
Illustrasjon: Signe Wohlfeil
Det heiter ikkje «vi» på Instagram
I researcharbeidet til denne teksten googla eg «komiker Bergen smerte samleie». Seier det noko om kor individfokusert samfunnet vårt har vorte?
«Ingen kommer undan politiken» sang svenske Marie Bergman i 1976, i ei omsetjing av låten til den fransk-kanadiske artisten Anna McGarrigle, og fekk heilt fortent ein stor hit med bodskapet om at det private er politisk. Sjølv frå bakom haugane av klesvask, bleieskift og fabrikkjobben bryr vi oss – Inte ger man fan i politiken / fast man er trött varenda kväll – for vi er alle underlagt dei politiske realitetane.
Sidan den gong har det skjedd massevis av greier. Ja, vi kan endå til seie at samfunnet er snudd omtrent på hovudet. Lat meg gje eit døme: Den 25. oktober 1876 var hovudoverskrifta i Verdens Gang, i tillegg til ei feiring av at Brann vann over Sogndal i fotballcupen (men Sogndal vann hjartet til folket), at «Mange må dø for freden i Belfast». 48 år seinare er forsida «Stor guide til lån som pensjonist» - tett fulgt av korleis Aslak Maurstad (32) var fast gjest på sjukehuset fram til han «tok grep».
Frå felles kamp for fred i eit land – til korleis du kan hente ut dine økonomiske fordelar frå fellesskapet. Kva ville Marie Bergman og Anna McGarrigle sagt til dette? Står bodskapet deira seg i det heile – eller er det på tide å snu han på hovudet: Har vi i dag ein røyndom kor alt i staden byrjar med individet? Kor vi forventar at dei politiske realitetane skal underlegge seg oss, i staden for omvendt? Og om så, er det sunt?
Vaginisme
Lat oss gå attende til ingressen denne teksten har fått, som sjølvsagt syner til at komikaren Maria Stavang (som eg ikkje hugsa namnet på nett då) for ei tid attende fekk mykje merksemd for å stå fram og fortelje at ho har vaginisme (ein sjukdom eg heller ikkje hugsa namnet på, men visste gjev ubehagelege til svært smertefull spasmer i bekkenet, særleg under samleie).
Det går jo ikkje an å seie at Maria Stavang gjer noko gale – for sjølv om ho sikkert på eitt eller anna nivå tener på eksponeringa, er det liten tvil om at ho òg bidrog til å løfte fram eit problem det garantert er for lite merksemd kring både i media og ikkje minst i helsevesenet. Er det då media som gjer noko gale? Nei, av nøyaktig same årsaker går det heller ikkje an å kritisere media som skreiv om saka.
Så kva er problemet? For meg er det noko med føresetnaden.
Case-journalistikken
Skal du som journalist sette lys på ei problemstilling i samfunnet i dag, må du ha eit enkeltmenneske til å fronte saka. Det er slik det er: Skal du skrive ei sak om statsbudsjettet – finn eit andlet som kan fortelje om korleis dei enten vinn eller taper på endringane. Ei sak om kutt hjå Helse Vest – ein person som ikkje får si helsetrong dekt. Nye kosthaldsråd kan til dømes dekkast med eit menneske som ikkje har råd til å kjøpe så mykje fisk som nyråda krev. Å putte sitt eige andlet i kamera er regel nummer éin for høg aktivitet på instagramstoryen din.
Dette er ikkje heilt nytt. Då eg var temmeleg fersk journalist, hamna eg midt oppi brannen i trehusbygnaden i Lærdal i 2014. Eg trykte meg så nærme opp i dei råka som eg våga, og syntest eg fekk gjort nokre gode intervju, men våga ikkje presse så hardt på å fotografere dei meir eller mindre sjokkerte menneska. Det førte til at berre eit fåtal av intervjua kom på trykk. Ikkje noko andlet – ikkje noka sak.
Eg er ein elefant i glashus
I dag skjønar eg betre at det er slik. Ja, eg har endåtil skrive ikkje éi, men to bøker kor eg brukar meg sjølv, min eigen kropp, mitt liv og min eigen familie som utgangspunkt. Men sjølv om Med berre nevane og Trollefossvegen 23 er å finne i sakprosa-avdelinga på eitt og anna bibliotek, står dei ikkje i hylla for biografiar – nei, Nasjonalbiblioteket har plassert dei under høvesvis Teknologi (anvendt vitskap) og Samfunnsvitskap.
