Forfattar og dramatikar. Frå Feios i Sogn og Fjordane, og busett i Oslo.

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er frå Feios i Sogn og Fjordane, men busett i Oslo. Han er forfattar, dramatikar og leiar i Den norske Forfatterforening. Tjønn har tidlegare vunne Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er og P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige

For diktsamlinga Kvit, norsk mann blei tildelt både Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.

Foto: Maria Kleppe Vihovde/Cappelen Damm

Maria Kleppe Vihovde/Cappelen Damm

Saker av Brynjulf Jung Tjønn
Novelle

Kinesaren

I det vesle stabburet på tunet låg papa og jamra. Den store papaen hadde lege der og jamra i fleire veker. Han visste det ikkje sjølv, kor sytete han var, men i den vesle senga i det vesle stabburet låg den store papaen og var som eit barn.