne menneske er flytande, alltid i rørsle, tilpassar seg nye sanningar, og ser ned på oss som trur at det som allereie er og fungerer, kan vere ein god ide å halde på.

Eg aksepterer likevel ikkje premisset til Goodhart når han hevdar at somewheres, fordi dei vil halde på sitt eige, er grunnleggande skeptiske til alt anna – som til dømes innvandring.

Statistisk sentralbyrå kartlegg kvart år haldninga vi nordmenn har til innvandrarar - og kvart år finn dei at skepsisen er større i “spredtbygde områder” (bygda) enn i “tettbygde områder” (byen).

Til dømes er det i år 72 prosent av bygderespondentane som er samde i at innvandrarar er “en berikelse for det kulturelle livet i Norge”, medan talet i dei største byane (over 100 000 innbyggarar) er 86 prosent.

Men SSB skriv også at mange av desse signifikante skilnadane forsvinn når dei korrigerer for utdanningsnivå og tal på kontaktarenaer med innvandrarar: “de som bor i de største tettbygde områdene er signifikant mer positive til et flerkulturelt samfunn, sammenlignet med dem som bor i spredtbygde strøk.

«Kanskje er vi på bygda ikkje så annleis frå alle andre likevel.»

– Siri Helle

Det slutter imidlertid å være signifikant når både utdanningsnivå og kontaktarenaer tas med som forklaringsfaktorer, som tyder på at bostedsstrøk i seg selv ikke forklarer forskjellene, men at utdanningsnivå og kontaktarenaer har stor betydning for holdninger til innvandrere”, står det i rapporten Holdninger til innvandrere og innvandring 2023.

Kanskje er vi på bygda ikkje så annleis frå alle andre likevel: det vi kjenner godt, er vi trygge på, medan det vi vert mindre eksponerte for, synest vi er skummelt.

Sjølvsagt skal vi ikkje seie oss nøgde med desse tala, og konstant jobbe for betra haldningar i miljøa rundt oss - men funna til SSB kan tyde på at det heller ikkje her er busettingsmønsteret i seg sjølv som er problemet.

Det er nok ikkje enten-eller (her heller)

I ein tekst i Dagens Perspektiv 31. mai 2019 om nett dette temaet, omtalar kommentator og politisk analytikar Aslak Bonde somewheres som ei «gruppe som føler seg låst til det stedet der de alltid har vært, og som føler at deres posisjon på alle målestokker er tilbakestående». 

Han held fram: «I Norge er distriktspolitikk også et viktig element når man skal se på hvem som oppfatter seg som anywhere-mennesker, og hvem som føler at de har mistet alle muligheter».

«Kva med oss som slett ikkje kjenner oss som hindringar for framsteget?»

– Siri Helle

Enten er du ein urban anywhere, eller så har du mista alle sjansar. Er det slik?

Kva med oss som rett og slett er stolte av staden vi kjem frå og staden vi bur på? 

Og som slett ikkje kjenner oss att som opphavet til høgrepopulisme eller netthets eller, for den saks skuld, som hindringar for framsteget?

Eg har vore anywhere brorparten av livet. Alltid på flyttefot, styrt av ideologi og moglegheit. 

Då eg var anywhere, meinte eg at alle var like mykje verde, at mangfald gjorde alt meir spanande, og eg hadde meir tru på solidaritet enn på bistand. 

Det har eg framleis. Eg har ikkje sett ein einaste grunn til å endre på noko av dette. Det einaste eg har gjort, er å slå meg til ro ein stad – og byrje å bry meg om denne staden. 

David Goodhart ville kanskje kalle det ei omvend klassereise: frå byen til bygda, frå anywhere til somewhere.

Høg kompleksitet per innbyggar

Om vi skal prøve å runde av på ein aldri så lite samlande måte her:

Vi kan aldri late Ketil Solvik Olsen få rett i at ein ikkje kan peike på manglar ved eit samfunn utan å grave grava til det same samfunnet. Men samstundes kan vi ikkje late Senterpartiet få automatisk einerett på god distriktspolitikk berre fordi det per definisjon er bygdepartiet.

Kanskje må vi rett og slett krevje å få fortelje like komplekse, mangfaldige og vanskeleg definerbare historier som samfunn med høgare innbyggartal får sleppe fram med.

For det er ingen grunn til å tru at samfunn som er mindre i storleik, er mindre samansette. 

Svært få av oss får, i røynda, plass i berre ein av fire boksar.

Delar av denne teksten er henta frå boka "Trollefossvegen 23”.

«Kanskje må vi rett og slett krevje å få fortelje like komplekse, mangfaldige og vanskeleg definerbare historier som samfunn med høgare innbyggartal får sleppe fram med.»

– Siri Helle

Fleire saker
Gardbrukar Gunnar Andreas Søgnen og barnebarnet Dina Søgnen, på garden "Sygnehåjen". Der har dei begge vakse opp, men i to relativt ulike tider. No går Dina på vidaregåande skule og har intervjua Gunnar om klimaendringar.
Essay

«Vi har jo sett heile reisa»

HISTORIER OM KLIMA OG ÅRSTIDER: Kva røynsler har besteforeldregenerasjonen med lokale endringar i årstider og vêr? Heng dei i hop med dei store klimaendringane på planeten? Ungdomar frå Dale vidaregåande skule spør besteforeldre og kjende for å få svar.

Leiar

Lenge leve lengten

Lengten er ein streng frå menneska til tida. Du finn den i tidsskrifta.

Leiar

Tidsskrift, bygdeblikk og to forløysande små ord

Forløysing er tema for denne aller første utgåva av Jakob Sande – senter for forteljekunst sitt nye tidsskrift om og med forteljekunst.