
Papirutgåve: Ting som tause forteljarar
Kva kjem tinga våre til å fortelje om oss og tida vi lever i?
8. august 2025 kjem den første trykte utgåva av Tidsskriftet Jaja: Ting som tause forteljarar (2/2025).
Utgåva får du kjøpt på nett og i butikk hos Tekstallmenningen i Bergen og i Gamle skulehuset hos Jakob Sande - senter for forteljekunst i Fjaler.
I ulike sjangrar utforskar bidragsytarane kva tinga våre fortel om oss og tida vi lever i. I tillegg finn du stoff om skriftleg og munnleg forteljekunst.
Bidragsytarar:
- Tora Hope (red.)
- Monica Goksøyr
- Robin Van de Walle
- E.V. Crowe & Erik Hovland
- Siri Helle
- Eli Fossdal Vaage
- Brynjulf Jung Tjønn
- Janne Karin Støylen
- Rakeb Erana
- Dubie Toa-Kwapong
- Gunnstein Akselberg
- Heidi Hattestein
- Marjam Idriss
- Benedicte Sundsbø og Maja Raaen Hisdal
- Lea Widding Bakken
- Robert Haugen
- Sivert N. Nesbø
- Ruth Lillegraven
- Elise R. Eikevik
- Eva Meier
- Signe Wohlfeil
Jaja + SKROT = sant
Vi presenterer også Jaja + SKROT = sant, der tekstkollektivet SKROT har fått ti sider til å rå med som dei vil, med redaktørane Vilja Antonsen, Emma Eggen, Algot Jennhag, Helle Linderud, Vilde Paasche & Sarah Safavifard.
Med tekstar frå Vilma Wirenhed, Johanne Magnus, Mina Hussain, Silje Ramnefjell Schousboe, Synne Gulliksen og Ea Danielsen.
Omslag og design: Maria Astrup