For også i sakprosalitteraturen har det vorte slik at du om ikkje må, så i det minste helst bør, ha ein personleg inngang til saka du vil fortelje om. Slik Morten Strøksnes jakta håkjerring for å fortelje historia om havet i Havboka, og Anne Sverdrup Thygeson brukar floraen til tippoldefaren sin som utgangspunkt for å fortelje om Skogen, for å ta to Brageprisnominerte døme.
Men det betyr ikkje at eg synest dette er noka god utvikling.
Skattepolitikken
For kvifor er unge no meir uroa for auka prisar enn trøbbel med miljø og velferd eller krig i verda? Kvifor hadde mellom 18 og 34 prosent av veljarane skattar og avgifter som si viktigaste valsak på 2000-talet, medan seks og åtte prosent hadde det på topp dei to tiåra forut?
Har det noko med at vi stadig, jamt og trutt og heile tida, får høyre at det er eg eller du som er ikkje berre viktigast, men sjølve utgangspunktet, starten, senteret og slutten for det aller meste som skjer i verda?
Ok, eg set røyndommen litt på spissen her no. Likevel trur eg du skjønar kva eg meiner: Eg trur vi kunne trenge å sette politikken, samfunnet og heilskapen litt meir i førarsetet igjen. Og for å få til det, kan det hende det private må vere litt mindre politisk. Kanskje treng vi, i dag, mindre Marie Bergman og meir Halldis Moren Vesaas: Diktet er skrive under andre verdskrigen, openbart ei anna tung tid - truleg tyngre enn vår eiga. Likevel har vi kanskje meir å tape på å gå inn i framtida vår med Eg-fana vaiande frå den høgste flaggstonga, medan Vi-flagget berre får vere med som ei forlenging – brukt om Eg har noko å tene på det.
Kanskje kan vår veksande interesse for skattar og avgifter forklarast med dyrtida. Det svaret er likevel ikkje noka naturlov: Vi kan møte tunge tider med å sette meg sjølv fyrst - eller vi kan møte det med fellesskap og samhald. Men skal vi klare sistnemnde, er vi avhengige av å få sjå at slikt finst.
Eit lesefellesskap til slutt
Slike saker finst, dei òg. Eit bittelite, men rørande vakkert døme er bassenghuset som opna på Noregs vestlegaste fiskevær, Bulandet, tidlegare i år. Sjølv om eldsjeler vert trekt fram i opnings-saka til regionavisa Firda, er det både fyrst og sist ei feiring av kva vi får til saman om vi ikkje gjev opp: Det tok 57 år og over 15 000 dugnadstimar å få på plass eit basseng i øysamfunnet der altfor få kunne symje. Då skulle det nesten berre mangle at overskrifta på saka er “Her er beviset på at øyfolk aldri gir opp”, men lat oss no feire det litt likevel.
Kven trur du at du er? spør Tidsskriftet Jaja i denne utgåva. Det er eit godt spørsmål – men og eitt som kan gje mange masete og egosentrerte svar. Best saman med andre, skulle eg ynskje eg kunne svare. Men eg vil ikkje sette meg på nokon høg hest og kaste stein i glashuset. Eg er ikkje noko mindre oppteken av meg sjølv enn nokon andre.
Eg skulle likevel ynskje vi – det må vel skje kvar og ein, men vi kan gjere det for fellesskapet – tok oss tid til å lese og ta inn over oss heile Halldis Moren Vesaas’ Tung tids tale jamleg - kanskje for kvart tusende Instagram-innlegg og kvar tjuande Dagsrevyen-sending eller noko slikt – berre for å gje ei aldri så lita motvekt.
Vi kan byrje no:
Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!
Halldis Moren Vesaas, Tung tids tale (1945)
Kven trur du at du er?
Utgåve 3 av Tidsskriftet Jaja har tema «Kven trur du at du er?». Utgåva handlar om dei forteljingane vi omgir oss med, medvite og umedvite, som enkeltpersonar og samfunn. Bidraga til utgåva blir publisert frå november 24 til februar 25.
Biru Unjárga romantiserer bygda passe mykje
Etter å ha sett Føkkings Nesseby kan du i alle fall eitt bannord på samisk.